Lasse Trædal

Lasse Torkjellson Trædal (fødd 20. desember 1857 i Lavik, død same stad 14. oktober 1924) var lærar, folkehøgskulemann, målmann, skyttarlagsmann og Venstre-politikar.

Lasse Trædal.

Unge år

Han voks opp på garden Trædal i Lavik som son av gardbrukar Torkel Lasseson Trædal og Brita Torkelsdotter Østerbø.

Trædal gjekk Stord seminar (eksamen 1878) og var ein av dei mange som vart politisk forma av tida på skulen. Han vart rekneskapsførar i styret i det nyskipa mållaget ved skulen og ein av dei mest engasjerte målmennene.

Vinteren 1878-79 byrja han på eit 13-årig arbeid i folkehøgskulen då han som 21-åring heldt eit folkehøgskulekurs i Brekke i Sogn. Våren 1879 heldt han folkehøgskule i Drangedal i Telemark, som går for å vere det fyrste kurset i landet der gutar og jenter gjekk saman. Vinteren 1879-80 gjekk Trædal så Askov folkehøjskole i Danmark.

Lærar i Eid

I 1879 (eller 1880) flytte Trædal til Eid. I åra 1881-83 hadde han eit vikariat som lærar og kyrkjesongar for Klaus Jørgen Langeland. Men då Langeland døydde i 1883, vart Martinus Syltevik tilsett i posten.

På Eid engasjerte han seg politisk, og han var med og skipa ordskiftelaget Eids folkesamlag. Sokneprest i Eid var grundtvigianaren Wilhelm Andreas Wexelsen, og Eid danna i desse åra eit sentrum for den radikale fløya i Venstre i amtet. Trædal gifte seg seinare med prestedottera Ingeborg Wexelsen som hadde gått Vonheim folkehøgskule i 1880.

I tida på Eid var han med og skipa til det fyrste store folkemøtet i Nordre Bergenhus i Holmedal i 1880 og det fyrste store politiske folkemøtet i 1882 i Førde, og han heldt føredrag på båe. Han var òg med og skipa Firda og Sygnafylkets Folkevæpningssamlag i Eid 1. november 1882 der han var formann fram til 1884. På Eid var han òg mellom dei fyrste som arbeidde for målsaka, og i 1882 deltok han på det viktige lærarkurset i landsmål ved Sogndal folkehøgskule.

Trædal hadde byrja å skrive i Fjordenes Blad (skipa 1874 av Otto Blehr) alt medan han gjekk på Stord, og i åra på Eid vart han fast medarbeidar. Han braut med bladet i 1885 då Martinus Syltevik gjorde det til organ for Moderate Venstre.

Folkehøgskule i Østfold, Oppdal og Ulvik

Ei tid i 1883 var Trædal lærar på ein privat folkehøgskule og jordbruksskule som Asbjørn Olavson dreiv på Lillestrøm, og i 1884 tok han over Alvheim folkehøgskule i Østfold. Skulen var skipa av Nicolai Julius Sørensen i 1878, og Trædal dreiv skulen i lag med Peder Velde til 1886. Deretter dreiv Trædal skulen åleine til 1888 då han vart lagt ned.

Svigerfaren Wilhelm Andreas Wexelsen hadde vorte sokneprest i Oppdal i 1884. Trædal gifte seg i Oppdal 15. september 1886 med Ingeborg Louise Hermana Wexelsen (1861-1939), og i 1888-89 heldt Trædal ein folkehøgskule her, truleg etter initiativ frå Wilhelm Wexelsen. Etter eit år i Oppdal drog han vidare til Ulvik i Hardanger der han òg styrte ein folkehøgskule (1889-91). Skulane i Oppdal og Ulvik eksisterte truleg berre den tida Trædal dreiv dei.

Gardbrukar og politikar i Lavik

Trædal var odelsgut og tok i mars 1891 tok han over farsgarden i Lavik. Han slutta no med skulearbeidet bortsett frå ein vinter som lærar på framhaldsskulen i Stryn 1894-95. I Lavik fekk Trædal raskt ein sentral posisjon i bygda. Han var skattekomissær 1892-94, medlem av kommunestyret frå 1894, ordførar 1905-1913 og direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1895-97 og seinare revisor for selskapet.

I Lavik var Trædal sentral i språkskiftet til nynorsk i kommuen, som valda lite strid. Han var formann i skulestyret då nynorsk vart innførd i skulane med skulestyrevedtak 31.12.1900, og han tok til å nytte nynorsk i saksførehavinga til skulestyret på same tid. Som nyvald ordførar tok han i februar 1905 til å føre møteboka for kommunestyret på nynorsk.

Han skreiv ein god del i aviser, som Firda- og Sygnafylkets avis (til 1893), Den 17de Mai og Verdens Gang. Han var ein mykje nytta talar, mellom anna var han på føredragsferd i Danmark og Sverige i 1889.

Stortingsrepresentant

Trædal hadde vore med på skipinga av Norges Venstreforening i Kristiania i 1884. Han vart vald til valmann i stortingsvala i 1891, 1897 og 1900. I 1897 var han ein av Venstre sine fem kandidatar under valforsamlinga, men Moderate Venstre hadde fleirtal i lag med Høgre. Under 1900-valet hadde derimot Venstre eit knapt fleirtal i valforsamlinga, og Trædal vart her vald til 2. representant frå amtet.

Etter omlegginga av valordninga kom han inn som representant for Ytre Sogn krins ved vala både i 1909 og 1912. Valet 1909 vart underkjent, så Trædal vart attvald ved eit omval i februar 1910 og møtte på Stortinget frå 28. februar. Han var medlem av protokollkomiteen og konstitusjonskomiteen dei fyrste periodane og nestleiar i kyrkjekomiteen 1913-15.

Frå han møtte i 1910, kravde Trædal å bli referert på nynorsk i Stortingstidende, og han skreiv sjølv om alle talane sine til nynorsk. Dette var med på å presse fram regelen om at representantane som ynskte det, frå 1913 kunne be om å bli refererte på nynorsk.

Da saka om oppretting av landsgymnasa vart handsama av Stortinget i 1911 og 1914, var Trædal ein forkjempar for det nye skuleslaget.

Trædal ivra sterkt for det som vart kalla Trædals-lina, ein vestlandsk stamjarnbane. Gjennom Sogn og Fjordane skulle lina i grove drag fylgje traseen som E39 fylgjer idag.

Trædal engasjerte seg òg sterkt i riksdebatten om konsesjonslovene for fossekrafta. Han hadde eit klart grunneigar-standpunkt og gjorde framlegg i Stortinget om reglar som hindra at nordmenn kjøpte fallrettar som stråmenn for utlendingar.

Born

Lasse og Ingeborg fekk borna:

  • Borghild Trædal g. Henden (1887-1972)
  • Gunvor Trædal g. Instefjord (1888-1986)
  • Ragni Trædal g. Dyrdal (1890-1964)
  • Tordis Trædal g. Kjerland (1892-1879)
  • Torkjell Trædal (1894-1974)
  • Vilhelm Andreas Wexelsen Trædal (1896-1986)
  • Signy Trædal g. Skaasheim (1898-1990)
  • Erling Trædal (1901-1924)
  • Lasse Trædal (1905-1988)
  • Einar Trædal (1909-1995)

Kjelder

Eksterne lenkjer