Leikangerkrusifikset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje. Foto: Jan Magne Borlaug Rinde

Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje.

Historikk

Det originale krusifikset er i Historisk Museum, Universitetet i Bergen, og er presentert i ei omfattande kyrkjekunstutstilling med kunstskattar frå bygdene langs Sognefjorden. Krusifikset som kunstuttrykk var ei tidleg framstilling i den angelsaksiske og nordisk-northumbriske kulturkretsen, skriv Harry Fett.

Stilarten er skildra som ei utvikling frå bysantinsk via italiensk kunst til ein angelsaksisk og nordisk-northumbrisk stilart som ein kan finne nokre få døme på. Leikangerkrusifikset er kategorisert i denne gruppa frå mellomalderen.

Eit krusifiks av Leikangertypen finst i Skien museum, i fylgje Fett. Skien museum som i dag er ein del av Telemark Museum, har truleg dette krusifikset i samlingane sine, datering på eit krusifiks der er antatt å vera frå 1200-talet. Bilete frå museet viser at denne skulpturen formmessing har likskap med Leikangerkrusifikset.

Harry Fett viser elles til eit arbeid med same krosstype i Exterstein ved Horn, Tyskland, som er tidfesta til 1115. Men der er krusifikset festa som eit relieff der skulpturen har hår, skjegg og lendeklede som truleg er identisk i uttrykksform med Leikangertypen. (Bode, 1887)

Utviklinga av kyrkjekunsten

Denne kunstforma var truleg eit sentralt ledd i kristningsprosessen. Etymologisk er ordet «krusifiks» latinsk og tyder "plastisk billedframstilling av Kristus på korset". Etter som trongen for kyrkjer oppstår utover mellomalderen er utsmykking som portalar, interiør og krusifiks eit uttrykk og formidling av bodskapen som stod sentralt i den katolske kristendommen. Det førte til at det særleg i byane Bergen, Oslo og Trondheim vaks fram ulike handverkslaug knytt til kyrkjene. Dei arbeidde til dømes med treskurd og måling etter maler eller «forlegg» som Brendalsmo kallar desse skissene. Handverkaren knytt til bispeseta hadde vanlegvis si opplæring i desse bymiljøa og gav gjerne kunstverka sitt individuelle preg. (Brendalsmo, Frøysaker, Jensenius, 2001)

I mellomalderen var sjøvegen sentral med Sognefjorden som samferdselsåre. Det kan kanskje vera ei medverkande årsak til den rike kyrkjekunsten langs fjorden som ein finn både i form av kyrkjebygg og dekor med basis i ein avansert treskurdtradisjon. Dette avspeglar seg i kyrkjekunstutstillinga ved Historisk Museum i Bergen. På Historisk Museum i Oslo er òg ein skulptur frå midtre Sogn, St. Olav frå Fresvik kyrkje er truleg frå 1200-talet.(Anker, 1981)

Den visualiserte framstillinga av bibelske motiv gjennom ornamentikk og skulptur var sentral, truleg fordi den allmenne lese- og skrivekunsten tilhøyrde samfunnseliten på denne tida. Dermed var ikonisk formidling viktig. Kyrkja si makt som samfunnsaktør stod sterkt utover mellomalderen, og kyrkjespråket var latin. (Anker, 1981) Bergens Kalvskinn er i så måte ei viktig kjelde som viser til Vestlandet som økonomisk og politisk sentrum i mellomalderen. (Johannessen, 2016) I Noreg utvikla den allmenne lese - og skrivedugleiken seg fyrst etter at konfirmasjonen vart innført i 1737, og med innføring av allmugeskulen frå 1739. (Thuen, 2004)

Kjeldetilfanget om krusifikset frå Rinde stavkyrkje

Historikken til Leikangerkrusifikset er skildra av antikvar N. Nicolaysen i Norske Fortidslevninger frå perioden 1862-1864: « Rinde el. Fedjos. Kirken er af stavverk i form af en aflang firkant med et taarn eller støpel imod vest. Paa støpelens loft henlaa i 1861 et forgylt Kristusbillede af ek, 2 alen langt, som mot formodentlig tilforn har været festet over korbuen; det har krone, jevnsides ben og er indhulet i ryggen.» (Nicolaysen, 1862-1866, s. 470)

Skildringa til Nicolaysen saman med andre opplysningar, som til dømes formannskapsdokument frå Leikanger kommune og dokumentasjon ved Universitetet i Bergen, tyder på at det er dette krusifikset som Nicolaysen fann på kyrkjeloftet. Krusifikset er tatt vare på i Bergen, og det er ein kopi i Leikange kyrkje frå 1960-talet. I den same boka skildrar Fett to «billeder» frå Leikange kyrkje : «Paa loftet over sakristiet var i 1861 2 store 7 fod høje billeder av eketræ af Peter og Johannes, men begge næseløse og elles ramponerede.» (Nicolaysen, 1862 -1866, s. 466)

I formannskapsdokumenta frå Leikanger kommune ligg eit brev frå antikvar N. Nicolaysen til sokneprest Johan D. Haslund datert 26.oktober 1864. Riksantikvaren ber soknepresten om å syta for at krusifikset som er i Rinde stavkyrkje vert sendt gratis til Bergen museum med amtsbåtane, som det den gongen heitte. Sokneprest Haslund vidareformidlar denne bodskapen til ordførar Sjur Sæterlie i eit brev dagsett 11.november 1864. Deretter viser registreringa ved Bergen museum at krusifikset er motteke i februar 1865. (Rinde, 2016)

Det er nokre usikre faktorar i høve til den fyrste omtalen til riksantikvar N. Nicolaysen frå 1861. Han nemner at krusifikset var av «ek» eller eik, men ved nærmare vurdering har ein funne ut at det er ein anna tresort. Informasjonane frå Historisk Museum viser at krossen er av furu og Kristus av bjørk eller lind. Teknikken er hogge og skore med eit tynt lag måling over. B .E .Bendixen har òg skildra krusifikset i Bergens Museums Aarbog 1909, s.20.

Kunstverka som her er omtalt, tyder på at treskjerarkunsten og handverket stod sterkt innan kyrkjekulturen i Sogn. Leikangerkrusifikset representerer bilethoggarkunsten på linje med det som inngår i den rike i stavkyrkje - og steinkyrkjekulturen frå denne tida.

Kjelder

  • Anker, Leif. (1981) Høymiddelalderens skulptur i stein og tre. Norges kunsthistorie. Bind 2 Høymiddelalder og Hansa-tid. Gyldendal Norsk Forlag – Oslo
  • Bendixen, B.E. (1909) Aus der mittelalterlichen Sammlung des Museums in Bergen. Bergens Museums Aarbog Nr. 16.
  • Berulfsen, B.(1971) Fremmedordbok Gyldendal Norske Forlag
  • Bode, Wilhelm.(1887) Geschichte der deutschen Kunst II. Die Plastik, Berlin
  • Brendalsmo, A.J., Frøysaker, T., Jensenius, J.H. ( 2001) Kors og krusifiks. Tre utsnitt av deres historie. NIKU publikasjoner 105: 1-46.
  • Fett, Harry. (1908) Billedhuggerkunsten i Norge under Sverreætten. ALB. Cammermeyers Forlag, Kristiania
  • Johannessen, Ole-Jørgen. (2016) Bergens Kalvskinn. Kildeutgivelse fra Riksarkivet, Oslo
  • Nicolaysen, N. (1862-1866) Norske Fornlevninger. En opplysende fortegnelse over Norges fortidslevninger, ældre end reformationen og henførte til hver sitt sted. Utgivet af foreningen til norske fortidsminnemerkes bevaring. Kristiania Carl C. Werner & Comp´s Bogtrykkeri
  • Rinde, Jan Magne B. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn
  • Solberg, Bergljot. (2015) Norsk Biografisk Leksikon. Nicolay Nicolaysen
  • Thuen, H. og Vaage S. (red.) (2004) Pedagogiske profiler. Norsk utdanningstenking frå Holberg til Hernes. Abstrakt Forlag