Lesja Bulldozerlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2016 kl. 17:14 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesja Bulldozerlag vart starta av Bernt B. Storhaug (1910-1997) i lag med Johan Tøndevoldshagen og Gunnar Norderhus i 1948. Dei kjøpte fyrste bulldosaren i Gudbrandsdalen året etter, ein International TD 14 A. Med den arbeidde dei på Lesja om somrane, og på Møre om vintrane – heilt utover i Tresfjorden.

Med bulldosaren var laget òg med på å brøyte Trollstigvegen i 1955. Dei laut fjerne 20 meter snø nokre stader for å kome ned på vegbanen.

Laget vart omorganisert i 1958, da Bernt Storhaug og sønene tok over firmaet. i tiåra seinare har firmaet vore med på mykje: bygginga av E6 over Dovrefjell og Strynefjellsvegen, kraftutbygging på Dalsida i Lesja og utover Austlandet, nydyrking, bygging av oljeplattformar på Åndalsnes, OL-utbygginga på Lillehammer og bygginga av hovudflyplassen på Gardermoen mm.

Bulldosarlaget har vore viktige for sysselsetjinga i sekundærnæringane i heile nørdre delen av bygda. Fyrst i 1980-åra var det opp til 50 tilsette. I 1991–92 gjekk Bulldosarlaget har gått saman med Lesja Bilruter om utbygging av verkstad ved Lyftinge.

Heimeside til Bulldosarlaget

Kjelder