Lesja bygdebokarkiv

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arkivskåpa på biblioteket. Ei skuffe med gardsmapper er opna, og mappa til Skarphol er løfta opp. I det andre skåpet er det stort sett utvandrarstoff.
Foto: Arnfinn Kjelland (2020)

Lesja bygdebokarkiv er eigentleg ei arkivsamling, ein kombinasjon av:

  1. Sjølve prosjektarkivet: brev, sakspapir, møtereferat, budsjettnotat, trykketilbod osv. som gjeld planlegging og gjennomføring av arbeidet med prosjektet, og som må sjåast på som eit eige arkiv.
  2. Ei omfattande og delvis ordna samling av kopiar av originale arkivsaker frå forskjellige offentlege arkivinstitusjonar, der dei viktigaste er Riksarkivet og Statsarkivet i Hamar. Finst i hovudsak i form av kopiar og mikrofilm. Visse kjeldeseriar er altså dataregistrerte.
  3. Originale dokument samla inn/produsert gjennom prosjektet: spørjeskjema, intervju, ikkje tinglyste eldre dokument (t.d. husmannskontraktar), bilde, livsminne, stadnamn o.a.

Bakgrunn

Arbeidet med bygdeboka for Lesja (gards- og slektshistoria) starta i 1972 da Lesja kommune sette ned den første bygdeboknemnda. Denne kjøpte arkivet etter avdøde overlærar Per Berg, Hamar, som voks opp på Steinbakken u. Stavem. Han hadde i meir enn 50 år drive systematisk avskriving av stort sett eldre historisk kjeldemateriale frå Lesja, med vekt på skattelister frå 1600-talet, tingbøkene (justisprotokollane) frå 16- og 1700-talet, kyrkjebøkene og forskjellige manntal og folketeljingar. Berg ordna òg dette stoffet til ein viss grad, m.a. tok han utskrifter frå tingbøkene på lappar for kvar einskild gard, og sorterte desse. Han gjennomførte òg delvis rekonstruksjon av familiane, slik at han kunne levere slektslister på førespurnad.

I nokre år sist i 1970-åra var to personar – Arne Amundgård og Egil Mølmen – engasjert for å bearbeide stoffet etter Per Berg til ei bygdebok for Lesja. Det arbeidet stoppa forskjellige grunnar opp. I 1980 vart Norsk lokalhistorisk institutt i Oslo kontakta og bede om råd, og via professor Jørn Sandnes i Trondheim vart så Arnfinn Kjelland tilbode engasjement. Han starta i engasjementet hausten 1981. Første band av bygdeboka vart gjeve ut i 1987, band 2 i 1992 og band 3 i 1996.

I første del av prosjektperioden organisert Kjelland relativt omfattande stoffinnsamling i tillegg til det som var innkjøpt etter Per Berg. Det galdt m.a. ein god del fotostatkopiar og mikrofilm av forskjellige kjelder, samt minne- og bildeinnsamling rundt om i bygda. Av andre innsamlingsprosjekt må særleg nemnast stadnamn- og sefrak-registreringar, samt etter kvart nokså omfattande dataregistrering av kjelder.

Kjelland bygde relativt tidleg opp kompetanse i elektronisk databehandling av kjelder og manusskriving ved hjelp av tekstbehandling. Alt i 1983 skreiv han eit lite delkapittel i Jørn Sandnes: Handbok i lokalhistorie (Universitetsforlaget), om desse problemstillingane. I 1984–85 etablerte han eit samarbeid med den relativt nyetablerte Registreringssentral for historiske data ved Universitetet i Tromsø om registrering av folketeljingar for Lesja (1865, 1875 og 1900). Litt seinare starta dei første registreringane av kyrkjebøkene for Lesja, samt ein god del andre kjelder. Her må dødsbuskifta og samleoversyn over personar som emigrerte til USA nemnast særskilt.

Som eigne prosjekt, dels eller i hovudsak finansiert gjennom arbeidsmarknadsmidlar, vart det i løpet av 1980-åra sett i gang innsamling av gamle bilde og livsminne, og medarbeidarane gjorde eit ikkje lite kvalitetssikringsarbeid på eit stadnamninnsamlingsprosjekt i regi av Lesja historielag i samarbeid med Stadnamnarkivet ved Universitetet i Oslo.

Hovudordninga

Store delar av arkivsamlinga er fordelt mellom ringpermar, arkivskap og arkivboksar. Desse har vore samla i eit arkivrom i kommunehuset i Lesja sentrum, men utan at utanforståande har hatt ordinær tilgang.

To av arkivskapa er nå flytta til Lesja bibliotek der dei skal gjerast lettare tilgjengeleg for interesserte.

Gardsmappene

Ein viktig del av arkivet er eitt arkivskap med dei såkalla gardsmappene. Det er mapper med kjeldestoff ordna dels etter namnegardane, dels etter matrikkelgardane og dels etter enkeltbruk og / eller husmannsplassar. Mappene er ordna frå nordlegaste (etter det lokale talemålet, elles vestlegaste) garden Stuguflotten, deretter sørover (austover) til den Joramoen, nabo til Dombås i Dovre kommune.

Mappene kan ha nokså variabelt innhald. Dei eldste gardane har naturleg nok mest, medan enkelt mapper for husmannsplassar kan vere nokså tynne. Ikkje alle bruk har eigne mapper; både nyare bruk og plassar kan ha materiale liggande i mappa for den eininga dei vart frådelt frå eller var plass under.

Innhaldet kan bestå av:

  • Kopiar av panteregister og pantebøker (grunnbøker)
  • Relativt små lappar med stikkordsmessige referat av eldre kjelder, oftast lensrekneskap, retts- og tinglysingsmateriale og arveskifte.
  • Kopiar og originalar av korrespondanse mellom prosjektmedarbeidarar om slekts- og gardsinformasjon. Notat etter liknande telefonsamtalar.
  • Kopiar frå trykte kjelder.
  • Ymse

Døma nedanfor tek utgangspunkt i innhaldet i hovudmappa til namne- og matrikkelgarden Skarphol (sjå bilde over). Det er nok ei fyldigare mappe enn vanleg; ein kan ikkje rekne med å finne alle typane som er representert der i alle mappene. I tillegg ligg det mapper for fleire av dei mindre driftseiningane saman med hovudmappa.

Rekkjefølgja av dokumenta vil sikkert òg variere; dei kan vere omstokka etter gjennomgang. I gjennomgangen her har vi ordna dei grovt tematisk.

Gardshistoriestoff

En del av gardshistoria det vart lagt betydeleg arbeid i, var å framstille bruksdelinga, det vil seie korleis namne- eller matrikkelgarden har vore delt opp og gjerne slege saman att i bruk/driftseiningar opp igjennom tida. Sjå døme i bind 1 side 58. I nokre av dei meir kompliserte gardshistoriane er det teikna skjema over garddelinga frå starten på 1600-talet til kring 1900. Ikkje alle er trykte (som for Bjorlie) av plassomsyn, men det kan finnast slike kladdar i fleire av mappene.

I dei aller fleste mappene vil det ligge kopiar av panteregistersider for fleire eigedomar. Dette er stoff som i dag er lett tilgjengeleg på Digitalarkivet, der ein kan søkje på gardsnummer og bruksnummer. Merk rettleiinga.

Dei aller fleste vil ha samandrag eller avskrifter av rettsmateriale gjort av Per Berg.

Slektshistoriestoff

Kyrkjebøkene og dødsbu- og arveskifta er viktig materiale i slikt arbeid. I alle hovudgardsmappene vil det ligge slikt stoff. Prosjektet starta med å dataregistrere kyrkjebøkene for Lesja. Under sluttarbeidet vart det for ein del gardar, særleg i bind 2 og 3-området, skrive ut lister for kvart gardsnamn. Slike kan ligge i mappene, men kan nok vere litt vanskeleg å tolke.

For skiftematerialet er det samla kopiar av alle skiftekorta som er registrert på garden, og dei ligg gjerne i eigne omslag med namneliste på framsida. I mange mapper ligg det òg (kopiar av) samandrag gjort av Per Berg. Desse er meir detaljerte enn skiftekorta: namn på arvelatar og arvingar, brutto- og nettoverdi av buet og utdrag av lausøyre som er lista opp, men kan ha forkortingar det kan vere litt vanskeleg å forstå. Mappene kan òg innehalde bokstavrette avskrifter (transkripsjonar) frå skifteprotokollane.

Utvandrararkivet

I samband med fullføringa av først bind av bygdeboka, i 1986-87, vart ein som nemnt merksame på den store utvandringa til Nord-Amerika som hadde vore frå bygda, særleg frå Lesjaskogen. Det vart da lagt opp til marknadsføring av bygdeboka, i første omgang bind 1, mot viktige område særleg i Midt-Vesten. Dette førte til at det begynte å kome informasjon frå etterkomarar etter utvandra lesjingar i form av brev med spørsmål om kvar i Lesja røtene fanst. Det vart da sett i gang eit relativt systematisk innsamlingsarbeid med sikte på stoff til eit eige bind om dei som utvandra. Det prosjektet kom aldri i gang, men stoffet som er kome inn ligg i det eine arkivskåpet på biblioteket.

Under arbeidet vart det sett opp eit register over dei som vandra ut frå Lesja. Den vart i 1989 skrive ut på dataskrivar i eit mindre opplag, og er tilgjengeleg via alle bibliotek under tittelen Emigrantar frå Lesja 1853-1949. Denne lista har Kjelland elles halde ved like, så den inneheld per 2020 namn på 2350 personar med heimstad Lesja som utvandra til Nord-Amerika.

Det stoffet som er kome inn og arkivert i arkivskåp, er dessverre ikkje katalogisert, så det er litt utfrodrande å finne fram i det.

Bildesamlingane

Dette delprosjektet starta med utgangspunkt i det behovet som sjølve bygdebokprosjektet hadde. Utover 1980-åra gjekk kostnadene ved trykking og bruk av svart/kvite bilde i bøker nokså mykje ned, og bygdeboknemna innsåg at bøker med gode illustrasjonar ville selje betre enn bøker utan slike element. Det vart derfor vedteke at ein i bygdebokverket skulle ta sikte på å ha som eit minimum eitt bilde av kvar gard og eitt av folk på garden. Som prinsipp vart det bestemt at dette skulle/burde vere dei eldste bilda som fanst på garden.

Da innsamlinga starta oppdaga ein at dette var ikkje så enkelt. Mange brukarar og andre hadde til dels store samlingar eldre bilde, som ikkje kom inn under dei kategoriane det vart spurt etter, men som ein likevel innsåg hadde stor verdi for framtida. Det vart derfor etablert eit eige bildeinnsamlingsprosjekt med eigne løyvingar over det kommunale kulturbudsjettet i fleire år. Prosjektet vart administrert av Kjelland og samordna med bygdebokbehovet, slik at det vart samla både slike ein skulle ha i bygdebøkene samt andre etter meir lause kriterier. På denne måten vart det samla inn ca 4000 bilde. Desse vart avfotografert til sølvbasert film og nummerert, det vart produsert papirkopi og negativa er arkivert.

Registreringa, nummereringa og arkiveringa av informasjon, negativ og bildekopiar vart altså gjort på ein fagleg forsvarleg og systematisk måte. Informasjonen om dei enkelte bilda finst i form av eitt skjema eller i alle fall eit notatark for kvart bildenummer, samla i mapper for kvar eigar. Denne informasjonen vart dataregistrert i samband med arbeidet med bind 4, og skjema/notata ligg framleis i mappene. Registreringsnummerert vart skrive på bildeoriginalane på ein diskret måte, på negativa og på dei positive kopiane som vart laga fortløpande og lagt i mappene til den einskilde eigar. Negativa er sett inn i ringperm fortløpande i nummerrekkjefølgje. Dette ligg i eit eige arkivskåp i kummunehuskjellaren

Bilda vart i si tid lånt inn, avfotografert og returnert eigaren med ein generell klausul: bilda skulle berre nyttast i samband med bygdebokprosjekt i Lesja kommune. Lågoppløyselege bilde vart likevel lagt ut på nettsida til kommunen med søkjeinngangar på namn og stad, men den tenesta er ikkje lenger i funksjon. Snøhetta forlag a.s har teke varte på alle digitale bildekopiar, og arbeider med å overføre desse og registeret til Gudbrandsdalsmusea.