Lesja jernverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. okt. 2008 kl. 19:39 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lesja jernverk''' vart oppretta med tildelinga av privileg på jernverksdrift i Lesja hovedusokn til Jørgen Fillipsen og Joacim Irgens i 1660. Drifta kom gradvis i gang i å...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesja jernverk vart oppretta med tildelinga av privileg på jernverksdrift i Lesja hovedusokn til Jørgen Fillipsen og Joacim Irgens i 1660. Drifta kom gradvis i gang i åra etter etableringa. Lesjaskogsvatnet vart oppdemt i begge endar for å skaffe vasskraft til verksanlegget, som vart bygd opp i austre enden av vatnet. Ved anlegget kom det etter kvart masomn og stangjernshammar. Også i Håmårfossen i Rauma nedafor Kvam-sgardane vart det bygd stangjernshammar, truleg så tidleg som i 1670-åra.

Malmen vart funne fleire stader over Lesjaskogen: ved Slettom og i Gruvlie mellom Brandlie og dei gamle gardane i Nørdre Verket. Malmen frå Gruvlie vart køyrt ned til Bryggja og transportert derfrå til masomnen ved hjelp av lektarar sommarstid og med slede på isen om vinteren. Høgste gruva var Fjellgruva, som skal ha vore den høgste jerngruva i Noreg, over 900 moh. Malmgangane var ustabile, så verket var ute av drift i fleire periodar. Eit særtrekk ved malmen frå Lesja jernverk var at han var rik på krom og dermed ikkje eigna som støpejern, men desto betre til stangjern. Ein betydeleg del av produksjonen skal derfor ha gått til skipsnaglar. Hovuddelen av vart eksportert over Veblungsnes ved Romsdalsfjorden. Transporten ned Romsdalen var krevjande og kostbar.

Eigarane av jernverket bygde i 1695 Lesjaverk kyrkje, som i 1855 vart flytt til ny tomt sentralt i soknet, på grunn frå Øverlie.

Jernverket var i drift til sist på 1700-talet. Det er sagt at siste gongen masomnen vart blåse ned var i 1812, men da hadde han nok vore ute av drift i lange periodar.