Lesja kompanis telthus

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jul. 2016 kl. 12:40 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Lesja kompanis telthus Maihaugen.JPG|Telthuset på Maihaugen.|Arnfinn Kjelland}} '''Lesja kompanis telthus''' står i dag på Maihaugen. Leksikon:Telth...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Telthuset på Maihaugen.
Foto: Arnfinn Kjelland

Lesja kompanis telthus står i dag på Maihaugen. Telthuset vart bygd ved Dovre kyrkje truleg i 1753 for Lesja kompani. I Maihaugen 2005 står det at huset er bygd 1789, noko som er tilbakevist av Langdalen 1992.

Laftene i huset viser at det har vore flytt fleire gonger. Erik Langdalen har kartlagt kvar huset truleg har stått på grunnlag av primærkjelder. Da det vart bygd var det like ved søre korsarma på kyrkja. I 1759 vart det flytt til ei ny tomt, kanskje ikkje langt unna, eller litt lenger til Toftemoen, der det i alle fall stod i 1772 og vart ståande til det gjekk ut av militær bruk på 1800-talet. Brukar i 1878 var Dovre Handelsforening. Anders Sandvig nemner at huset har vore brukt som stabbur på Li i samband med at han kjøpte det av Dovre Ungdomslag i 1932 og flytta det til Maihaugen. Da stod det på «Telthustomta» ved Slåvik i Dovre sentrum. Tomta skal vere utskilt frå Ekre.

Kjelder

  • Langdalen, Erik 1992: Telthuset fra Dovre. I Dovrebygde side 10-14.
  • Maihaugen. Nøkkelen til friluftsmuseet. 2005 side 23.

Koordinater: 61.9885° N 9.2480° Ø