Lesja og Dovre Branntrygdelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesja og Dovre Branntrygdelag vart stifta i 1861 under namnet Lesja - Dovres Brandassurances Forening.

Frå starten vart det på generalsforsamling valt to "direktørar" og to revisorar, ein frå kvar bygd, Bygdene vart delt i 14 roter, og for kvar rote vart det valt to rotemenn med to års tenestetid.

På årsmøtet for trygdelaget i 1938 vart ordninga omgjort: direktørane vart da erstatta av eit styre med fem medlemer, ein frå Lesjaskog og to kvar frå Lesja og Dovre.

Foreininga fekk god oppslutning frå starten. Allereie første året vart det teikna 107 trygdingar fordelt slik på sokna:

Trygdingar 1861
Sokn Antal Samla sum Gjennomsnitt
Lesjaskog 23 12735 spd 554 spd
Lesja hovudsokn 37 28090 spd 760 spd
Dovre 47 27026 spf 575 spd
I alt 107 67851 spd. 634 spd

For å kunne teikne forsikring vart det i starten bestemt ei eingangsinnbetaling på 1 ort per 100 spd i forsikringssum, men ingen årleg premie.

I 1886 vart det gjort store enrdingar i måte laget var organisert på. Det vart innført årleg premie, og forsikringa vart utvida til å omfatte innbu, lausøyre, avling og husdyr.

I 1901 ville direktørane tilsetje feiar. men generalforsamlinga var negativ. Først i 1930 vart den første feiaren tilsett, med kr. 600 i fast løn og kr 0,30 per brannpipe med omner og rør. Feiinga skulle gjerast to ganger i året.

Kjelder og litteratur=

  • Skotte, Ola 1961: Lesja og Dovre Branntrygdelag 1861 - 1961. Otta.