Lesjaskog kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. jul. 2017 kl. 09:42 av Siri J (samtale | bidrag) (kursiv)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesjaskog kyrkje i 2009.

Lesjaskog kyrkje (før 1855 Lesjaverk kyrkje) vart bygd ved Lesja jernverk i åra 1695 til 1697 av eigarane av verket. Utgiftene til bygginga vart rekna til ca 600 riksdalar, og ho var derfor å rekne som ei «bedriftskyrkje». Det er uklart når Lesjaskog sokn eigentleg vart oppretta som anneks under Lesja prestegjeld. Verkseigaren Pål Holst Irgens stod for ombygging av kyrkja i 1767.

Etter at drifta ved jernverket vart avvikla i åra kring 1800 kom spørsmålet om plasseringa av kyrkja opp, for verket låg i eine enden av det lange soknet, og hovudtyngda av folket både lenger vestover ved Lesjaskogvatnet og Bjorlie. Alt i 1826 vart det søkt om å få flytte kyrkja, men det vart avslag. I 1845 kom saka opp att, og i 1848 fekk bygdefolket ved kongeleg resolusjon løyve til å flytte ho. Flyttinga vart utført i 1855 og den gamle kyrkja vart innvigd som Lesjaskog kyrkje på grunn frå Øverlie ved Mølmen 20. september det året.

I 1909 vart kyrkja restaurert. I 1964 vart det bygd ny Lesjaverk kyrkje på tufta der den gamle verkskyrkja hadde stått. I kyrkjeregisteret til Riksantikvaren er kyrkja her innført som Lesjaverk I i perioden 1695–1855 og deretter som Lesjaskog I. Den nye kyrkja på Lesjaverk har nemninga Lesjaverk II.

Fordelinga av kyrkjebenkane

Den originale fordelinga av kyrkjebenkane i Lesjaskog kyrkje er halde vedlike. Kyrkjeskipet ligg orientert aust-vest, og karane skulle sitte på sørsida og kvinnene på nordsida. Dørene til kvar benk har påmåla kven som skulle sitja der.

Dei første fem benkane var for verksfolket:

  • No 1 De Herrer Partisipanter
  • No 2 DIRECTEUREN og Hans Folck
  • No 3 Masmesteren formenn Hammersmedene og deris Suenne
  • No 4 Snickerne, Grube Arbeiderne og Klen Smedene
  • No 5 Koulbrender og Andre Werchets Folck

Frå nr 6 kjem så gardane på Skogen:

På motsett side er teksten stort sett den same på alle benkane:

  • Quindene som deris mends Stol Lige i mod er.

Og heilt bakast er det ein benk på kvar side med eit slags «gitter» i framkant og på sida. Etter tradisjonen skal dei som var dømde til straffarbeid på jernverket sitje her. Dørene til desse benkane har påmalt kvart sitt bibelord.

Bilde frå Lesjaskog kyrkje

Litteratur

  • Berg, Per Sigmund 1968: Lesja Jernverks Historie. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo. Trykt i Årsskrift for Lesja historielag (utan fotnotar) 1983-1986.
  • Rønningen, Gunnar: Lesjaskog kirke - verkskirken fra 1697 og tidens byggeskikk. I Lesjaskog kyrkje 300 år 1697-1997. Lesjaskog menighetsråd
  • Skotte, Ola og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna

Eksterne lenkjer

Koordinater: 62.23310° N 8.34723° Ø