Lesjaskogen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. okt. 2008 kl. 16:24 av Cnyborg (samtale | bidrag) (formatering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesjaskogen eller berre Skogen i lokal nemning er det gamle namnet på strekninga frå Mosenden, nørdste garden i noverande Lesja hovudsokn i aust (sør etter lokal retningsnemning) til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal i vest (nord). Etablert som kyrkjesokn sist på 1600-talet og som skulekrets ved samanslåing av dei seks gamle skulekretsane i området: Bjorlie, Rånå, Einbu (Enebo), Kyrkjekretsen, Nørdre Verket (Sletten) og Søre Verket (Verket) - i 1960-åra.

Lesjaskog i ubunden form er namnet på soknet og skulekretsen, men blir òg nytta om det tettbygde området kring kyrkja og den no nedlagde og rivne Lesjaskog stasjon på Raumabana.

På Lesjaskogen finn ein i dag grendene Bjorli, Lesjaskog og Lesjaverk i samsvar med namna på dei tre opphavlege jernbanestasjonane.

Namnegardar på Lesjaskogen