Lesjavatnet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. nov. 2011 kl. 17:49 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: </onlyinclude>'''Lesjavatnet''' var eigentleg to vatn - Siemsvatnet i nord 8vest) og Lesjavatnet i sør (aust) - som låg i dalbotnen mellom Nordmo og Bottemsgardane i [[Lesja k...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesjavatnet var eigentleg to vatn - Siemsvatnet i nord 8vest) og Lesjavatnet i sør (aust) - som låg i dalbotnen mellom Nordmo og Bottemsgardane i Lesja kommune. I nordenden rann Gudbrandsdalslågen og elva Lora ut i vatnet, og frå sørenden rann Lågen vidare sørover Gudbrandsdalen. Det var eit rikt fiskevatn. På Lesja bygdatun er det avteikna omriss av fisk som må ha vore opp i mot 15-18 kg.

Grunnen til at vatnet var så fiskerikt var topografien. Storparten av vatnet var nemleg særs grunt, ein meter eller mindre, medan det var nokre djuphøler og ein djupål der stor fisk samla seg og kunne fangast.

I 1857 starta prosessen med å få tappa ned vatnet for å kunne dyrke opp sjøbotnen til jordbruksland. Dette tok likevel meir enn hundre år, for sjølv om sjøbotnen snart vart tørrlagt låg den stadig undet vatn under vårflaumane. Det vart først etter omfattande forbygging av Lågen at areala vart skikkeleg oppdyrka, og i dag utgjer desse områda viktige tilskot til jordbruket i Lesja.

I 1926 skreiv ein gardbruker på Lesja i eit avisinnlegg at grunnen til at vatnet vart uttappa var at gardbrukarane ergra seg over at husmennene kunne skaffe seg nok mat gjennom fisking, og dermed ikkje ville ta dagarbeid på gardane.

Litteratur

  • Per Jordhøy 2005: Lesjaleira. Landskap og fugleliv. Snøhetta forlag a.s
  • Ola Skotte og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna: 121ff.