Lesjaverk idrettslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. okt. 2014 kl. 19:22 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lesjaverk idrettslag''' vart stifta 24.7.1945 av Ola Stensrud, Mikal Stensrud, Magne Krokrud, Ola Krokrud, Arne Myren, Martin Doseth, Per Holmseth, Edvin Akerløkken og Hans Doset...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesjaverk idrettslag vart stifta 24.7.1945 av Ola Stensrud, Mikal Stensrud, Magne Krokrud, Ola Krokrud, Arne Myren, Martin Doseth, Per Holmseth, Edvin Akerløkken og Hans Doset. Laget tok straks til med å bygge skibakke, som fekk eit kritisk punkt på ca. 35 meter. I 1946 var laget teke opp i Norges Fotballforbund.

I 1950 hadde laget 48 medlemer med grupper for fotball, ski og handball for damer. Det hadde fotballbane om lag 500 meter aust for Lesjaverk stasjon og ein hoppbakke på ca. 35 meter under arbeid i 1952.

Fotballaget hadde lyseblå trøye med raud stolpe i bryst og rygg og mørkeblå bukse. I 1950 vart dei avdelingsmeistrar i klasse B.

===Formenn===
1946: Mikal Stensrud
1949: Arne Myren
1949: Ola Stensrud
1952: Jonas Nordsletten
1954: Tore Myren

Kjelder

  • Brustad, Arne (red.) 1952: Aktive fotballspillere. Bind 1. Idrettsforlaget s. 344.
  • Ranheim, Erling (red.) 1955: Norske skiløpere. Skihistorisk oppslagsverk. Bind 1 Østlandet Nord. Skiforlaget, Oslo s. 241.