Lestebenk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Lestebenken, aldrande og motteten. Der er ikkje noko årstal som kan sei noko om alder, men den er vel frå ein gong på 1800-talet. På forsida er eit hol. Det er nok ein pode frå seinare generasjonar som har funne bor og borvinde som skulle prøvast
Foto: Magnar Høydal (2010).

Lestebenken, tilårskomen, stutthalt og motteten (møllspist). Han har sikkert mykje å fortelja. Siste åra har han hatt eit tvilsamt opphald, vekkstua under taket i eit uthus. I yngre år var han, etter det som er fortalt, del av innventaret på kjøkkenet. Når benken var på kjøkkenet så må det sjåast i samanheng med slik det var før 1900, og kanskje ein del år etter også. Vinterkveldane var det berre kjøkkenet som var oppvarma. Det fall då naturleg at litt skoreparasjon vart gjort der. Ledige stunder skulle nyttast.

Eit hol på framsida, kan tyde på at ein pode frå seinare generasjonar har styrt litt på eiga hand. Benken hyste (innheldt) sko-lestane, og det gjer han framleis. Tidlegare generasjonar laga sine «fotformsko» på desse lestane. Lest er altså ein mal eller modell, og den har litt ymse fasongar og fleire størrelsar. Kor elegant, - ja det er no opp til augene som ser. I tidlegare tider og til ut i 1950-åra, var det vel viktigast å ha sko.

På rista har lesten eit laust stykke. Det er festa med ein skrue. Når lesten er i ein sko som høver, sit han nokså fast. Ved å ta bort stykket på rista, vert det lettare å få ut lesten. Då lirkar ein lestekroken ned langs sida på lesten, og vrir kroken inn i holet på sida over helen. Er det trangt så brukar ein varsemd, elles kan ein lett sprenge saumane, serleg på finsko.

Lestane var også i bruk når sko skulle reparerast. Ved halvsoling av både randsydde og pinnasko, måtte solen på skoen oppbløytast i vatn over natta. Det same var det med soleleret ein skulle bruka. Då var både skoen og solen bearbeidande. Lesten heldt forma på skoen, det vart også eit meir handterbart arbeidsstykke. For å halda både sko og lest medan ein gjorde arbeidet, så klemde ein alt fast mellom knea.

Slik det etter kvart har vorte er det mest ingen ting som skal reparerast. Alt skal kastast når noko feilar. Då er det gjerne ikkje så rart at lestebenken let motten (møllen) overta, slik bilda syner.

Bilder