Lesund bedehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lesund bedehus.
Foto: I. Bakk (2012).

Lesund bedehus, "Eben Eser" (hebraisk, tyder 'hjelpesteinen'), er eit kristeleg forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset er bygd i tre, og vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar o.l.


Historikk

I 1933 gjorde årsmøtet i Lesund kristelege ungdomslag vedtak om at det skulle byggjast bedehus på Lesund. Tomt vart gjeve vederlagsfritt frå eigarane av garden Kiplesund; Hans og Guri Kiplesund.

I september 1940 tok den tyske okkupasjonsmakta over huset. Dei heldt til i huset til mars 1945. Tyskarane betalte 50 kroner pr. månad i leige. Dei raserte mykje av inventaret i huset.

Om huset

I reglane for bedehuset frå 1937 les vi mellom anna: "I huset må det ikkje vera dans, kortspel og teaterframsyningar, heller ikkje må det njotas rusdrykk". Og i paragraf 3: "Ukjende forkynnarar som reiser "fritt" og ikkje hev vitnemål frå prestar (...), fær ikkje halda møte i huset".

Til å byrja med var huset utstyrt med benker til sitjeplassar. I 1969 vart det gjort innkjøp av 60 stolar til bruk i storsalen. Same året fekk bedehuset eit trøorgel i gåve frå Borghild Kiplesund Røvik, og det gamle orgelet frå 1948 vart då bytta ut.

Sjå også

Kjelder