Li (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Li (Luster, gnr. 203) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Dette er den nordlegaste garden på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot grenda Mjølver.

På Røvomn i Li låg den nedlagde Mjølverdalen skule.

Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen Leteigen vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen Tøgeplassen vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter.

Bruksdeling

  • Bnr. 1 Li - delt i to bruk (Lien søndre og Lien nordre) ca 1819-1827
  • Bnr. 3 Norheim - den tidlegare husmannsplassen Sva - utskild 1910
  • Bnr. 4 Leteigen - tidlegare husmannsplass - utskild 1914

Husmannsplassar

Det har i alt vore sju husmannsplassar under Li, men ikkje på same tid, og somme berre i eit kortare tidsrom.

  • Tuftene - truleg berre i bruk ca 1825-1832
  • Endreheimen (Buateigen) - truleg rydda tidleg i 1790-åra, nedlagd kring 1880
  • Sva - rydda kring 1880 då husmannen i Endreheimen flytte husi sine hit, utskild 1910 som bnd. 3 Norheim
  • Leteigen 1 og 2 - utskild 1914
  • Tøgeplassen - rydda 1867, nedlagd 1868
  • Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Li», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk