Lien landbruksskole

Lien landbruksskole var landbruksskulen for fjellbygdene i Buskerud. Han låg i Torpo i Hallingdal, og vart bygd i 1922 etter eit drygt tiår med flyttbar skule i ulike hallingdals- og numedalsbygder.

Elevar på jentekurset ved den flyttbare fjellandbruksskulen hausten 1916.
Foto: Knut Tomassen Sorteberg/Hemsedal bygdearkiv (1916).

Etablering av landbruksutdanning i Buskerud

Tidleg på 1900-talet var det ingen landbruksskule i Buskerud, og ungdomar frå fylket som ville ta landbrukssutdanning, måtte gjera det på skular i andre fylke. I 1910 vedtok Buskerud amtsting (fylkesting frå 1917) at ein skulle setja i gang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert to skular. Den eine skulle vera for flatbygdene og den andre for fjellbygdene. Skulen for flatbygdene vart lagd til Buskerud hovudgard på Modum. For fjellbygdene i Buskerud, dvs. kommunane Nore og Uvdal og Rollag i Numedal og Gol, Hemsedal, Ål og Hol i Hallingdal, vart det etablert ein flyttbar skule med korte kurs på tre månader. Det skulle haldast eigne kurs for jenter der husdyrlære, kjøkenstell og kosthald var viktige fag. Desse kursa skulle gje nyttig kunnskap for framtidige gardkoner. På kursa for gutar var husdyrlære, jordbrukslære og naturfag sentrale fag, og desse kursa skulle gje framtidige bønder i fjellbygdene nyttig teoretisk kunnskap. Jentekura vart sette i gang på hausten og gutekursa på ettervinteren. Det fyrste kurset vart sett i gang hausten 1911 på Ål i Hallingdal. Gutekurset i 1912 vart òg halde i Ål. Etter det skifte kursa mellom desse stadene: Gol i Halingdal (1912/13), Veggli i Numedal (1913/1914), Uvdal i Numedal (1914/15), Hol i Halingdal (1915/16), Hemsedal i Hallingdal (1916/17, Ål i Halingdal (1917/18), Gol i Hallingdal (1918/19), Nore i Numedal (1919/20) og Uvdal i Numedal (1920/21). Det siste kurset var jentekurset 1921. Fram til 1916 var Gunvald Birketveit styrar for gutekursa og Marie Berg lærar på jentekursa. I 1916 tok Andres Haug over styringa av gutekursa og Anna Haug f. Selvig vart lærar på jentekursa.[1]

Lien jordbruks- og husmorskule 19221962

Buskerud fylkesting vedtok at fjellandbruksskolen skulle halde til i faste lokale. Generalkonsul Rudolf Olsen gav i 1920 garden Lien i Torpo i gåve til Buskerud fylke. Vilkåret var at eigedomen skulle brukast til fjellandbruksskole.[2] Buskerud fylke takka ja til gåva og nye skolebygg vart bygde på Lien. Skolen stod ferdig i 1922. Ordninga med jentekurs på hausten og gutekurs på ettervinteren heldt fram til 1925. Da vart det ombyte slik at gutekursa vart haldne på hausten og jentekursa etter jul. I 1928 vart både jentekursa og gutekursa på sju månader og dei gjekk parallelt med start på hausten. Fram mot krigen vart gutekusra fleire gonger utvida og i 1938 vart jordbrukskurset utvida til elleve månader og skulle gå frå oktober til september. Det vart også sett i gang eit eige handverkskurs. Søknaden til husmorkursa var så stor at det vart bestemt å setja i gang to kurs for året, eit med oppstart samstundes med jordbrukskurset og eit med oppstart i mai. I 1939 var det planlagt to jordbrukskurs, eit på sju og eit på tolv månader. Det melde seg berre to søkjarar til tolvmånaderskurset.[3]

Under krigen vart Lien eit sentrum for motstandsrørsla og rektor Andres Haug var leiar for heimestyrkane i Hallingdal. Undervisninga heldt fram som før.

Etter krigen heldt ein fram med jordbrukskurs på sju månader. Handverkskurset vart kutta ned frå elleve til sju månader ein gong på 50-talet.[4]

Det var misnøye med at jordbruksskulen og husmorskulen heldt til under same tak. Eit utval som var oppnemnt av fylkestinget, gjorde framlegg om at det burde byggjast ein moderne husmorskule på Lien. I 1960 vedtok så fylkestinget å byggje ny skule. Planar vart utarbeidde, og dei vart godkjende av departementet to år seinare. Det viste seg at bygget ville bli dyrare enn planlagt. I november 1962 vedtok så fylkestinget at husmorskuledrifta skulle avviklast på Lien og flyttast til ledige lokale på Nesbyen. Husmorskulen vart likevel verande på Lien fram til 1968, men frå 1962 var husmorskulen og jordbruksskulen to særskilde skular med kvar sin styrar og skild administrasjon. Landbrukskurset vart kalla Lien landbruksskole etter dette.[5]

Lien landbruksskole 19621999

Det var krise for landbruksutdanninga med svært få søkjarar midt på seksitalet. Etter det vart det jamn oppgang fram til ut på åttitalet da det på ny vart nedgang i søkjartalet. I desse åra vart det utvikla nye kurs. Nemnast må to-årig grunnkurs der allmennfaga og yrkesfaga skulle vera likeverdige einingar. Det vart også sett i gang eit agroteknikarkurs, eit vidaregåande kurs som bygde på agronomkurset..

 
Lien jordbruks- og husmorskule.
Foto: Lars K. Ødegaard/Hol Bygdearkiv

Ål vidaregåande skole, avdeling Fjellandbruksskolen Lien 19992018

Landbruksutdanninga på Lien vart til ei avdeling av Ål vidaregåande skole i 1999.

Buskerud fylkesting vedtok i desember 2016 at ein ikkje ville sikre studietilbodet ved Ål vidaregåande skole, avdeling Lien etter sommaren 2018.[6][7] Dette betydde slutten for landbruksutdanninga som hadde vore på Lien siden 1922.

 
Elevane på Lien fekk kvar si bok der dei kunne samle minne frå medelevar og lærarar.

Elevane

Da det vart oppretta to landbruksskular i Buskerud, var skulen på Buskerud fyrst og fremst tenkt for flatbygdene og fjellandbruksskulen for kommunane Nore og Uvdal og Rollag i Numedal og Gol, Hemsedal, Ål og Hol i Hallingdal. Størsteparten av elevane kom frå Hallingdal. Ein del kom frå Numedal, og skulen hadde også heile tida elevar frå andre kommunar i fylket. Til dømes var det fem gutar frå Sigdal og Eggedal som søkte seg til Lien i åra fram til 1942 og elleve frå Krødsherad.[8][9] Til det toårige grunnkurset og til handverkskurset vart søkjarar frå andre fylke stilte likt med søkjarar frå Buskerud.[10]

Medan husmorskule og landbruksskule utgjorde éi eining med same administrasjon, var søknaden til husmorkursa heile tida større enn til jordbrukskursa. Husmorkursa var fulle, men det var ikkje alltid tilfellet med jordbrukskursa. Frå slutten av 1930-åra var det to jentekurs i året. Dette gjorde at jentene utgjorde det mest dominerande innslaget på skulen. Jamvel om husmorskulen og landbruksskulen skilde lag i 1962, heldt begge dei to skulane til i lokala på Lien fram til 1968 så jentene var framleis til stades på skulestaden. Det var svært få jenter som var elevar ved landbruksskulen fram til 1968, men etter det var det jenter som elevar ved landbruksskulen kvart år. Og talet auka.

Det hadde aldri vore mange søkjarar til jordbrukskurset og midt på 1960-talet var det så få søkjarar at Buskerud fylkesting sette ned eit utval som skulle greie ut om ein burde leggje all landbruksundervisning i fylket til Buskerud landbruksskoe på Modum. Den gongen vart svaret at opplæringa på Lien skulle halde fram.[11] Utover på seksti- og syttitalet steig søkjartalet til landbruksutdanninga på Lien. I jubileumsskriftet for Lien er det peika på tre årsaker til dette: Det vart gjort mykje frå skulen si side ved den nye rektoren, Olav Lurås, for å rekruttere elevar. Ein annan grunn er den grøne bølgja på syttitalet som førte til at fleire vart interesserte i å skapa seg ei framtid i Bygde-Noreg og ei utdaning innan landbruk. Ei siste forklaring er at heile utdanningssystemet voks sterkt på syttitalet og at langt fleire tok utdanning enn før.[12]

Referansar

  1. Kåre Olav Solhjell (1986): Ord og jord. Landbruk og landbruksopplæring i Hallingdal og Numdeal 1911-1986. Jubileumsskrift for Lien landbruksskole, s.221-224. [Torpo]: Lien Landbruksskole.
  2. Caroline Utti: Fylkestinget har bestemt seg for å selje. 21.6.2019. Hallingdølen.
  3. Kåre Olav Solhjell (1986): Ord og jord. Landbruk og landbruksopplæring i Hallingdal og Numdeal 1911-1986. Jubileumsskrift for Lien landbruksskole. s. 228[Torpo]: Lien Landbruksskole
  4. Kåre Olav Solhjell (1986): Ord og jord. Landbruk og landbruksopplæring i Hallingdal og Numdeal 1911-1986. Jubileumsskrift for Lien landbruksskole. s. 235 [Torpo]: Lien Landbruksskole
  5. Kåre Olav Solhjell (1986): Ord og jord. Landbruk og landbruksopplæring i Hallingdal og Numdeal 1911-1986. Jubileumsskrift for Lien landbruksskole, s.225-240. [Torpo]: Lien Landbruksskole.
  6. Leiar Hallingsdølen 19.1.2017
  7. Bernt Ivar Bergum: Lien landbruksskule: 1911-2018. Hallingdølen.25.12.2016
  8. Andreas Mørch (1964): Sigdal og Egggedal, bd. 3, s. 113
  9. Andreas Mørch (1976): Krødsherad. Bd. 2, s. 152
  10. Kåre Olav Solhjell (1986): Ord og jord. Landbruk og landbruksopplæring i Hallingdal og Numdeal 1911-1986. Jubileumsskrift for Lien landbruksskole. s. 252[Torpo]: Lien Landbruksskole.
  11. .https://www.smabrukarlaget.no/sfiles/1/06/3/file/bbs-jubileumshefte-1917-1987.pdf, s.25
  12. Kåre Olav Solhjell (1986): Ord og jord. Landbruk og landbruksopplæring i Hallingdal og Numedal 1911-1986. Jubileumsskrift for Lien landbruksskole, s. 241-242. [Torpo]: Lien Landbruksskole.