Liktvorane i Vik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. sep. 2017 kl. 22:48 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Liktvorane i Vik kommune ligg der Vikjabukti tek til, og staden vart nytta som vaktpost både av nordmenn før og av tyskarar under andre verdskrig.

Frå slutten av 1939 fram til 1. mai 1940 var garden Liktvoren med det gode utsynet midt i Sognefjorden ein norsk luftvarslingspost. Etter dette tok tyskarane over. Fram til krigen slutta hadde tyskarane ein vaktstyrke på 8-10 mann på denne vaktposten 3 km frå Vikøyri. Tyskarane rekvirerte andre høgda av bustadhuset på garden Liktvorane og bygde ei vakthytte og to hus med løpegangar eller skyttargraver mellom husa.

Bakgrunnsstoff

Liktvorane er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden