Lily Weiser-Aall: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 33: Linje 33:
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Folkeminnesamlere]]
[[Kategori:Folkeminnesamlere]]
[[Kategori:Norsk etnologisk gransking]]
[[Kategori:Oslo kommune]]
[[Kategori:Oslo kommune]]
[[Kategori:Østerrike]]
[[Kategori:Østerrike]]
Linje 38: Linje 39:
[[Kategori:Dødsfall i 1987]]
[[Kategori:Dødsfall i 1987]]
{{DEFAULTSORT:Weiser-Åll, Lily}}
{{DEFAULTSORT:Weiser-Åll, Lily}}
{{bm}}{{kvinner i lokalhistoria}}

Sideversjonen fra 12. mar. 2021 kl. 07:35

Dr. Elisabeth (Lily) Weiser-Aall[1] (f. 18.12.1898 i Wien, d. 26.02.1987 i Oslo) var ein austerrisk-norsk folklorist og etnolog. Ho vert ofte skildra som ein av dei framste etnologane i si tid, og var ei føregangskvinne for kvinneforsking på dei etnologiske og folkloristiske felta.

Slekt og familie

Lily Weiser-Aall var dotter av Dr. Hans Weiser (advokat i Wien, fødd i Radkersburg) og Luise Weiser (fødd Hess, i Heidelberg). I 1928 gifta ho seg med norske Anathon Aall (f. 1928).

Skule og utdanning

Lily tok dei fyrste tre åra av folkeskulen heime og det 4. året ved privatskula Brabbé i Wien. I 1909 tok ho til studia ved gymnaset Foreldreforeiningas privatmiddelskule i Wien, men heldt fram ved Mädchenobergymnasium des Vereines für erweiterte Frauenbildung frå 3. klasse av. Den 7. juli 1917 avla ho eksamen arium med utmerkelse.

I oktober 1917 byrja Lily ved det filosofiske fakultetet ved universitetet i Wien, der ho studerte både tysk litteraturhistorie og filosofi. Etterkvart tok ho også til å studere både norrønt og kunnskap om den germanske oldtiden. Medan Lily gjekk i skulen lærte ho seg fransk språk, men på universitet lærte ho seg også engelsk, og etter eit opphold i Sverige sommaren 1920, også svensk. Til same tid byrja ho å studere folkloristikk/etnologi og mytologi. Då skreiv ho dissertasjonen sin om historia til juleskikkene.

Folkeminnesamlar

I løpet av dei 22 åra Lily Weiser-Aall arbeida ved Norsk etnologisk gransking rakk ho å signere 56 utsende spørjelister som til saman genererte 10 776 registrerte individuelle svar om ulike aspekt ved kvardagslivet i hele Norge.[2] Weiser-Aall vert ofte namngjeve som personen som la grunnlaget for den kunnskapsbanken NEG er i dag.

Bibliografi

Referanser

  1. Søkbar digitalkopi av Verden var hennes tekst. Forskeren Lily Weiser-Aall. En minnebok 1898–1998
  2. Moestue, A og Rosander, G. Spørrelister 1946-1995, Norsk Etnologisk Gransking (1996). ISBN: 82-91161-11-9

Mal:Spire1