Lily Weiser-Aall

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mar. 2021 kl. 08:24 av Larsma (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dr. Elisabeth (Lily) Weiser-Aall[1] (f. 18.12.1898 i Wien, d. 26.02.1987 i Oslo) var ein austerrisk-norsk folklorist og etnolog.

Slekt og familie

Lily Weiser-Aall var dotter av Dr. Hans Weiser (advokat i Wien, fødd i Radkersburg) og Luise Weiser (fødd Hess, i Heidelberg). I 1928 gifta ho seg med den norske Anathon Aall (f. 1928).

Skule og utdanning

Lily tok dei fyrste tre åra av folkeskulen heime og det 4. året ved privatskula Brabbé i Wien. I 1909 tok ho til studia ved gymnaset Foreldreforeiningas privatmiddelskule i Wien, men heldt fram ved Mädchenobergymnasium des Vereines für erweiterte Frauenbildung frå 3. klasse av. Den 7. juli 1917 avla ho eksamen arium med utmerkelse.

I oktober 1917 byrja Lily ved det filosofiske fakultetet ved universitetet i Wien, der ho studerte både tysk litteraturhistorie og filosofi. Etterkvart tok ho også til å studere både norrønt og kunnskap om den germanske oldtiden. Medan Lily gjekk i skulen lærte ho seg fransk språk, men på universitet lærte ho seg også engelsk, og etter eit opphold i Sverige sommaren 1920, også svensk. Til same tid byrja ho å studere folkloristikk/etnologi og mytologi. Då skreiv ho dissertasjonen sin om historia til juleskikkene.

Folkeminnesamlar

I løpet av dei 22 åra Lily Weiser-Aall arbeida ved Norsk Etnologisk Gransking rakk ho å signere 56 utsende spørjelister som til saman genererte 10 776 registrerte individuelle svar om ulike aspekt ved kvardagslivet i hele Norge. Weiser-Aall vert ofte namngjeve som personen som la grunnlaget for den kunnskapsbanken NEG er i dag.

Mal:Spire1

Referanser