Lisletjønnhaugen under Holen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:52 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lisletjønnhaugen
Rydda: omkr. 1872
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 12
Type: Husmannsplass

Lisletjønnhaugen ligg på strandbakken på vestsida av Lisletjønn i Bykle kommune. Tidlegare hadde han vore ein slåttestøyl for Der uppeHolen, men i 1872 sette Mikkel Olavsson Nesland opp hus, og budde her sidan som husmann til 1885.

Mikkel Olavsson var frå Nesland Der heime. Foreldra hans var Olav Mikkelsson Bratteland og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Nesland. I 1871 gifte han seg med Ingebjørg Torleivsdotter frå Holen Der uppe. Ho var dotter åt Torleiv Hallvardsson Holen og kona, Asgjerd Hallvardsdotter, fødd Nesland.

I 1885 fekk Mikkel taka over garden Der uppe hjå foreldra hennes, og budde sidan der. Han og huslyden hans er difor nærare omtala i bolken om det bruket.

Då Mikkel og Ingebjørg flutte til Der uppe, flutte det ein annan huslyd inn her:

  • Olav Auversson Gjerden (e.), f 1826, d 1911
g 1853 m Birgit Tarjeisdtr. Dale, f 1827, d 1891. Born:
  • Auver, f 1853, g m ukj., busett Øyestad, born iallfall: Peder, jfr. Bjones under Berdalen
  • Tore f 1855, d 1856
  • Tarjei, f 1857, d 1864
  • Tore, f 1860, d 1861
  • Turid, f 1861, seinare lagnad ukj.
  • Tore, f 1864, utfl. til Mo 1889, d 1920 sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1867, g 1902 m Olav Mikkelsson Holen, sjå Der uppe
  • Asgjerd, f 1871
  • Asgjerd, f 1873, 1920 tenestejente Rike, seinare lagnad ukj.

Birgit Tarjeisdotter var oppvakse i Innistog Dale. Foreldra hennes var Tarjei Olsson Dale og kona., Tore Olsdotter, fødd Myrum, som var bruksfolk på det nemnde bruket (jfr Valle VI, 27).

Olav hadde også ei dotter Anne, fødd 1852. Mora var Birgit Tarjeisdotter Bjones, som i 1874 vart gift med Andres Hallvardsson Nesland i Libu, og fylgde han til Amerika i 1883. Anne Olavsdotter gifte seg i 1878 med Olav Olavsson Dysje. Dei for til Amerika saman med mor og stykfar hennes i 1883, og budde sidan i Marshall County, Minnesota, nær byen Grygla.

Treskei i Holsloptet, reg.nr KB0057. Inntil metallbestikk slo igjennom frå 1890-åra og frametter åt dei fleste grauten sin med treskei. Kvart medlem i huslyden hadde gjerne si eiga skei, som han eller ho fann fram når det var måltid. Den me har bilete av her ser ubruka ut, og har nok berre vorte tilvirka for å ha ei reserve. Foto frå Setesdalsmuseet.

Tore Olavsdotter heldt i 1889 til på Åmdals Verk i Skafså. Ho fekk det året ei dotter, som vart kalla Berte Oline, med ein svenske som heitte Frans Jung, og etter dette meldte ho utflytjing til Mo. Der fekk ho i 1896 ei ny dotter, Hæge, med ein gift mann som heitte Olav Herjusson Skålen. I 1900 livnærde ho seg som skurekone og bærplukkar, står det i folketeljinga frå Mo det året. Ho budde då som busete på plassen Rinden under Nedrebø. I 1901 fekk ho eit nytt barn, sonen Tarjei. Faren var ein enkemann som heitte Nils Eivindsson Kalbast.

Dottera Berte Oline Fransdotter fekk i 1914 sonen Eivind Kristian med ein Karl Olsen frå Drangedal. Ho gifte seg i 1916 med Torleiv Olavsson Barstad frå Åmdals Verk, fødd 1887, og budde med han i Hyttebyen på Vistad. Mora og broren var også der. Tarjei Nilsson, broren, døydde på Vistad i 1919, mor deira året etter. Ho var då fatiglem. Berte Oline og mannen hennes flutte sidan truleg til Eidsborg, står det i Mosoga. (jfr. Mo bygdebok I, 631, jfr. 344).

At dei budde i Eidsborg vert stadfest av bygdebokforfattaren Tarjei Førstøyl i Høydalsmo, som opplyser at dei fekk iallfall to born i den bygda. Det var Olaf Bernhard, fødd på Vindlaus 1917, og Borghild, fødd på plassen Kyrkjedalen i 1919. Dei hadde også ein son som heitte Tarjei, fødd 1923, men om han var fødd i Eidsborg er uvisst, ettersom det er eit hol i kyrkjeboka frå Lårdal det året. Men iallfall tykkjest dei ha flutt frå Eidsborg til Lunde, ettersom den bygda vert oppgjeve som heimstaden deira, då dei den 20. april i det sistnemnde året byrja på reisa over Atlanterhavet med «Bergensfjord».

Dei skulle då til Kanada, står det i emigrantprotokollen frå Oslo. På reisa hadde dei med seg alle dei ovannemnde borna, også Eivind Karlsson, fødd 1914. På det punktet slepper me desse folka av syne, og vender merksemda attende mot besteforeldra åt Berte.

Alle borna åt Olav og Birgit vart døypte frå Gjerden. Etter folketeljinga frå 1865 budde dei då på plassen Myri under Der inne, men i 1875 var dei busetar i Ryningen, og kanskje var dei der til dei flutte hit i 1885. Birgit døydde her i 1891. I folketeljinga frå det året står Haugen under Holen oppført som «fatigstue». Kor lenge Olav eller borna vart buande etter at Birgit var borte, veit me ikkje, men ved folketeljinga i 1900 finn me ingen av dei i Bykle, og plassen sto då tom. Olav finn me rett nok att som «midlertidig tilstede» på plassen Krossen i Bygland. Han livde av å gjera orv og tresko, står det, og hadde Bykle som «sedvanlig bosted», men ettersom kjelda ikkje nemner han som «midlertidig fraværende» nokon stad i Bykle, veit me ikkje kvar han hadde heime.

Han vart gravlagd frå Holen i 1911, og det er sikkert rett, slik det står i den gamle gards- og ættesoga (49), at han då budde hjå dottera Ingebjørg på Haugo.

Dermed vert perioden då Lisletjønnhaugen var busett litt flytande. Det me kan seia sikkert er at her budde folk frå 1872 og til ein gong på 1890-talet.


0941 Bykle komm.png Lisletjønnhaugen under Holen er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Holenplasset • Neste bolk: Mosdøl