Lisser (Lesjaskog)

Lisser er eit mindre mo- og skogsområde rett ved (lokalt nord) for Lesjaskog kyrkje. Den gamle kongevegen gjennom bygda gjekk over her og nedover ein bakke ned mot Rauma.

Det har vore tvil om kva stadnamnet Lisser eigentleg kjem av. Sigrunn Mølmshaug skreiv i årsskriftet til historielaget i 1991: «Den gamle hovudvegen gjekk over tomta til 1888. Det var ein lang, tung bakke frå nede ved elva, og namnet Lisser kjem truleg av at det var ei lise – kvile når ein kom opp bakken». Men dessverre, uttalen av ordet, tonem 1 stemmer nok ikkje med ordet lise, som har lang vokal og tonem 2.

Lisser er ein del av kulturminneområdet kring Lesjaskogkyrkja.