Litt allmennsoge om Fedje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Litt allmennsoge om Fedje er dei innleiande kapitlane i boka Fedje og folket.

Fedje sine eigarar

Flintdolk funnen på Måsholmen i Husavatnet på slutten av 1800-talet. Den vitnar om at det har vore folk på Fedje så tidleg som om lag år 2000 f.Kr. (yngre steinalder). Det var helst fangstfolk som ikkje var fast busette her. Sjå Strilesoga I kap. 3.
Foto: Ukjend

Dei fleste trur kanskje at heile Fedje i tida før det vart sjølveige, berre hadde ein eigar. Men så enkelt er det ikkje. Det vart eineeige i første halvdel av 1700-talet. Tidlegare var det ei tredeling av eigarskapen. Husa hadde ein eigar, Kopper ein, og resten av Fedje ein tredje.

1. Husa

Flyfoto 1963. Husa framme, med torvhus ved Husavatnet fremst. Desse datt ned/vart nedrivne i byrjinga av 1970-talet. Vestkanten bak (frå venstre: Smiholmen, Sulo, Kongestolen, Muleide).
Foto: Widerøes Flyveselskap
Fedje i 2016 med Radøy bak til venstre og Øygarden til høgre.
Foto: Arne Wiken
Flyfoto 1963. Kopper på midten/til venstre, Stuberg/Grenda til venstre framme, Steinborg/Muren framme til høgre. 1. byggesteg fryseriet er ferdig. Svena bak.
Foto: Widerøes Flyveselskap

Det første sporet me finn om Fedje i dei skriftlege kjeldene, er i eit brev frå 1405, sjå òg innleiinga til Husa. Her kunngjer abbeden i Munkeliv klosterNordnes i Bergen at Husa på Fedje vart bortbygsla. Klosteret hadde fått Husa i gåve frå ein Tore. Munkeliv kloster vart grunnlagt i byrjinga av 1100-talet. Det var eitt av Noregs rikaste kloster og hadde store jordeigedomar. Ved reformasjonen i 1536 vart bygningane brende. Jordeigedomane vart lagde under kongen, men framleis administrerte under eitt, og kalla for Munkelivgodset. Dei neste gongene Husa er nemnd, er i to jordebøker for Munkeliv frå 1427 og 1463. Husa er her oppført saman med eit utal andre gardar på Vestlandet. I 1427 heiter det «Fedhiar Huus i Rodhinne», og i 1463 «Hwss i Fædhiom a Radhenne». Det ser altså ut som at Fedje var ein del av Radøy på denne tida. Seinare har det alltid hørt til Lindås (prestegjeld og skipreide). Landskylda i 1463 var på 3 laupar smør.

I ei jordebok frå 1624-1626 er Husa framleis oppført som ein del av Munkelivgodset med leidang (skatt) 1 pund tørrfisk. Landskylda var 1 pund malt eller 2 våger tørrfisk. Det er gjort denne merknaden: «ligger til hafifs».

Ifølgje lensrekneskapa frå 1647 til 1660 var Husa stadig ein del av Munkelivgodset.

Eineveldet vart innført i Danmark-Noreg frå 1660. Etter ein periode med lange og kostbare krigar, stod det dårleg til med statsfinansane. Det førte til eit stort sal av krongods eller statseigedom (jf E. Reksten). Didrik Busch frå Bergen fekk pant i Husa, og er oppført her i jordeboka frå 1661. Han hadde òg andre gardar i Nordhordland, m.a. Sævrøyna i Austrheim. Han var fut i Nordhordland frå 1657 til han døydde i 1662, tidlegare var han fut i Indre Sogn. Jf artikkel om han i «Frå Fjon til Fusa» 1957. Han var berre panthavar og var ikkje eigar av Husa. Det vart derimot Herman Garman, då han fekk skøyte frå kongen på Munkelivgodset inkl. Husa i 1662. Garman var f. 1612 Haderslev, Danmark d. 1674 Bergen, og var m.a. rådmann i Bergen, jf E. Reksten.

Garden må før 1677 ha vorten selt til Ludvig Stoud, sokneprest i St. Knuds kirke, Odense, det kan ein sjå av neste eigarskifte. Stoud hadde fleire gardar i Nordhordland, m.a. Myksvoll, Kolås, Matre, Haugsvær, Hatlevik og Seim.

Dei neste eigarane tilhørte Smidt-familien, sjå Sunnhordlandsslekter II s 339.

Ifølgje skøyte 1677 tinglyst i 1679 gjekk Husa saman med gardane nemnde ovanfor frå sokneprest Stoud til Ivar Kristensen, rådmann i Bergen. Han er nemnd som eigar i odelsskatten 1677 og 1682, sameleis i leiglendingsskatten 1686. Så må han vera død, for i 1691 og 1692 er det Ivar Kristensens arvingar som er eigar.

Neste eigar er svoger til Ivar Kristensen, Hans Henningsen Smidt, byfogd i Bergen, men det vart kortvarig, for arvingane hans er oppførte som eigar i 1694 og 1695.

Eigedomsretten gjekk deretter over til ein annan svoger til Hans Smidt, Johan Klausen Frimann, forvaltar for Halsnøy klostergods, Sunnhordland, død 1707.

Han er nemnd som eigar frå 1696 til 1700. Deretter vart Husa seld to gonger samstundes!

I 1700 skreiv Johan Frimann skøyte til dei to brukarane på Husa, Ola Jonsen (gnr 168 bnr 7-5) og Mikkel Thomassen (gnr 168 bnr 5-6) for 68 rdl kvar. I skattelistene 1701-1705 er såleis Husa nemnd som sjølveigande gods. Men trass i at skøyta vart nemnde på tinget i 1701 (sjå innleiinga til Sulo), vart det i 1706 reist odelsløysingssak av lagmann Nils Tygesen Knag, Bergen (jf Knagenhjelmb. s 5-12). Han hadde fått skøyte av Villum Frimann (på vegner av faren Johan Frimann) på Husa i 1705, og dette vart lese på vårtinget i Lindås 1706. Ola var død i mellomtida, og det var enkja Brita Lassesd og versonen Per saman med Mikkel som møtte. Dei la fram skøyta frå 1700. På spørsmål svarte dei at dei visste om lagmann Knags kjøp, og at han som ei minneleg ordning hadde bydd dei å få pengane tilbake for jorda. Dette var dei lite lystne på. Etter litt fram og tilbake, vart likevel partane forlikte, slik at lagmann Knag fekk eigedomsretten til Husa mot å betala tilbake det brukarane hadde lagt ut. - Så nære var det altså at Fedje fekk sjølveigande brukarar så tidleg som i 1700! No skulle det gå nesten 200 år før det vart gjennomført. Lagmann Knag var oppført som eigar av Husa på skattelistene frå 1708 til 1713. På sommartinget i 1700 stemna han alle oppsitjarane på Fedje for manglande betaling av lagmannstoll (ei årleg avgift til lagmannen). Ingen møtte for retten, heller ikkje på vårtinget året etter. Dommen var at alle skulle betala til lagmannen innan 14 dagar med varsel om utlegg i det dei eigde.

I 1713 fekk Dankert Dankertsen skøyte frå lagmann Knag på Husa og Kopper, sjå pkt 3 og 4 her samt Kremmarholmen nr 4.

2. Kopper

Skoskatten i 1711 var ein ekstraskatt i samband med dei mange krigane som vart førde på denne tida, kongen hadde stendig bruk for pengar. Skattelistene gir eit fint oversyn over dei som budde på Fedje på denne tida. Rett nok er berre mannen sitt namn oppført, men me får vita om han hadde kone, born over 15 år (det var dei som brukte sko!) eller tenarar. Originalen finst i futerekneskapen for Nordhordland i Riksarkivet, Oslo. Teksten lyder slik: «Lindaas Schibrede. Gaardenis Navne og No. efter skadte Matriculen. Opsiddernis Navne. Hvor mange udi enhver famillie med kone, børn og tienere findes. Fontange (hovudpynt for kvinner) samt tienestefolchs løn schadtebidrag. Eide, Sturen (Brotet), Muhren, N. Stuberg, Øfre Stuberg, Ophougen.» Resten av opplysningane er nemnde på dei einskilde bruka, sjå der.
Foto: Digitalarkivet

I ei jordebok frå 1624-26 er Kopper oppført som del av Apostelgodset med leidang (skatt) 18 merker tørrfisk. Landskylda var 2 våger tørrfisk. Dette er den første kjelda som syner kven som eigde Kopper. Apostelgodset var det jordegodset som tilhørte Apostelkyrkja i Bergen, grunnlagd i 1275. Apostelkyrkja vart rive få år før reformasjonen i 1536. Jordegodset vart då lagt under kongen, men framleis kalla Apostelgodset. Kopper må derfor ha tilhørt Apostelkyrkja alt før 1536, og kanskje endå tidlegare.

I skattematrikkelen 1647 var Kopper framleis ein del av Apostelgodset, sameleis ifølgje lensrekneskapen frå 1648 til 1660, og jordeboka 1661.

Slik som for Husa, tilhørte dei neste eigarane Smidt-familien, sjå Sunnhordlandsslekter II s 339-340. I byrjinga av 1660-talet fekk brørne Peder, Nils og Hans Hansen Smidt hand om Apostelgodset i Nordhordland inkl. Kopper. Peder var f. 1617 d. 1678 og m.a. fut i Nordhordland frå 1650 til 1654 og rådmann i Bergen. Nils d. 1699 var stiftsskrivar i Bergen. Hans vart seinare eineeigar av Kopper, sjå nedanfor.

I 1678 fekk lagmann i Bergen og Gulating Hans Hansen Smidt, adla Lillienskjold i 1676, skøyte på Kopper samt Øksneset, Fjellsenda, Kvalvågen og Fonnebost, alle i Lindås prestegjeld. Han var farbror til Hans Smidt som eigde Husa. På skattelistene i 1682 og 1686 var det såleis Hans Lillienskjold som var oppført som eigar av Kopper. Han hadde elles store jordeigedomar på Vestlandet.

Ved skiftet etter Hans Lillienskjold gjekk jordegodset hans i Nordhordland, Sogn og Nordfjord til versonen Jens Nilsen Rosenheim, justitiarius i Overhoffretten i Noreg. Kopper var ein del av dette godset. Han selde og skøytte det i 1689 over på svogeren sin, amtmann i Nordmøre og Romsdal Jonas Lillienskjold (son av Hans). I skattelistene 1691 og 1692 var det såleis Jonas, då kalla kanselliråd, som stod som eigar av Kopper. Frå 1694 til 1703 var det enkja til Jonas, Sissel f. Kaas, som var eigar.

Lagmann Nils Knag fekk i 1703 tinglyst skøyte på Kopper frå Sissel Kaas, og var eigar til 1713. Han kjøpte òg Husa, sjå der.

I 1713 fekk Dankert Dankertsen skøyte (tinglyst på vårtinget 1714) frå lagmann Knag på Kopper og Husa, sjå pkt 3 og 4 her samt Kremmarholmen nr 4.

3. Fedje utanom Husa og Kopper

Den første gongen me får vita noko om eigedomstilhøva for resten av Fedje, var i skattematrikkelen 1647. Her heiter det at eigaren er «Kongl. May. wnder slotted». Det vil seia at det var staten eller kongen som stod som eigar. Slik var det òg nemnt i lensrekneskapane frå 1648 til 1655, og i jordeboka 1661.

Ifølgje leiglendingsskatten 1686 tilhørte desse gardane framleis kongen, men han hadde pantsett dei til biskopen i Bergen. Det var såleis bispestolen i Bergen som stod for administrasjonen av denne delen av Fedje etter skattelistene frå 1691 til 1714. Men staten eller kongen var eigaren.

Sjølve kremmarleiet vart selt til Dankert Dankertsen (sjå Kremmarholmen 4) i 1707 ifølgje eit seinare skøyte frå 1741. Eit skriv i 1711 frå stiftamtmannen i Bergen syner at Dankertsen hadde sendt ein førespurnad om i tillegg å få kjøpa dei plassane og øyane som var kongen sin eigedom. Han baud 50 rdl for dei. Stiftamtmannen svarte at han kunne få dei for 100 rdl. Truleg tykte Dankertsen det var for mykje, for det vart ikkje noko kjøp denne gongen. I staden kjøpte han Husa og Kopper av lagmann Nils Knag i 1713. Resten av Fedje hørte derfor framleis til kongens jordegods ifølgje jordebøker frå 1731 til 1736. Men familien Dankertsen må ha styrt dette godset på vegner av kongen, for bygselbreva frå 1720 og framover er skrivne i deira namn.

I jordeboka for 1737 heiter det: «De 20 stk. fiskeværs eller rødningsplasse paa øen Fædie som til Madame sal. Dankert Dankertsen i Bergen efter kong. skiøde er bortsolgt...». Fru Gjertrud Dankertsen hadde altså kjøpt resten av Fedje i 1737, med skøyte tinglyst same året. Ho stod no som eineeigar av øya med gjestgivar- og handelsstaden. Husa og Kopper hadde ho overteke etter mannen som døydde i 1724.

På denne tida var det også vanleg at kyrkjene kom i privat eige. I 1724 fekk såleis Dankert Dankertsen skøyte på alle kyrkjene i Lindås prestegjeld, m.a. «capellet Fedie», som det vart kalla (kapellet er første gongen nemnd i ei liste over kyrkjene i Bergenhus len frå 1625, jf E. Reksten). Seinare var det sorenskrivar Tønder som eigde Fedje kyrkje, og etter hans død fekk prokurator Hans Ottesen skøyte på den i 1741. Neste eigar av kyrkja var sokneprest i Lindås Ludvig Daae (jf Lindåsb. III s 520). I 1770 fekk eigaren av Fedje Dankert Dankertsen Heiberg skøyte på Fedje kyrkje. Sidan hadde kyrkja same eigarane som resten av Fedje, til brørne Kristoffer og Arnold Kahrs (Kremmarholmen 17a og 17b) skøytte den til Fedje sokn i 1854 for 100 spd.

4. Heile Fedje

Som det går fram av pkt 3 vart altså Gjertrud Dankertsen eineeigar av Fedje i 1737. Familien skulle få ha hand om øya til 1799.

Gjertrud skøytte Fedje til sonen Joakim Dankertsen i 1741, skøytet vart tinglyst same året. I 1768 fekk søstersonen hans Dankert Dankertsen Heiberg skøyte for 2200 rdl, tinglyst i 1769. Ved skiftet etter han i 1796 gjekk eigedomsretten til Fedje over til sonen hans Anders Dankertsen Heiberg. Sjå meir om desse på Kremmarholmen (4).

I 1799 selde Anders Dankertsen Heiberg Fedje samt fleire gardar i Nordhordland til stadshauptmann i Bergen Kristoffer Kahrs (sjå Kremmarholmen 16). Kahrs-familien stod som eigarar fram til 1875. Ved skiftet etter Kristoffer i 1811 var det sonen Kristoffer Kahrs jr. (Kremmarholmen 17) som fekk hand om Fedje og m.a. Toftegård i Austrheim, der han busette seg. Sønene hans, Kristoffer og Arnold Kahrs (Kremmarholmen 17a og 17b), fekk skøyte på Fedje ved auksjonen etter mora sin død i 1839, og dei flytta til Kremmarholmen.

I 1859 delte dei Kremmarholmen i to bruk, og Arnold selde sin del til Elling Eriksen, og flytta til Gulen (sjå Kremmarholmen bnr 2). Slik kom det ein «utanforståande» inn som eigar av ein del av Fedje.

I 1874 døydde Kristoffer Kahrs. Broren budde som nemnt ikkje lenger på Fedje, familien hadde slutta med handelen, og det såg ut som familien hadde mista si tidlegare dominerande rolle på Fedje. Då det så melde seg ein kjøpar, tok det ikkje lang tid før eigedomsretten til Fedje var kommen over på nye hender.

Det vart først inngått ein kjøpekontrakt datert 27. januar 1875. Det var amtsagronom Peder Pedersen Frostad som her stod som kjøpar. Han var fødd 1831 i Kvam, og vart amtsagronom i 1861. Han vart interessert i torvtaking, og reiste m.a. på studietur til Danmark for å setja seg inn i torvskjering. Han hadde òg ein tur i kystbygdene, og fekk då innsyn i den store rikdomen på brensel som låg i torvmyrane. Sjå Kvamb. II s 172, samt artikkel om han i «Frå Fjon til Fusa» 1966.

Det var imidlertid eit vilkår som måtte oppfyllast før handelen på Fedje kunne gå i orden. Det var at hamna på sørenden av øya, i «Æskjersundet», «ved sagkyndig dom erklæres brugbar og sikker for de fornødne fartøier der måtte behøves ved et eventuelt anlæg av en større torvdrift i den såkalte Storemark...». Det var altså ein fagperson innan landbruk som kasta sine auge på dei gode torvmyrane på Fedje og kva desse kunne gje av lønsam drift. I motsetnad til på nordenden av øya var det ikkje gode hamner på sørsida. Men for å kunna driva forsvarleg med torvuttaking, var amtsagronomen avhengig av å kunna skipa torva frå ei hamn ved sørenden pga avstanden til torvmyrane. Dei tilkalla ekspertane må ha funne ut at hamna i Æskjersundet var god nok for utskipinga av torv, for 3. april 1875 vart det skrive skøyte frå Arnold Kahrs og Andrea Kahrs, enkja etter Kristoffer. Men amtsagronom Frostad vart ikkje ståande som kjøpar. Han formidla same dagen handelen vidare til eit nyskipa aksjeselskap, Fedje Torvkompagni. Dette vart den nye eigaren av Fedje, med unnatak av Kremmarholmen som og inkluderte den nordvestre delen av øya («Vestkanten») samt bruket Børo. Desse områda vart ståande i eiga til brukarane Kahrs og Eriksen/Langeland, slik det vart delt i 1859. Etter kvart vart også dei vanlege fiskarar og gardbrukarar, slik at det vart slutt på Kremmarholmen si dominerande rolle på Fedje. Frostad gjorde ei god forteneste på denne formidlinga. Han kjøpte eigedomen for 8000 spd, og selde han vidare for 14000 spd. At kjøpesummen no var vorten så høg, samanlikna med 1839 (3100 spd), må naturleg hengja saman med dei gode økonomiske utsiktene det nye selskapet såg for torvdrifta, ved sida av at det også elles var ei tid med stigande jordprisar.

Flyfoto av Fedje frå 1963.
Foto: Widerøes Flyveselskap

I 1877 fann driftsstyrar Frostad og Fedje Torvkompagni ut at dei ville krevja ei frådeling av Stormark med torvmyrane der. Desse hadde til då vore felleseige for alle bruka på nordenden av Fedje. Denne utskiljinga vart fullført i 1878 og 1879. Stormark vart dermed ein eigedom for seg sjølv, men framleis utan at nokon var busett her. Det som så skjedde, var at ein byrja å selja dei einskilde bruka på Fedje til oppsitjarane. Dermed fekk ein dei aller første sjølveigarane som var vanlege fiskarar og småbrukarar. Kvifor hende dette akkurat no?

Eigarsituasjonen på Fedje endra seg vesentleg i 1875. Dei nye eigarane var primært opptekne av ressursane i torvmyrane og utvinninga av torv. Inntektene frå leiglendingane spela ei mindre rolle for dei. Dei var heller ikkje involverte i handelen på Fedje. Dei hadde sytt for at det interessante området for dei, Stormark, var utskilt som ein eigedom for seg sjølv. Dei hadde derfor inga interesse av å verta sitjande med alle dei andre bruka lenger. Tvert imot ville ei salsinntekt vera god å ha i den vidare drifta med tilhørande investeringar i torvbruket. Dermed låg alt til rette for eit omfattande sal av dei tidlegare bygselbruka.

Men det var sjølvsagt ein føresetnad at brukarane var i stand til å kjøpa bruka sine. Den gode sildeperioden slutta rundt 1870, så slik sett skulle ikkje dette vera ein gunstig periode for kjøp. Kanskje hadde folk lagt til sides pengar i dei relativt gode åra, i von om at dei skulle få kjøpa gardane sine? Frå 1890-talet tok fisket seg opp att. Det kan vera bakgrunnen for at så mange var i stand til å kjøpa bruka sine i denne perioden.

Overgangen til sjølveige er nærare omtala under dei einskilde bruka, sjå der.

5. Tidelege bygselsmenn på Fedje

Det er ikkje alltid like lett å gardfesta dei brukarane på Fedje som er nemnde i kjeldene på 1500-talet. Me veit berre at dei budde ein stad på Fedje. Der gardsnamnet er nemnt, er dei førte under dei respektive bruka.

I rekneskapen for Bergen kongsgard i 1519 var det ein Mikkel Bjørnsen på Fedje som betalte 2 våger råskjer (tørrfisk) i naudtoll. I 1520 er Øivind i Fedje nemnd, han fekk 2 laupar salt «til forvare fisk met».

11518 måtte Henrik Hansen, Jørgen Pålsen, Arne Jonsen, Håkon Villumsen, Anders Thomassen, Hans Henriksen, Villum Monsen, Anders Villumsen og Nils Andersen betala dronningsskatt med ei halv tønne fisk kvar. Så me ser at det var mange brukarar på Fedje alt då, men me veit altså ikkje på kva for gard desse budde. I 1518 vart det sendt 3 tønner salt til Fedje fiskevær for å salta fisk med, så det var mykje arbeid med tilverking av fisken.

I 1519 var det eit manntal for Nordhordland i rekneskapen til Bergen kongsgard. I Lindås skipreide «i Fiet» er desse nemnde: Alvuer (Halvor Kopper bnr 1-1?), Arne, Jon, Villum, Håkon, Anders, Arnold, Knut, Jørgen, Nils, Hans og Mikkel. Dei fleste av desse var dei same som var nemnde ovanfor. Dersom dette stemmer, var det altså 12 familiar på Fedje dette året. Dersom me seier at det var eit gjennomsnitt på fire personar for kvar familie, vert folketalet rundt 50 personar.

Ola Persen som budde på Fedje, overdrog odelsjorda si på Shetland til David Sandersen i Refjord på Shetland ifølgje eit brev frå 1567. Me veit ikkje kvar på Fedje Ola budde, han kan ha vore Ola Vika (1) nemnd i 1563. Dette brevet syner at det tidleg har vore samband mellom Fedje og Shetland. I ei oppteikning frå 1753 av presten Thomas Angell i Lindås (jf Lindåsb. III s 519) heiter det at det var engelskmenn og skottar som var dei første som busette seg på Fedje. Restane av steinhusa deira kunne ein då enno sjå. Dei norske skulle ha komme først rundt 1550. Men personnamna i 1518 og 1518 tyder på at det var norske her alt da, og sikkert endå tidlegare. Det er meir truleg at Fedje vart brukt som eit standkvarter for Vestlandet for den utstrekte handelen skottane dreiv med Noreg på 1400- og 1500-talet. Slik kunne det bu ein del frå Skottland eller Shetland her, men hovudtyngda av folket på Fedje var nok norske.

Jordbruket på Fedje

1. Jordbruket si rolle

Ifølgje folketeljingane på 1800-talet var den heilt dominerande levevegen fiske kombinert med jordbruk. Fedje har lite dyrkbart areal og ligg vérhardt til, så det er grunn til å tru at jordbruket spelte ei atskilleg mindre rolle enn lenger inne i landet. Men det var likevel viktig med eit lite bruk der ein kunne produsera varer til bruk i hushaldet i tillegg til fisken, spesielt i tida med naturalhushald og før det vart vanleg å få slike varer i handelen.

Her er nokre synspunkt frå dei 5-årlege amtmannsmeldingane:

1831-1835: Jordbruket er på eit lågt plan, hakke og spade vanleg. Det er liten vilje til omstilling. For folk ved havet er fiskeria meir tillokkande enn jorddyrking. Havre er nesten einaste sådart, og mykje korn må kjøpast, då avlinga vert for lita til å dekkja eigen bruk. Potetdyrkinga er i vokster.

1836-1840: I havområda, der fisket er viktigast, vert det ikkje arbeidd med den krafta i jordbruket som i dei indre distrikta. Jorda vert dyrka av kvinnene, då mennene ligg på sjøen. Dei er ikkje skikka til det slitsame arbeidet som jordbruket krev. Det er framleis vanleg med hakke og spade. Det er ikkje lønsamt med hest, folk ber sjølve ut gjødsla i kiper.

1841-1845 og 1846-1850: Amtmannen klagar framleis over at havbøndene tek for lett på jordbruket.

1851-1855: Det står framleis dårleg til med jordbruket, dels på grunn av for dårleg opplysning blant folk. Spade og hakke er enno den vanlege reiskapen, spesielt i dei ytre stroka. Vekselbruk vert ikkje nytta. Mange har no komme til at det er betre med færre og godt fôra kyr, enn mange og dårleg fôra (såkalla sveltefôring). Skabbsykja på sau, som tidlegare har vore plagsam, har minka, m.a. på grunn av tiltak frå dyrlege, som vart tilsett i amtet på slutten av 1840-talet.

Så eit hopp til 1871-1875: Slutten på vårsildfisket i perioden har gjort at mange har satsa meir på jordbruket enn før, men for dei ytste kyststroka gjer dei små bruka det vanskeleg å få særleg meir ut av jordbruket.

Vidare til 1881-1885: Det er ein viss framgang i jordbruket i perioden. Grøfting vert utført, og utmark vert oppdyrka. Jernspade/jerngreip har komme i staden for tilsvarande av tre, og plogar er innkjøpte i ein del bygder. Nye uthusbygg er reist, og ein del så- og haustemaskiner finst. I Nordhordland vert det som før dyrka havre og potet, som i snitt gir 4,6 og 7 foll. Utskiftinga har vore i framgang. Svelteforing av dyra er meir sjeldsynt, rikelegare fôring og betre røkt er innført fleire stader. Skabbsykja på sau er heilt borte.

Som ein kan sjå av desse utdraga, var amtmannen lite nøgd med den måten jordbruket vart drive på, spesielt i havdistrikta. Men dette var nok ein typisk «embetsmannsmåte» å sjå det på. Dei var vande med å sjå på jorda og jordbruket som det viktigaste, då det var fast eigedom som kunne gi nokolunde sikre inntekter frå år til år. Borgarlege rettar som stemmeretten var òg knytte til fast eigedom, som derfor gav status i samfunnet. Det verkar som embetsmennene hadde mindre sans for fiskerinæringa og det utbyttet ein kunne få her. Det var mindre handfast og meir usikkert. Spesielt urimeleg slår denne synsmåten ut for Fedje, der ein ikkje kunne ha overlevd utan fisket, då jordbruket hadde så dårlege vilkår.

Så ein må nok gå ut ifrå at jorda på Fedje vart halde ved like og dyrka så godt som det lét seg gjera med dei føresetnadene ein hadde. Dette var og eit vilkår som var sett i bygselkontraktane av jordeigaren. Sjølvsagt hadde nyvinningar som potetdyrking og mindre sveltefôring av dyra òg stor verd for Fedje, slik at det òg var rom for betringar her. Men det viktige med jordbruket var at det gav eit supplement til det utbytet ein fekk ifrå fisket, med jordbruksvarer samt hus og heim.

Det ser ut til at kombinasjonen mellom jordbruk og fiske ikkje skulle by på dei store problema, trass i amtmannen sine merknader. Det største sesongfiskeriet, vårsildfisket, gjekk føre seg i januar - mars. Då var det lite å gjera i jordbruket utanom husdyrstellet, som kvinnene tok seg av. Våronna saman med torvtakinga, som gjorde at våren var den mest arbeidskrevjande perioden, hadde mennene godt høve til å vera med på, då det var mest heimefiske på denne tida. Om sommaren og hausten kunne det vera ein viss kollisjon mellom innhausting og sommarfisket etter sild mv. På desse årstidene fall nok ein stor del av onnearbeidet på kvinnene og halvvaksne born.

Folketeljingane i perioden 1835 - 1875 fungerte òg som jordbruksteljingar. Tabellen under syner desse tala over utsåd og husdyr:

Utsåd og husdyrhald 1835 - 1875
År Utsåd (tønner) og foll


Husdyr

Havre Potet Hest Storfe Sau Geit Svin
1835 14,5 3 f. 13,5 5 f. 0 81 132 0 0
1845 - - 0 96 184 0 2
1855 23,7 4 f. 18,4 4 f. 1 151 338 2 0
1865 29,4 3 f. 47,5 3,5 f. 0 204 223 2 1
1875 28,8 44,0 0 169 410 0 0

1 tønne = 139 liter


Utsådet av havre auka frå 14,5 tønner i 1835 til eit snitt på 27,3 tønner i åra 1855 - 1875. Utsådet av potet syner ein kraftig auke frå 1835 og 1855 med 13,5 og 18,4 tønner, til 47,5 og 44 tønner i 1865 og 1875. Det må vera i desse åra at potetdyrkinga slo igjennom for alvor på Fedje. Den gav betre avkasting enn havre, og saman med silda utgjorde den ein viktig del av kosthaldet. Avkastninga, eller folltalet, er lågare enn det som amtmannen gav opp som gjennomsnitt, noko som hang saman med dei dårlegare tilhøva for jordbruket på Fedje.

Talet på husdyr synte stor auke frå 1835 til 1875, med nokre svingingar undervegs. Sauetalet var lågt i 1865 pga stor nedslakting rundt 1860 med årsak i skabbsjukdom. I 1875 er igjen talet oppe på eit meir normalt nivå. Talet på kyr var høgast i 1865. At det er lågare i 1875, kan ha samanheng med overgang til meir moderne driftsformer med mindre sveltefôring gjennom vinteren.

Dersom ein reknar om tala i tabellen til gjennomsnitt pr innbyggjar, får ein desse tala for jordbruket:

Gjennomsnittleg utsåd og kyrlag pr innbyggjar


År

Tønner utsåd


Kyrlag*)

Havre Potet
1835 0,07 0,06 0,48
1845 - - 0,55
1855 0,10 0,08 0,88
1865 0,10 0,17 0,86
1875 0,09 0,14 0,76

*) 1 kyrlag = 1 storfe = 6 sauer = 6 geiter = 2 svin = ½ hest


Tala for heile Lindås prestegjeld var i 1865 på 0,32 og 0,43 for utsåd, og 1,53 kyrlag, og Austrheim sokn inklusiv Fedje 0,25, 0,40 og 1,31 (sjå artikkel J.R. Myking i «Frå Fjon til Fusa» 1978). Det er derfor klart at Fedje hadde ein mykje lågare jordbruksproduksjon enn elles i Nordhordland. Dette kunne ein òg venta seg, med Fedje sitt vesle areal og utsette leie. Jordbruket si minimale rolle vart og stadfesta gjennom medisinalberetninga for 1898, der det vart sagt at «udelukkende fiskere er kun et fåtall (dvs. i amtet), nemlig beboerne af Fedje».

Jordbruksproduksjonen var altså relativt marginal på Fedje, og dette hadde naturleg samanheng med naturtilhøva. Men jorda gav likevel eit viktig supplement med mjølk, smør, kjøt, havre og potet til eige bruk. Den aukande mengda av folk som ikkje hadde tilgang til eiga jord, var straks dårlegare stilt. Dei måtte kjøpa/byta til seg eller eventuelt vera forutan ein del av desse produkta. Med dei dårlege vilkåra for jordbruket måtte alle lita meir på fisket, og variasjonane i fisket hadde meir å seia, både på godt og vondt.

2. Talet på bruk

I 1799 var det 34 oppsitjarar på Fedje, jf Kremmarholmen 16. Ved folketeljinga i 1865 var talet på bruk det same, då det var 34 bruk som vart rekna som gardar. Men talet på husstandar totalt var auka. Det var 15 husmenn med og utan jord. I 1875 var talet på gardsbruk om lag det same, 33, medan talet på husmenn var auka til 27. Her er det gjort eit skilje mellom dei med og dei utan jord ved registreringa. 8 var husmenn med jord, og 19 utan. I 1891 var talet på husmenn auka til 34, og no var berre 5 av dei med jord. Derimot heldt talet på gardar seg på same nivå. Det var rett nok auka til 39, men det hadde si årsak i 6 nye bruk på Stormark.

I motsetnad til i dei fleste andre bygder, var det altså lite eller inga bruksdeling av dei opprinnelege gardane på Fedje etter kvart som folketalet auka utover på 1800-talet. Den einaste delinga som skjedde før 1900, var då Kopper bnr 2 vart delt i 1894 (sjå nr 14 der). Det kom til ein del nye bruk i samband med nyryddinga på Stormark, men elles måtte den aukande folkemengda kanaliserast inn i gruppa kalla husmenn. Dei færraste av desse hadde tilgang på jord. Slik voks gruppa av dei som måtte ha fisket som eineyrke, og den utgjorde alt i 1891 nesten halvparten av husstandane. Jorda var knapp, og dei som hadde tilgang på den, var lite villige til å dela den med andre.

Talet på gardsbruk heldt seg om lag på same nivå også i 1900 og 1910, respektive 40 og 43. Så vart det eit hopp fram til 1920. Av folketeljinga dette året går det fram at det var 57 gard- eller småbrukarar. Dette stemmer og bra med talet på bruk som fekk partar av torvmyra i Stormark ved kjøpet i 1920 (jf innleiinga om Stormark). At talet på bruk var komme opp i nærare 60, hadde samanheng med at dei tidlegare husmannsplassane med jord no var komne i sjølveige, i tillegg til fleire nye bruk på Stormark. Her hadde det òg skjedd ein overgang til sjølveige i åra før 1920.

3. Jordbruksteljinga 1949

Ved jordbruksteljinga i 1949 var talet på bruk komme opp i 66. Dei hadde denne fordelinga:

Gardsbruk på Fedje 1949
dekar 2,1-5 5,1-10 10,1-20 20,1-35 35,1-50
gardsbruk 1 19 41 4 1


Denne auken kom som ei følgje av ein del deling av dei eldste bruka, men hovudårsaka var at mange små plassar no hadde vorte definerte som gardsbruk. Desse kom i gruppa på bruk med mellom 2,1 og 10 dekar, der det er oppført heile 20 bruk. Det går klart fram at bruka på Fedje elles og var jamt små. Hovudtyngda var på mellom 10,1 og 20 dekar jordbruksareal, og berre eitt var på mellom 35,1 og 50. Det var derfor klare grenser for kva ein kunne makta å få fram av jordbruksprodukt, som tidlegare nemnt. Dette kjem endå tydelegare fram når ein ser på kva for reiskap ein hadde. Av landbruksmaskiner som traktor, mjølkemaskin, separator, plog, harv, så/sette/slåmaskiner er absolutt ingen oppførte! Jordbruksproduksjonen må altså ha vore marginal.

Det einaste som vart dyrka ifølgje teljinga i 1949, var potet med i alt 28,4 dekar. I tillegg kom 866,9 dekar eng, og 2026 dekar dyrkbart, men udyrka areal, som for ein stor del vart brukt som beite. 1660 dekar av dette var fastmark eigna for fullstendig dyrking. At dette arealet aldri vart dyrka, kan hengja saman med trongen for beite for husdyra. Dersom dette arealet skulle dyrkast, ville det verta for lite område igjen til beitemark, ikkje minst dersom auka dyrkamark førte til fleire dyr. Det var derfor ei lite aktuell problemstilling å dyrka opp den elles dyrkbare utmarka.

For å få eit endå betre inntrykk av jordbruket, kan me sjå på dyretalet i jordbruksteljinga i 1949. Det var ingen hestar på Fedje, mot 187 i nabokommunen Austrheim. Det var i alt 161 storfe på Fedje, eller eit snitt på 2½ pr bruk. Sauetalet var på 457, som utgjorde 7 pr bruk i gjennomsnitt. Det var 6 grisar, 242 høns, 25 ender og 1 kalkun. Med desse låge dyretala seier det seg sjølv at det var lite igjen for vidaresal etter at hushaldet hadde fått sitt. Likevel var det utruleg nok meieri på Fedje frå 1899 til 1907, sjå Kopper bnr 2-15.

Utover på 1950-talet vart det meir og meir slutt på storfehaldet, slik at det rundt 1960 omtrent ikkje var kyr igjen på Fedje. Dette kan kanskje dels setjast i samanheng med starten på Bjelland i 1953. Mange husmødre/gardskoner kunne då få ei ekstraforteneste gjennom arbeid der, og ein valde dermed å slutta med mjølke- og kjøtproduksjonen. Sauehaldet derimot, har halde fram i større eller mindre omfang heilt til våre dagar.

4. Utskifting av jorda

Ettersom bruka meir og meir var komne over i sjølveige frå 1877 og framover, vart tanken om utskifting av jorda og tilhørande flytting av hus meir aktuell.

Utskiftingskarta syner at det var eit omfattande «lappeteppe» med spreidde teigar rundt omkring. Tida skulle derfor vera moden for ei meir rasjonell bruksinndeling.

Denne prosessen starta opp i 1894 etter krav frå fleire av brukarane. I 1900 var såleis innmarka ferdig utskifta for gnr 168 Fedje (27 ulike bnr). Dette omfatta dei fleste av bruka på Fedje, og hadde derfor mest teigblanding på innmarka. Av gnr 168 var det såkalla Nedrelandet først ferdig utskifta i 1896, Kopper i 1899 og til slutt Husa i 1900. På Moldøyna vart ikkje innmarka utskifta før i 1959.

Den felles utmarka for gnr 168 samt gnr 167 Rognsvågen (2 bnr) og 170 Moldøyna (5 bnr), vart i neste omgang ferdig utskifta i 1904, med endeleg overutskifting i 1909. Denne utmarka omfatta Husøyna mellom busetnaden på nordenden av Fedje og grensa mot Stormark ved Sildevågen (sjå kart), samt holmane nord for Fedje. Desse områda vart brukte til sommarbeite for husdyra.

Som ei naturleg følgje av utskiftingane av innmarka, vart det naudsynt med flytting av husa på dei fleste bruka. Det vart no slutt på klyngetuna som spesielt hadde vore dominerande på dei største gardane Husa og Kopper. I rapportane frå distriktslegen i Lindås (i medisinalberetningane) i åra etter hundreårsskiftet var nybygginga av hus ein del omtala. I 1902 vart det sagt at bustadtilhøva vart stendig. betre, og at ikkje minst utskiftingane var ein viktig pådrivar. I 1906 vart Fedje nemnt konkret som eksempel på den stendiga nybygginga, øya var «aldeles ukjendelig, sammenlignet med før». Også i 1910 vart det trekt fram at det var bygd ei mengd nye hus på Fedje dei siste åra. Dette vart forklart med gode økonomiske tider. Men i tillegg kom inspirasjonen og trongen som utskiftingane førte med seg. Husa måtte flyttast, og då kunne ein likså godt byggja nye og også større hus, når ein i tillegg hadde økonomi til det.

Folketalet på Fedje

Det første nokolunde sikre overslaget over folketalet på Fedje (og Noreg elles) kan me få frå manntal som vart tekne opp omkring 1664-1666. For Fedje er det soknepresten sitt manntal frå 1666 som er teke vare på. Det synte eit folketal på Fedje på 113 personar. Korleis utvikla dette seg sidan, fram til våre dagar?

Frå 1666 til 1801 har me ikkje så mange haldepunkt, det var eit nytt manntal i 1701, og i 1769 kom så den første fullstendige, norske folketeljinga. Den neste kom i 1801, og sidan kom dei stort sett med 10 års mellomrom.

Manntal/teljing år Folketal
1666 113
1701 107
1769 163
1801 131


Det var ein nedgang frå 1666 til 1701, som kan skyldast uår/epidemiar og eventuelt flytting til Bergen. For perioden 1701 til 1769 hadde Fedje ein auke på heile 52 %. Utgangspunktet i 1701, 107 personar, var sjølvsagt lite, slik at ein stor absolutt auke fekk store prosentvise utslag. Ein må likevel kunne seia at denne utviklinga er verdt å merka seg, ikkje minst når ein ser at folketalet gjekk ned igjen frå 163 til 131 frå 1769 til 1801, altså med 20 %.

Det er sannsynleg at denne kraftige auken i busetnaden på Fedje fram til 1769, må henga saman med næringstilhøva og spesielt fiskeria. Det var ein gunstig vårsildperiode på Vestlandet frå sist på 1600-talet. Frå 1720-åra spreidde innsiget seg nord til Stad, der det heldt seg fram til midten av 1750-talet. Ein må kunna tru at Fedje låg slik til at fiskarane her kunne dra nytte av dette innsiget, og ta del i den store produksjonen som rekordhøge eksporttal for 1730/1750-åra syner. Frå 1757 og fram til den neste sildeperioden byrja igjen i 1808, var silda borte frå området nord for Bergen. Folketalsutviklinga for Fedje på 1700-talet samsvarte altså i store trekk med svingingane i vårsildfisket.

Folketalet 1801–1930

Folketeljingar Fedje.png

I perioden frå 1801 til 1930 auka foketalet frå 131 til 815 personar, altså litt over ei seksdobling. Folketeljingane syner denne utviklinga:

Som ein kan sjå, var det ein jamn auke gjennom heile perioden. Tabellen syner imidlertid ei høgare stigning frå og med 1875, slik at folketalet frå då av byrja å skyta fart. Det var om lag ei dobling av folketalet på dei 75 åra frå 1801, og ei ytterlegare tredobling på dei 55 åra til 1930.

Ser ein på dei einskilde periodane for seg sjølve, kan ein spesielt merka seg den store auken frå 1815 til 1825, frå 1875 til 1891, og frå 1910 til 1920.

Det var ikkje nedgang i folketalet i nokon del av perioden, men det var berre ein svak vekst frå 1801 til 1815, frå 1835 til 1845, vidare frå 1845 til 1855, frå 1865 til 1875, og frå 1920 til 1930.

Det vil vera å gå for langt her å komma inn på årsakene til desse svingingane i utviklinga, men ein kan iallfall merka seg den nemnde auken frå 1875 til 1891. Rundt 1870 slutta den gode vårsildperioden som starta i 1808, og i dei fleste kystområda vart det som ei følgje av dette ein stagnasjon eller minking i folketalet, medan Fedje kunne syna til ein stor auke. Ein stor del av bakgrunnen av dette var utbygginga av den nye grenda på Stormark frå midten av 1880-talet, som gjorde at folket her i 1891 utgjorde vel 10% av folketalet for heile Fedje.


Fødselsoverskot 1801–1930

Demografi Fedje.JPG

Elles vil fødselsoverskotet spela inn på folketalsutviklinga, den neste figuren syner talet på fødde og døde frå 1801 til 1930.

Ein ser her tydeleg det store dødstalet i 1849 og dei mange fødslane året etter, som følgje av koleraepidemien. Elles peikar det store fødselsoverskotet frå rundt 1890 seg ut, det er dette som er hovudårsaka til den store folkeauken frå då og framover, då det i heile perioden frå 1891 var ei netto utnytting frå Fedje. I 1910 var det mange døde samanlikna med dei andre åra i denne tida, det ser ut til å ha samanheng med ein tuberkuloseepidemi som braut ut då.





Utvikling i folketalet etter krigen

Fedje folketal 1946-1996.JPG

Den neste tabellen syner utviklinga i folketalet etter krigen ifølgje folketeljingane.

Frå eit folketal på 815 i 1930, skjedde det altså seinare ein auke, slik at folketalet låg på i overkant av 900 i åra etter krigen fram til 1960, med ein topp i 1950 på 943 personar. Dette er det høgaste registrerte folketalet for Fedje. Seinare skjedde det ein nedgang, som i mange andre norske utkantkommunar. I 1970 og 1980 var likevel folketalet på godt i overkant av 800, medan det ved folketeljinga i 1990 var komme ned i 720 personar. Tal frå Statistisk sentralbyrå ved utgangen av 1996 syner eit folketal på 666 personar.

Så etter ein periode med stendig auke heilt frå 1801 til 1950, vart det først ein svak nedgang til 1960, så eit større hopp ned til 1970/1980, og ytterlegare nedgang til 1996.


Fedje komm.svg Litt allmennsoge om Fedje er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Forord • Neste bolk: Rognsvågen