Liv Holtskog: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(formatering)
Linje 28: Linje 28:


== Arkiv ==
== Arkiv ==
Arkivet etter Liv Holtskog er ordna ved [[Bø Museum (Telemark)|Sauherad lokalhistoriske arkiv.]] Sjå oppføring i [[Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark]].
'''Arkivert i [[Sauherad lokalhistoriske arkiv]]''' har ansvaret for å ta vare på arkivmateriale som er viktig for historia i [[Sauherad kommune|Sauherad]] i [[Telemark]]. I all hovudsak tek institusjonen vare på [[privatarkiv]], noko arkivmateriale etter bedrifter, organisasjonar, lag og privatpersonar er døme på. Arkivmagasinet ligg plassert på [[Gvarv]] og tel omlag 50 hyllemeter.


{{DEFAULTSORT:HOLTSKOG; LIV}}
{{DEFAULTSORT:HOLTSKOG; LIV}}

Sideversjonen fra 20. aug. 2020 kl. 13:50

Liv Holtskog (fødd 4. august 1934 i Gvarv i Telemark, døydde same staden 21. juli 2014) var lyrikar og bonde. Ho skreiv kristen-humanistisk modernistisk poesi med røter i natursansing, telemarkskultur og mytologi. Liv Holtskog voks opp i eit konservativt og haugiansk bondemiljø. Ho lærte bokmål på skulen, men sa at ho måtte lære seg nynorsk for å kunne uttrykkje seg i dikt.

Holtskog var odelsjente og dreiv i heile sitt vaksne liv garden i Sauherad saman med ektemannen og dyrka frukt og jordbær. Ho debuterte som lyrikar i 1966 med diktsamlinga Kanskje ein. Ved sida av gardsarbeidet var ho ein produktiv lyrikar med nye diktbøker kvart andre eller tredje år.

Bibliografi

  • I eitt med vinden og vatnet (Lyrikk, Aschehoug, 2007)
  • Held på å lære dei dødes språk (Lyrikk, Aschehoug, 1999)
  • Ein diktars heimland (Lyrikk, Aschehoug, 1996)
  • Gje meg ikkje noko som liknar (Lyrikk, Aschehoug, 1994)
  • Ferda frå Theben (Lyrikk, Aschehoug, 1992)
  • Månen veit ikkje at han lyser (Lyrikk, Aschehoug, 1990)
  • Tvillingsjelers ferd (Lyrikk, Aschehoug, 1988)
  • Synsk jord (Lyrikk, Aschehoug, 1987)
  • Enno eig me lengsle (Lyrikk, Aschehoug, 1986)
  • Det roper frå båe bredder (Lyrikk, Luther, 1984)
  • Glasberget (Lyrikk, Luther, 1983)
  • Menneskebildet (Lyrikk, Noregs Boklag, 1981)
  • Så kort ein sommar menneska har (Lyrikk, Noregs Boklag, 1979)
  • Før vatn flør (Lyrikk, Noregs Boklag, 1976)
  • Det lova landet (Lyrikk, Noregs Boklag, 1974)
  • Skurdsong (Lyrikk, Noregs Boklag, 1971)
  • Dagane millom (Lyrikk, Fonna forlag, 1969)
  • Kanskje ein (Lyrikk, Fonna forlag, 1966)

Kjelder og litteratur

Arkiv

Arkivert i Sauherad lokalhistoriske arkiv har ansvaret for å ta vare på arkivmateriale som er viktig for historia i Sauherad i Telemark. I all hovudsak tek institusjonen vare på privatarkiv, noko arkivmateriale etter bedrifter, organisasjonar, lag og privatpersonar er døme på. Arkivmagasinet ligg plassert på Gvarv og tel omlag 50 hyllemeter.