Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete (fødd 23. oktober 1958 i Sogndal) er politikar. Ho har sidan 2005 representert SenterpartietStortinget, og var frå 2005 til 2013 statsråd. Ho var òg partileiar frå 2008 til 2014.

Slekt og familie

Ho er dotter av gardbrukar og snikkar Sigurd Hundere (1924–1998) og gardbrukar og husmor Gunvor Eggum.

Kring 1977 vart ho gift med gardbrukar Odd Navarsete (1944–1992). Dei fekk to born. Odd Navarsete døydde brått av eit hjerteinfarkt i 1992.

Ho vart kring 2000 sambuar med gardbrukar Lars Petter Nesse. Dei gifta seg 17. mai 2008 i Sjømannskyrkja i London.

Liv og virke

Ho vaks opp i Sogndal. Som 19-åring traff ho Odd Navarsete, og før ho fylte 21 hadde dei to born og dreiv farsgarden hans, Skjellestad, saman. Då han døydde i 1992 hadde ungane nådd tenåra, og ho tenkte på å ta utdanning. Ho byrja etter ei tid på Høgskulen i Sogn og Fjordane, der ho vart cand.mag.

Hausten 1986 melde ho seg inn i Senterpartiet, og frå 1998 til 2004 var ho leiar i fylkeslaget i Sogn og Fjordane. Navarsete sat i kommunestyret i Sogndal i perioden 1991–1995 og i Lærdal kommunestyre 2003–2005. Ho sat òg på fylkestinget i Sogn og Fjordane 1995–2005. Frå 1999 til 2000 var ho politisk redgjevar i Helse- og sosialdepartementet, og fra 2001 til 2008 andre nestleiar i partiet. I 2001 vart ho vararepresentant til Stortinget, og i 2005 vart ho vald inn på fast plass.

Jens Stoltenberg sin andre regjering tiltrådte 17. oktober 2005 var det med Navarsete som statsråd i Samferdselsdepartementet. Den 20. oktober 2009 gjekk ho over til Kommunal- og regionaldepartementet, der ho var statsråd til regjeringa gjekk av etter valnederlaget hausten 2013. Medan ho var statsråd, møtte Erling Sande fast for ho på Stortinget. Då ho byrja møte på Stortinget sjølv, gjekk ho inn i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Ein kjem ikkje utanom å nemne «Navarsinne». Ho er kjend for å ha temperament, og i 2011 kokte det over då ho møtte sjukehusforkjempar Janne Endal Andersson under eit møte i Senterpartiet i Nordfjord. Ho kom med ein tirade for åpent kamera etter det ho følte var skuldingar om at Senterpartiet i regjering ikkje jobba for distriktssjukehusa.[1]

I 2008 trakk Åslaug Haga seg som leiar i Senterpartiet. Lars Peder Brekk var fungerande leiar i nokre månader, inntil Navarsete i september 2008 vart vald som ny leiar. Ho gjekk som leiar i 2014.

Navarsete fekk i 2006 Pillarguriprisen som kvinneleg forbilde, og i 2007 Storegutprisen for god og levande nynorsk.

Fotnote

Litteratur og kjelder