Livius Smitt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2017 kl. 15:10 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Livius Smitt
Foto: Sogn og Fjordane fylkesleksikon

Livius Smitt (fødd 8. oktober 1840 i Vinje i Telemark, død 4. mars 1890 i Brevik) var sakførar, redaktør og politikar.

Han var son av presten Anton Elias Smitt (1805-1875) og Livia Gundelle Margrethe Sverdrup (1808-1840). Ho var dotter av Jacob Liv Borch Sverdrup og Gundelle Birgitte Schanch (1780-1820) og såleis syster til Harald Ulrik Sverdrup og Johan Sverdrup. Livius Smitt var bror til landbruksdirektør Jonas Smitt og biskop Jakob Sverdrup Smitt.

Oppvekst og utdanning

Mora Livia døydde ti dagar etter at Livius Smitt var fødd, så han voks opp med faren og den nye kona hans, Gundelle Louise Sverdrup (1820-1891) som var syster til den fyrste kona Livia. Fram til han var 12 åra budde Livius på prestegarden i Vinje i Telemark der der den fyrste læraren hans var Aasmund O. Vinje. Vinje var nyleg heimkomen frå Asker seminar og hadde fått tilsetjing som huslærar i prestegarden.

I 1852 flytte Smitt til Voss då faren vart sokneprest der. Her sytte faren for at han vart interessert i folkemusikk og fekk opplæring på hardingfele hjå spelemannen Hans Skutle.

Etter konfirmasjonen vart Smitt send på skule i Kristiania der han vart privat dimittert og student i 1858. Han var deretter huslærar heime nokre år medan han tok andreeksamen (1861) før han i 1863 byrja som kopist i Høgsterett. I desember 1865 tok han så juridisk embetseksamen.

Sakførar og ordførar i Florø

Frå våren 1866 var Smitt fullmektig hjå sorenskrivaren i Hardanger og Voss, og hausten 1867 fekk han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg i Florø. Her kom han raskt inn i lokalpolitikken. I 1868-69 var han formann i matrikuleringskommisjonen for Sunnfjord og Nordfjord futedøme, og i 1872 valde amtsformannskapet han inn i direksjonen for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe der han sat til 1881. Som styremedlem i dampskipsselskapet hadde han møterett i amtstinget, og her markerte han seg som den sterkaste motstandaren mot å selje selskapet til private.

Som 34-åring vart Smitt i 1874 ordførar i Florø, eit verv han hadde så lenge han budde i byen (til 1881). I 1874 sette han òg i gang Nordre Bergenhus Amtstidende, den fyrste avisa i fylket, og med nokre opphald redigerte han avisa til 1879. Han sat òg i amtsskattekommisjonen 1875-81.

Som politisk aktør var Smitt ein del av den mektige Sverdrup-familien. Sokneprest i Balestrand og tingmann Harald Ulrik Sverdrup var onkelen til Smitt, og Jakob Sverdrup (folkehøgskulestyrar i Sogndal og tingmann frå 1878) var syskenbarnet hans.

I 1876 vart Smitt medlem i amtsskulekommisjonen som skulle ta seg av opprettinga av amtsskulane i Nordre Bergenhus. Han var her med på å syte for at ein av dei politiske motstandarane, Jakob Hjelmeset, ikkje vart tilsett ved den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen i 1876. Året etter var Smitt sentral i at det vart oppretta ein eigen amtsskule for Sunnfjord i Florø.

Tingmann

Smitt stilte opp til stortingsvalet 1876 og vart då tredje vararepresentant for Nordre Bergenhus. Ved det neste valet kom han inn (som 3. representant), og han møtte på Stortinget frå 1880 til han døydde ti år seinare. Alt frå tidleg i 1870-åra markerte han seg med eit moderat-konservativt syn og som motstandar av Søren Jaabæk. Han inntok ein mellomposisjon i den stadig hardare kampen om statsmakta i Stortinget kring 1880, men gjekk meir og meir mot høgre og var erklært høgremann frå 1882. Han kom såleis òg i eit stadig sterkare politisk motsetnadstilhøve til onkelen Johan Sverdrup.

Frå 1883 representerte han sin nye valkrins i Brevik. På stortinget var han heile tida medlem i vegkomiteen, frå 1889 som komiteformann. Han vart i februar 1890 vald til visepresident i Stortinget, men møtte ikkje før han døydde. Han vart tilbode ein statsrådspost i 1889 av Emil Stang, men avslo.

Kritisk til målsaka

Smitt var kring 1870 ein av få medlemer frå Nordre Bergenhus i Bergens-mållaget Vestmannalaget, noko som truleg helst må sjåast i samanheng med interessa hans for folkemusikk og folkekultur som han hadde med seg frå Voss. Smitt var ikkje seinare nokon støttespelar for målsaka. Han røysta tvert om mot jamstellingsvedtaket i Stortinget i 1885 slik resten av Høgre gjorde og tok dessutan ordet i ordskiftet og argumenterte mot målsaka.

Brevik - familie

Livius Smitt gifte seg 11. august 1869 med Martha Oline Olsen (1848-1918), dotter av handelsmann Rasmus Olsen i Florø og Marie Helland.

Han vart 19. november 1881 utnemnd til byfogd i Brevik og budde der dei siste åra av livet.

Smitt døydde i Brevik 4. mars 1890, eit halvt år før han ville fylt 50.

Kjelder og litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1895). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 1). Kristiania: Cammermeyer, s. 438 (faren). (Digital utgåve, NBdigital)
  • Lindstøl, Tallak. (1914). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 1 del 2. Biografier. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Finne-Grønn, S. H. (1923). Slegten Sverdrup. Kortfattede genealogiske-personalhistoriske oplysninger med prospekter og portrætter. Christiania. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Gjerdåker, Johannes. (1990). Ålmenn soge for Voss. Frå 1800 til vår tid. (Bd. 1). Voss: Voss bygdeboknemnd, s. 210, 334, 338.
  • Engesæter, Aage, og Johs B. Thue. (1988). Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Oslo: Samlaget, s. 108.
  • Omtale i Norsk biografisk leksikon 1 (av Gerhard Munthe)
  • Omtale i Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
  • Livius Smitt i Historisk befolkningsregister.