Lofthus (Ullensvang)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 8. aug. 2019 kl. 13:08 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lofthus''' er ein tettstad i Ullensvang herad i Hardanger, på austsida av Sørfjorden. I 2016 hadde Lofthus 516 innbyggjarar. Staden er kjend so…)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lofthus er ein tettstad i Ullensvang herad i Hardanger, på austsida av Sørfjorden. I 2016 hadde Lofthus 516 innbyggjarar.

Staden er kjend som turistmål, med fleire hotell og campingplass. Næringslivet elles er til del bygd på den store fruktavlen her, og staten har lenge hatt forskingssenter for fruktdyrking i Lofthus.

Tettstaden har òg anna offentleg verksemd, som Hardanger tingrett og Opedal barneskule. Ullensvang kyrkje, ei steinkyrkje frå 1250-1300, ligg ved Lofthus.

Kjelder og litteratur