Lofthus (Ullensvang)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
{{{2}}}

Lofthus er ein tettstad i Ullensvang herad i Hardanger, på austsida av Sørfjorden. I 2016 hadde Lofthus 521 innbyggjarar.

Staden er kjend som turistmål, med fleire hotell og campingplass. Næringslivet elles er til del bygd på den store fruktavlen her, og staten har lenge hatt forskingssenter for fruktdyrking i Lofthus.

Tettstaden har òg anna offentleg verksemd, som Hardanger tingrett og Opedal barneskule. Ullensvang kyrkje, ei steinkyrkje frå 1250-1300, ligg ved Lofthus.

Kjelder og litteratur