Lokal språkstrid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne artikkelen om lokal språkstrid gjev ei innføring i korleis språkstrid i lokalsamfunnet kan studerast. Føremålet er særleg å peika på kva leksikonartiklar som kan vera aktuelle om dette emnet og korleis dei kan byggjast opp, men artikkelen kan òg vera nyttig for den som vil skriva om dette i andre format og samanhengar.

Innleiing

Med den norske språkstriden meiner me her primært striden mellom dei to skriftspråka som i dag offisielt heiter nynorsk og bokmål (tidlegare landsmål og riksmål eller dansk-norsk). Men ein skal òg vera klar over at det i periodar har vore sterk strid mellom ulike interne variantar av dei to skriftspråka, noko som også har fått uttrykk på lokalplan. (Sjå Østlandsk Reisning.)

Den norske språkstriden har utspela seg både nasjonalt, regionalt og lokalt. Forskingsinnsatsen har i stor grad vore konsentrert om det nasjonale nivået med eit fokus på dei store debattane og stridsspørsmåla, nasjonale institusjonar og aktørar (som Ivar Aasen, Knud Knudsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg). Samstundes er det på lokalplanet ein i stor grad har funne språkstriden uttrykt gjennom det meir konkrete valet språkbrukaren eller grupper av språkbrukarar har gjort mellom bokmål og nynorsk. Formelt vart òg viktige avgjerder som val av skule- og kyrkjespråk delegert til lokalsamfunna sjølve (skulestyre og kyrkjelydar) frå 1892.

Fire hovudfasar

Språkstriden kan grovt sett delast i fire fasar med tanke på det lokale nivået:

  • Før ca 1890: Introduksjonsfasen – ordskifte om målspørsmålet og etablering av fleire alternativ til det rådande dansk-norske skriftspråket (Aasens ’landsmål’ og Knud Knudsen ’oppnorskingsline’), men heilt marginal bruk av nynorsk.
  • Ca 1890 til 1940-åra: Språkskiftefasen – den store ekspansjonsfasen for nynorsk. Over halvparten av alle skulekrinsar i landet (med kring 1/3 av alle elevar) innførte nynorsk.
  • Frå 1940-åra til ca 1970: Reaksjon – bokmål blir ført inn att i ein god del av skulekrinsar som før hadde nynorsk (nynorskprosenten i folkeskulen går ned til kring 20).
  • Ca 1970 til i dag: konsolideringsfase – nynorsk har vore på vikande front i dei områda der han frå før stod svakt, men har styrkt seg i dei områda der han frå før stod sterkt.

Store geografiske variasjonar

Den regionale variasjonen har vore svært stor. På delar av Vestlandet hadde overgangen til nynorsk kome langt alt kring 1910. I delar av Trøndelag og Nord-Noreg finn ein derimot ikkje tendensar til meir omfattande språkskifte (til nynorsk) i lokalsamfunna før mot slutten av mellomkrigstida.

Me kan skilja mellom tre hovudtypar lokalsamfunn i studiet av lokal målstrid:

  • Lokalsamfunn der nynorsk heilt eller delvis vart innført og framleis er i bruk. Introduksjonen og innføringa av nynorsk skjedde gjerne tidleg (før 1920).
  • Lokalsamfunn der nynorsk vart delvis innført, men seinare har gått ut av bruk. Innføringa av nynorsk skjedde desse stadene gjerne seint (sist i mellomkrigstida).
  • Lokalsamfunn der nynorsk aldri har vorte teken i bruk ut over enkeltpersonar og avgrensa miljø

Det er vanskeleg å setja opp ein generell modell for studiet av lokal språkstrid. I det følgjande blir vekta lagt på den fyrste kategorien – dei stadene som tidlegast og mest fullstendig gjekk over til nynorsk. (For eit døme, sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen.)

Litteratur

Generell litteratur om norsk språkstrid

Det finst ein omfattande litteratur om språkstriden på nasjonalt nivå. Alle nyare noregshistorier gjev eit generelt overblikk over språkstriden og ei kontekstualisering som er nyttig også i lokale studiar.

I språkhistoriske oversynsverk, ikkje minst lærebøker for vidaregåande skule og høgskule- og universitetsnivå, får ein ei grundigare generell innføring (t.d. Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie). Det viktigaste populærvitskaplege oversynsverket er Egil Børre Johnsen (red.): Vårt eget språk (2002). I slike bøker får ein òg eit oversyn over hovudlinene i den statlege norske språkpolitikken. Eit firebands vitskapleg referanseverk om norsk språkhistorie er under arbeid og vil bli publisert i åra 2013-15.

Den meir spesialiserte litteraturen er meir omfangsrik når det gjeld den nynorske målrørsla enn dei andre språkpolitiske grupperingane og rørslene. Eit godt oversyn over den nynorske målreisinga gjev Ottar Grepstad i Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie (2006). I 2010-11 kom eit vitskapleg tobandsverk Norsk målreising av Jens Johan Hyvik: Språk og nasjon 1739-1868 og Oddmund L. Hoel: Mål og modernisering 1868-1940. Her finn ein òg grundigare oversyn over aktuell fag- og forskingslitteratur. Kjell Haugland har skrive ei rekkje arbeid om historia til målrørsla og målreisinga, det viktigaste er Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902 (1985). Hovudverket om riksmålsrørsla er Lars Roar Langslet: I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år (1999). Elles består det vesentlege av den meir spesialiserte faglitteraturen av biografiar og institusjons- og organisasjonshistorier.

Ein tredje litteraturkategori skal nemnast for den som ynskjer oversyn over språkstriden på nasjonalt nivå, og det er dei partihistoriske verka. Særleg viktige er Høyres historie (4 band, 1984) og Leif Mjeldheims to bøker om historia til Venstre fram til 1940 – Folkerørsla som vart parti (1984) og Den gylne mellomvegen (2006). Men også historieverka om dei andre partia går inn på språkspørsmålet, ikkje minst Senterpartiets historie (2 band, 2001).

Litteratur om språkstrid på regionalt nivået

Forskingsinnsatsen har vore meir sparsam når det gjeld studiar av målstriden på regionalt og lokalt nivå. Dei nyare regionhistoriske verka (som Vestlandets historie og Trøndelags historie) gjev nyttige, men knappe oversyn over feltet. Verket Trøndersk språkhistorie (2008) gjev òg eit visst oversyn over språkstriden i regionen. Elles er Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane (1950) det einaste spesialiserte omfattande reginonale verket på feltet, men det er prega av mange unøyaktigheiter.

Ut over dette finst fleire upubliserte hovud- og masteroppgåver som dekkjer delar av landet. Nordfrå gjeld det:

  • Magne Heide: Nynorsk eller bokmål i folkeskolen i Troms fylke 1938-1945 (1986)
  • Roger Lockertsen: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940. Organisering av målstriden og striden for skolemålet (1984)
  • Jon Todal: Nynorsk eller bokmål? Striden om opplæringsmålet i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1930-åra (1980)
  • Oddrun Osnes: Nynorsk eller bokmål? Striden om opplæringsmål i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1950- og 60-åra (1981)
  • Sidsel Merete Skjelten: Nynorsk skulemål i Møre og Romsdal. Ein historisk analyse (1982)
  • Kari Ann Norum: Innføring av nynorsk i seks kommunar i Sogn og Sunnfjord (2009)
  • Johan Myking: Språk og stril. Målreising i Nord- og Midthordland 1885-1922 (1981)
  • Steinar Kristensen: Innføring av landsmål i skulane i Jondal, Odda og Ullensvang (1985).

Det finst elles ei rekkje organisasjons- og institusjonshistorier (særleg jubileumsskrifter) som kan ha interesse. Det gjeld i fyrste rekkjer skrifter om regionale ungdomslag (fylkeslag) og fylkesmållag.

Litteratur om lokal språkstrid

Alle dei nemnde oppgåvene på regionnivå har ei rekkje opplysningar også om lokalnivået. På kommunenivå skal ei hovudoppgåve nemnast: Gunn Evensen: Skolemålet i Lenvik 1930-1964. Framgang og tilbakegang for nynorsk skolemål (1993). Elles kan litteraturen om lokal språkstrid delast i tre hovudkategoriar:

  • Kapittel/artiklar i generelle bygdebøker og skulehistorier.
  • Artiklar i lokalhistoriske tidsskrift.
  • Jubileumsskrifter (særleg om lokale ungdomslag/mållag).

Statistikk

Ottar Grepstad har gjort eit stort arbeid både med å samla eksisterande statistikk og å utarbeida ny historisk statistikk om nynorsk. Her finn ein òg ei rekkje opplysningar om lokalnivået. Dette er samla i Nynorsk faktebok 2005[1] og Språkfakta 2010[2] Desse verka gjev dessutan ein grei inngang til det som finst av offisiell statistikk på feltet.

Kjelder til lokal språkstrid

Arkiv for norsk målreising

Læraren Peder Hovdan la gjennom eit halvt hundreår ned eit stort arbeid i å samla dokumentasjon om norsk målreising. Samlinga han bygde opp, Arkiv for norsk målreising, er i dag den viktigaste samlinga med kjelder til norsk målreising og språkstrid fram til 1950-åra. Hovdan tok til med det systematiske innsamlingsarbeidet sitt kring 1908. Han samla avisklypp (153 kassettar) og bygde opp eit kontaktnett av informantar. Det han fekk inn, er samla i arkivet.

Kjernedokumentet i samlinga er den handskrivne protokollen Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195.... Her har kvar kommune si side der Hovdan har ført inn opplysningar om overgangen frå bokmål til nynorsk i skule, kyrkje, lokalstyring, organisasjonar o.l.

Arkivet med protokollen ligg i Ivar Aasen-tunet i Ørsta og er ei gullgruve for alle som vil studera målstrid på lokalplanet. Her kan ein rakst og effektivt finna opplysningar om aktørar, skulestyrevedtak, avisklypp og andre viktige kjelder og opplysningar.

Offentleg arkivtilfang

Den viktigaste arenaen for den lokale språkstriden har vore folkeskulen/grunnskulen. Regelverket har kravd skulestyrevedtak og etter kvart kommunestyrevedtak bak overgang til anna opplæringsmål, og i lange periodar har det òg vore krav om krinsvedtak (folkerøystingar). Skulestyreprotokollane er den viktigaste kjeldeserien som dokumenterer denne prosessen, men ein vil òg gjerne finna opplysningar i krinsprotokollar og ikkje minst korrespondansearkivet til skulestyret, i nyare tid skulekontoret og kommunen. Ver merksam på at noko av det eldre arkivtilfanget til skulestyra framleis kan liggja i prestearkiva i statsarkiva, ikkje i kommunearkivet.

I ein del tilfelle har skuledirektørane vore inne med rettleiing eller som klageinstans. Ein kan såleis òg finna kjelder om språkstrid på kommune-/krinsnivå i skuledirektørarkiva. For primærkjeldene til språkskiftet innanfor kyrkja (samlebok, liturgi) må ein til prestearkivet og til soknerådsarkivet.

Ei rekkje kommunar gjorde frå 1920-åra vedtak om kva språk kommunen skulle administrerast på og kva språk staten skulle bruka i korrespondanse. Her må ein til kommunestyreprotokollane og korrespondansearkivet til kommunen i kjeldejakta.

Organisasjonsarkiv

Det har variert mykje i kva grad formelle organisasjonar har spela ei rolle i lokale målstrider. På nynorsksida gjeld det særleg ungdomslag og mållag, og er ein heldig, kan dei ha etterlate seg arkivtilfang som er til hjelp. Om dei lokale arkiva er tapte, kan det liggja arkivtilfang i Arkiv for norsk målreising. Det kan òg liggja stoff frå dei aktuelle lokallaga i sentralarkiva til Noregs Mållag eller Noregs Ungdomslag (Riksarkivet). Det er svært sparsamt kva som er bevart av arkivtilfang etter lokale riksmålsforeiningar, men Riksmålsforbundet har eit sentralt arkiv.

Aviser og blad

Dei lokale språkstridene nedfelte seg gjerne i redaksjonelle oppslag og debattinnlegg i lokalavisene.

Målrørsla sine regionale og nasjonale organ følgde gjerne med på språkstriden på lokalplan. Nasjonalt var Den 17de Mai (1894-1935) hovudorganet til målrørsla. Frå 1908 hadde Peder Hovdan ei fast spalte i bladet der han skreiv om lokale vedtak om overgang til nynorsk. For årgangane 1894-1913 finst det ein database der mykje av innhaldet i stoffet er indeksert. Denne basen finst i Ivar Aasen-tunet. Avisa vart i 1935 avløyst av Norsk Tidend, som byrja som dagsavis og i dag er medlemsblad for Noregs Mållag. Regionalt var Gula Tidend (1904-1996) hovudorganet for målrørsla på Vestlandet, og her finn ein òg mykje stoff om målstriden i bygdene. Også andre delar av landet hadde i kortare periodar sterke nynorske regionaviser som kan ha stoff om lokale språkstrider. Det gjeld aviser som Agder Tidend (Kristiansand, 1918-1963) og Norig (1909-1935).

Tilsvarande følgde riksmålsrørsla sitt hovudorgan, Rigsmaals-bladet, med på kva som skjedde på lokalplanet.

Målsaka - spreiingsmønster

Ideane om å erstatte det rådande dansk-norske skriftspråket med eit nytt norsk skriftspråk kan studerast som ein spreiingsprosess frå eit sentrum mot ein periferi. I ein forenkla modell kan dette framstillast som ein firestegsprosess:

  • Nye idear om språk og nasjon kom til Noreg frå Europa i overgangen mellom 17- og 1800-talet og utløyste ein debatt om det norske språkspørsmålet, særleg i tida etter 1814.
  • Etter at Ivar Aasen lanserte landsmålet som eit alternativ til dansk-norsk kring 1850, oppstod det i 1850-åra miljø av målfolk i dei største byane (Kristiania, Bergen). Tidleg i 1860-åra vart det organisert formelle organisasjonar i Kristiania, Bergen og Trondheim for å fremja landsmålet. Frå 1868 fekk ein to varige målreisingsorganisasjonar, Det Norske Samlaget (Kristiania) og Vestmannalaget (Bergen).
  • Ideane spreidde seg frå bymiljøa til distriktssenter for målreisinga, gjerne kring folkehøgskular, lærarskular o.l. Ein ser tendensar til dette alt i 1860-åra, men det var i 1870- og særleg 80-åra dette tok til å få eit visst omfang.
  • Frå dei regionale sentruma spreidde målreisingsideane seg vidare til lokalmiljøa. Gjennombrotet for oppbygginga av målrørsla på lokalplan kom med ungdomslaga frå 1890-åra og dei følgjande tiåra.

I ein lokalhistorisk samanheng er det den fjerde fasen som er studieobjektet. Eit av spørsmåla det då er aktuelt å finna svar på, er korleis målsaka kom inn i lokalmiljøet. Dette gjeld til ein viss grad òg motkreftene mot målreisinga. Men i utgangspunktet var det målfolka som var utfordrarane og var best organiserte, og målsaka og det nynorske språket som representerte det nye. I den grad motstanden mot målsaka vart organisert (primært i riksmålsforeiningar), er det interessant å studera korleis dette skjedde.

Introduksjonsfasen (før ca 1890)

I mange lokalsamfunn vil ein ikkje finna spor etter målsaka i denne fasen. Og i den grad ein finn det, vil det primært vera knytt til einskildpersonar eller små miljø. Di meir interessante er det då dei spora ein måtte finna etter lokal språkstrid eller språkengasjement. Sjansane vil vera størst for å finna det i lærarkrinsar, og i organisasjonar som samtale- og leseforeiningar, skyttarlag og venstreforeiningar då dei vart organiserte kring riksrettsstriden (1884).

I 1883-84 tok Det Norske Samlaget i hovudstaden og eit lærarmøte i Vadheim i Sogn og Fjordane initiativet til å gje landsmålet ein offisiell status jamsides riksmål. Det resulterte i nokre titals lokale resolusjonar, og denne aktiviteten kan ha sett spor i lokalmiljøet. Resultatet av kampanjen var det såkalla jamstellingsvedtaket i Stortinget 12. mai 1885 der landsmålet i prinsippet vart gjort til offisielt jamstelt nasjonalspråk. I bygdene kan ein i denne fasen byrja å finna lærarar som ambassadørar for målsaka. Det er då interessant kvar dei har fått desse ideane frå. Ofte kan dei følgjast attende til ein lærarskule eller ein folkehøgskule.

I den grad ein finn interesse for målreising og språkspørsmål i det heile utover i landet i denne fasen, er det i distriktssentrum for målreisinga. Dei var i all hovudsak knytt til folkehøgskular, amtsskular og ikkje minst lærarskular. Dei bygdene som hadde slike institusjonar, er såleis i denne samanhengen særs interessante.

Språkstrid i lokalsamfunnet (frå ca 1890)

Folkeskulen

I 1892 kom den såkalla målparagrafen inn i folkeskulelovene. Paragraf 73 i landsskulelova lydde etter dette slik:

«Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Læseog Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket af disse maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes. Dog skal Eleverne lære at læse begge Maal. Inden Skolestyret fatter sin Beslutning, skal Overtilsynets og derefter Kredsens Erklæring være indhentet.»

Dette var det formelle grunnlaget for at dei lokale skulestyra kunne ta til med innføringa av landsmål i folkeskulen. Ein skal merka seg to punkt i paragrafen, som er viktige i eit studium av korleis språkskifteprosessen føregjekk lokalt: For det fyrste var prosedyren at både overtilsynet for skulen og deretter krinsen (altså ei ’folkerøysting’ på eit krinsmøte) skulle uttala seg før skulestyret gjorde det bindande vedtaket. Røysterett på krinsmøtet hadde alle foreldre som budde i krinsen og hadde born i skulen, og likeeins alle som er 25 år, busette i skulekrinsen og særskilt skattlagde. Gifte kvinner som etter 1901 hadde kommunal røysterett, hadde òg røysterett på krinsmøtet. Eit framlegg i Stortinget i 1892 om at skulestyret var bunde til å følgja eit vedtak i krinsmøtet gjort med 2/3 fleirtal, kom ikkje inn i lova. Dermed stod skulestyret formelt fritt til å gjera eit anna vedtak enn overtilsynet og krinsmøtet hadde rådd til, og skulestyret kunne òg gjera særskilte vedtak for kvar skulekrins. Regelverket har seinare vorte endra noko, fyrste gong i 1915, men ordninga med krinsrøystingar gjeld framleis.

For det andre opna paragrafen for ein stegvis prosess der overgangen til nynorsk (eller tilbake) skjedde steg for steg ved at ein tok bok for bok eller fag for fag, og at vedtaket om det skriftlege opplæringsmålet til elevane vart gjort særskilt, altså ikkje ’alt eller inkje’ i eitt vedtak som dagens opplæringslov føreskriv. Ein finn òg døme på at elevane ikkje gjekk heilt over til å skriva landsmål med ein gong, men fekk t.d. ein time skriftleg landsmålsopplæring i veka i ein overgangsperiode.

Dette opna for ei rekkje ulike variantar. Særleg i den fyrste fasen var ein stegvis prosess heller vanleg for at folk skulle venja seg til landsmålet. Det var heller ikkje uvanleg at det vart gjort ulike vedtak for dei ulike skulekrinsane innanfor ein kommune, alt etter utfallet av dei lokale prosessane. Det kan såleis vera vanskeleg å finna eitt årstal for når ein krins eller kommune skifte opplæringsmål – det var oftast heller snakk om ein gradvis prosess over fleire år. Men det viktigaste einskildvedtaket i denne prosessen var det som galdt det skriftlege opplæringsmålet til elevane.

I statistikkar og oversyn vert det gjerne operert med eitt årstal for overgangen til/frå nynorsk i ein krins eller kommune. I mange tilfelle er det altså heller snakk om eit tidsrom, og særleg interessante er då gjerne fyrste og siste vedtak, og særskilt dei vedtaka som gjeld kva språk elevane skal skriva.

Det skal òg leggjast til at det mange stader kom til strid om dei formelle prosedyrane, og det kunne òg henda at skuledirektøren i stiftet vart spurd til råds eller greip inn. Ein del stader hende det òg at lærarane rett og slett berre gjekk over til landsmål utan noko formelt vedtak og utan at det kom reaksjonar som har nedfelt seg i kjeldetilfanget. (For eit døme, sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen.)

Overgangen til landsmål/nynorsk i folkeskulen gjekk utan tilbakeslag heile perioden 1890-1944, men i tydelege bølgjer. Den fyrste bølgja kom kring 1900, den andre kring 1910, den tredje kring 1920 og den fjerde i 1938-39. Dei regionale variasjonane var òg svært store. [3]

Etter ein kvass lokal språkstrid vart folkeskulen i Odda hausten 1914 delt i ei riksmålsavdeling og ei landsmålsavdeling. Dette vart opphavet til ordninga med språklege parallellklassar, som vart formalisert av Stortinget gjennom eit tillegg til målparagrafane i skulelovene i desember 1917.[4] Etter dette kunne eit språkleg mindretal (etter kvart fastslege til minst 10 elevar) krevja klassedeling på språkleg grunnlag. Dette har vore ei mykje nytta ordning heilt fram til i dag for å sikra språklege mindretalsrettar i grunnopplæringa.

For ei grundigare innføring i prosedyrar og språkskifteprosessen før ca 1910, sjå Kjell Haugland.[5] Det finst dessutan to nyttige juridiske utgreiingar om målparagrafen i folkeskulelovene av Nikolaus Gjelsvik og Andreas Støylen.[6] Ver merksam på at særleg Gjelsvik tøyer lovtolkinga så langt som råd i nynorskvenleg lei.

Kyrkja

I ein kongeleg resolusjon 4. mars 1892 vart Nokre salmar av Elias Blix autoriserte til kyrkjebruk ”hvor Beslutning om saadan Benyttelse bliver fattet af Menighedens Husfædre”. Etter dette vart det såleis mogleg for kyrkjelydane gjennom fleirtalsvedtak å ta i bruk salmar på landsmål. I 1900 hadde 53 av 957 kyrkjesokn teke i bruk Blix-salmane, og talet auka til 48 % av kyrkjesokna i 1925, året då Nynorsk salmebok kom ut og vart innført på same vis. Frå 1906 fanst det ein autorisert nynorsk liturgi som kyrkjelydane òg kunne vedta å innføra. Talet auka jamt til 1940-åra då kring 30 % av kyrkjelydane hadde innført den nynorske liturgien.[7]

Språkskiftet i kyrkja nedfelte seg i vedtak i kyrkjelydar og sokneråd, og eit interessant spørsmål på lokalplan er om innføringa av Blix-salmane eller vedtak om landsmål i folkeskulen kom fyrst.[8]

Lokalstyring

Dei lokale styringsorgana stod i prinsippet fritt til å ta i bruk landsmål etter det språklege jamstellingsvedtaket i 1885, men det dei fyrste åra i liten grad, og det er døme på at statlege embetsmenn nekta å ta imot brev på landsmål. Lokalt stod det òg dårleg til med landsmålskompetansen hjå mange av dei som stod for bygdestyringa sjølv om dei ideologisk rekna seg som målfolk.

Lokalhistorisk er det interessant å finna ut når ein byrja å bruka landsmål/nynorsk i skulestyreprotokollar, formannskapsprotokollar, fattigstyreprotokollar o.l. og kommunal korrespondanse. Det kan ha skjedd ved at formenn/ordførarar i desse organa var sterke personlegdomar som sette viljen sin gjennom imot den jamne meininga, men det kan òg ha vore uttrykk for formelle vedtak om kommunal språkbruk eller ei allment positiv haldning til nynorsk i desse organa.

Formelle vedtak om kommunal språkbruk finn ein fyrst frå 1920-åra og frametter. I 1921 sette Noregs Mållag i gang ein kampanje for å få kommunestyra til å krevja alle skriv frå staten på nynorsk, og dette breidde raskt om seg. Denne aktiviteten har nedfelt seg i kommunestyreprotokollane og kommunearkiva. Etter kort tid hadde 200 kommunestyre og ni av atten fylkesting krav nynorsk. Gjennom desse åra vart det som er kalla kommunalmålprinsippet nedfelt – at det er kommunen gjennom vedtak som avgjer kva språk lokale og regionale statsorgan skal bruka. Dette vart nedfelt både i den fyrste lova om målbruk i statstenesta (1930) og den gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste (1981).[9]

Organisasjonsliv

Ei framstilling av språkstriden og språkskifteprosessen i eit lokalsamfunn kan òg omfatta dei lokale organisasjonane. Her kan det vera meir krevjande å få oversyn, men eit avgjerande punkt er når organisasjonane gjekk over til å bruka nynorsk i protokollar, korrespondanse, avisinnlegg o.l. Det hadde gjerne samanheng med at leiaren eller andre framståande og skrivande folk i laget var målfolk. Formelle vedtak om språkbruk er nok meir sjeldsynte. Ein skal òg vera merksam på at organisasjonar kan ha veksla mellom nynorsk og bokmål alt etter kven som har hatt leiar- eller sekretærverva.

Lokalmedia

Det var ein stor vekst i talet på avistitlar og i avisforbruket frå slutten av 1800-talet og fram til kring 1920. I denne perioden vart ei nynorsk presse etablert, etter kvart som ei rekkje små lokalaviser. Etableringa av nynorskaviser skjedde på to måtar, anten ved at bokmålsbrukande aviser gradvis eller raskt gjekk over til nynorsk, eller ved at nye nynorskaviser vart etablerte.

Frå 1880-åra og eit knapt hundreår framover var norsk presse eit partipressesystem der dei aller fleste aviser sokna meir eller mindre fast til eit politisk parti. Eit fast mønster er at Venstre-avisene og etter kvart ein del av Bondeparti-avisene utgjorde den vesentlege delen av den nynorske pressa, frå mellomkrigstida i aukande grad supplert med politisk uavhengige aviser.

Den lokale språkpolitiske polariseringa kom gjerne til uttrykk ved at Venstre-avisene nytta nynorsk og var sterk i den ideologiske støtta til målsaka medan dei konservative avisene var riksmålsorgan. Lokalt vil det vera interessant å studera når samanhengen mellom den språkpolitiske og partipolitiske vart svakare. Her vil eit studium av dei konkurrerande lokalavisene vera fruktbart.[10]

Næringsliv

I ein språkskifteprosess frå bokmål til nynorsk kjem gjerne nynorsk fyrst inn i skule og kyrkje, andre delar av den kommunale verksemda og i somme organisasjonar, og sist i næringslivet. Somme stader finn ein døme på bedrifter som tok til å nytta nynorsk tidleg i språkskifteprosessen, og då har det som regel samanheng med at det var målfolk som dreiv bedrifta.

Meir omfattande nynorskbruk på dette språkbruksdomenet kom derimot seint og kan i mange av dagens sterkaste nynorskområde tidfestast til langt opp i etterkrigstida. I eit lokalt studium er det interessant å studera språkbruken i næringslivet fordi omfattande nynorskbruk her gjerne kan tolkast som det endelege og definitive gjennombrotet for nynorsk i lokalsamfunnet.

Aktørar

Den enklaste inngangen for å kartleggja aktørane i språkstriden vil vera om det finst språkorganisasjonar som mållag og riksmålsforeiningar som kan studerast organisasjonshistorisk. (Jf. Metode:Forenings- eller organisasjonshistorie i lokalhistoria).

I mange tilfelle vil ein likevel ikkje koma så langt med denne innfallsvinkelen, særleg ikkje i ein tidleg fase. I den grad målreisingsarbeidet skjedde gjennom formelle organisasjonar, var det før ca 1920 i langt større grad gjennom ungdomslag enn gjennom lag som kalla seg ’mållag’. Det fanst kring hundreårsskiftet rundt rekna ti gonger så mange ungdomslag som mållag. Noregs Mållag vart fyrst skipa i 1906, og ein må fram til mellomkrigstida før organisasjonen var så sterk at han fekk ei leiande rolle i målarbeidet også lokalt. Det var eit resultat av ei systematisk organisasjonsbygging frå kring 1913-14, som mellom anna innebar oppbygging av eit titals regionale målkontor gjennom mellomkrigstida som skulle ha regionale leiings- og samordningsfunksjonar.

Det viktigaste lokale målreisingsarbeidet skjedde såleis mange stader før Noregs Mållag, og lokale mållag, var noko særleg å rekna med. Då spela som nemnt ungdomslaga ei viktigare rolle mange stader, men det var like vanleg at målreisinga vart driven fram lokalt av uformelle nettverk. Å identifisera desse nettverka er såleis vesentleg for å forstå drivkreftene i den lokale målreisingsprosessen, særleg før fyrste verdskrigen. (Jf. Metode:Nettverksanalyse.)

Den viktigaste inngangen vil her ofte vera lærarane og lærarmiljøa. Mange av lærarskulane vart mot slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet viktige distriktssentrum for målarbeidet der bygdeungdom var ideologisk vekte for målsaka. Dei som vart lærarar, hadde gjerne òg møtt målsaka på folkehøgskular eller amtsskular. I lærarbiografiane kan det såleis liggja viktige spor til korleis målsaka og landsmålet kom inn i eit lokalmiljø. I leksikonartiklar om lærarar er det såleis svært nyttig om ein frå med kva skular dei har gått på.

Lærarane er velkjende som nynorsk-ambassadørar. Spanande vil det òg vera om ein kan identifisera andre personar eller grupper som var vekte for målsaka. Ein kan sjå at det er ein god del underoffiserar med i det lokale målarbeidet i overgangen mellom 18- og 1900-talet, og det har nok vore målmiljø knytte til dei fleste underoffisersskular. Men dette er langt dårlegare dokumentert enn lærarmiljøa.

På den landsmålskritiske sida har ein tradisjonelt venta å møta dei kondisjonerte miljøa i bygda – embetsmenn, borgarskap og storbønder. Sokneprestane vert gjerne òg utan vidare rekna til riksmålsfløya. Somme studiar kan likevel tyda på at særleg prestane gjerne stod i ei mellomstilling. Dei hadde direkte innverknad på målvalet ikkje berre i kyrkja, men òg i skulen som medlemer av skulestyra. Prestane si rolle i målstriden er såleis viktig å få kartlagd.

Tilhøvet til andre sosiale konfliktar og politiske spørsmål

Studiet av språkstrid både på nasjonalt og lokalt nivå har hatt ein tendens til å handsama språkspørsmålet for seg sjølv eller i høgda som eit skulehistorisk spørsmål. Som lokalhistorisk studieobjekt vil det viktige fyrstesteget i alle høve vera å få klarlagt hendingsgang og identifisert dei sentrale aktørane, og det ligg i saka at det vil få eit skulehistorisk fokus sidan skulen var den viktigaste arenaen for språkstriden og lærarane ofte mellom dei viktigaste aktørane.

Det vil samstundes vera av stor verdi om tilhøvet til andre konfliktliner og stridsspørsmål i lokalsamfunnet kan klarleggjast. I bygdene der det vart etablert større industriverksemder (Notodden, Rjukan, Odda, Tyssedal, Ålvik, Høyanger) ser ein til dømes at språkstriden fall saman med eller gjekk på tvers av konfliktar mellom industrisamfunn og bondesamfunn, industriborgarskap og arbeidarar og bønder og arbeidarar.[11] Eit anna interessant spørsmål er kva rolle språkstriden spela i bygder som var dominert av primærnæringane, men var prega av stor økonomisk ulikskap og sterk sosial polarisering. Var målsaka her eit elitefenomen der ein fann dei øvre sjikta av bondesamfunnet, eller var det knytt til eit radikalt politisk prosjekt der småkårsfolk utfordra den etablerte ulikskapen? Her kan det sjå ut til å vera stor lokal variasjon som det er interessant å få kartlagd nærare.

Notar

  1. Nynorsk faktabok 2005, nettutgåve (Nynorsk kultursentrum)
  2. [ http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4395 Språkfakta 2010] (Nynorsk kultursentrum)
  3. Sjå Nynorsk faktabok, 08 Grunnskule for detaljerte opplysningar
  4. Hoel 2011, s. 255ff
  5. Haugland 1985, s. 154ff
  6. Gjelsvik 1904 og Støylen 1955
  7. [ http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=446 Nynorsk faktabok 2005, 10 Kyrkje og lekmannsrørsle]
  8. For eit nyare forskingsarbeid, sjå Halse 2009
  9. Lilleholt 1981
  10. Hovudverket om den nynorske pressa er Grepstad 2010
  11. Hoel 2011

Litteraturliste

Halse, Per. (2009). Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908. Avhandling (ph.d.). Universitetet i Oslo. Hoel, Oddmund Løkensgard. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget. Hyvik, Jens Johan. (2010). Norsk målreising. Språk og nasjon 1739-1868. (Bd. 1). Oslo: Det Norske Samlaget. Gjelsvik, Nikolaus. (1904). Uttyding til § 73, fyrste leden, i lov um folkeskulen paa landet (§ 64 i lov um folkeskulen i kjøpstaderne). Oslo: Maalkassa. Grepstad, Ottar. (2010). Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010. Oslo: Samlaget. Lilleholt, Kåre. (1981). Nynorsk i offentleg målbruk. I Målreising i 75 år. Noregs mållag 1906-1981 (s. 383-407). Oslo: Fonna forlag. Støylen, Andreas. (1955). Målparagrafen i folkeskolelovene. Oslo: Noregs boklag.