Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-21

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grevehjelm og krone, slik det var føreskrive i forordninga om Grevernis Privilegier. Merk dei elleve «trallene» (bøylene)i visiret.

Lensadel er ei nemning for adelege personar som har godseigedomar i (helst arveleg) forlening og ymse særrettar i vederlag for truskap og tenester overfor lensherren (kongen). Det germanske ordet len har etymologisk same rot som det norske lån, og tilsvara det latinske feudum (lensgods).

Meir spesifikt var lensadel nytta som nemning på den nye, høgadelege standen av grevar og friherrar (baronar) som kong Christian V instituerte i Danmark og Noreg med to forordningar av 25. juni 1671. Eit hovudføremål med dette var å styrke det nye einevaldsregimet i høve til den gamle høgadelen. Med heimel i desse forordningane vart det oppretta i alt åtte grevskap og eit større tal baroni i dobbeltmonarkiet i tida som følgde. Grevskapa og baronia vart tillagde kongelege godssamlingar i arveleg forlening. To av grevskapa og eitt baroni vart oppretta i Noreg, dvs. grevskapa Larvik og Jarlsberg og baroniet Rosendal. Les mer...