Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-27

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Båtbyggeriet i Lunde produserte lystfartøy på 1920- og 1930-talet, inntil marknaden for slike båtar svikta. Truleg eit postkort frå 1930-talet.

Lunde BåtbyggeriTysnes i Sunnhordland vart etablert i 1912 og var i drift til 1967. Johannes M. Lunde både eigde og dreiv verksemda. Han bygde først båtar ute i Skutevikjo, på den andre sida av Lundavågen. I heilt unge år var Johannes M. Lunde nokre få turar på Nordland, før han byrja reisa utanriks i 1900. Året etter mønstra han av i New York. Her gjekk han på bygnings- og skipsverftsarbeid, i tillegg til teknisk kveldskule. Så kom han heim i 1910, gifta seg og byrja med båtbyggeriet i Skutevikjo.

Tidene var ofte dårlege for verven. Han måtte fleire gongar ta seg hyre til sjøs for å få endane til å møtast, forutan fleire nye opphald i USA. Først i 1935 kom det fart på båtbyggeriet i Lunde att, som han dreiv fram til han døydde i 1954, då sonen Olav overtok.Les mer...