Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-29

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vatning på Breili i Nordlia. Nedafor ser vi Mjøsa.
Foto: Olaf Nøkleby (2015)

Jordbruksvatninga på Østre Toten tok så smått til i mellomkrigsåra, då grønsaksdyrkarane i Totenvika la ned vassledningar og pumpa opp vatn frå Mjøsa. På slutten av 1960-talet kom dei fyrste felles vatningsanlegga, og i 2010-åra kan om lag 40.000 dekar jordbruksareal vatnast. Dette utgjer over 1/3 av det samla jordbruksarealet i kommunen og heile 9 % av det samla vatna arealet i Norge. Åkervatninga på Toten kom med elektromotoren og vasspumper med stor kapasitet. Men behovet for vatning har vori her støtt, avhengig av jordsmonn, kva ein dyrkar og varierande nedbør frå år til år. Graset treng vatn etter fyrsteslåtten, for å få i gang att veksten så det blir god avling av håa. Potetene lyt ha vatn utpå seinsommaren, når knollane tek til å vekse. Og skal du vera sikra ei god grønsakavling, lyt det vatn til. Forsommartørken, tørkeperioden vi ofte har føre jonsok, har frå gammalt ofte vori skjebnesvanger for avlinga både av korn og av andre vekster.Les mer...