Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-52

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Marie Wexelsen

Jeg er så glad hver julekveld er ein julesong. Teksta er skrivi av Marie Wexelsen (1832–1911) og kom ut i 1859, i boka Ketil, en Julegave for de Smaa. I Wexelsenfamilien finst det ein melodi denne songen vart sungen på, men melodien som har festa seg til teksta, er det Peder Knudsen som har skrivi. Han var husmannsson frå Vågå og vart organist i Ålesund. Melodien var kjend og brukt i Ålesund så tidleg som i 1862, men så seint som i 1898 står songen oppført med ein annan melodi i Seips visebok. Det har danna seg ein myte om korleis Marie og Peder møtte einannan. Dette er truleg ikkje anna enn ei søt historie. Det er ikkje noko som tyder på at Marie nokon gong var i Ålesund, eller at ho og Peder hadde kontakt. Men teksta til Marie og melodien til Peder har smelta saman til eit heile.Les mer...