Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2021-7

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes.
Foto: Ørsta Kleklypefabrikk

Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.Les mer...