Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-26

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Foto: Mittet & Co. / Nasjonalbiblioteket.

Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård».Les mer...