Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-29

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ormberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn. Ormberg er ein av dei få gamle gardane i Jostedalen som ligg i dalbotnen, og garden har lege utsett til for flaumar. Ormberg var ein av dei opphavlege gardane i Jostedalen og er nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, skattelista frå 1596. Her skulle Olluff Aarebøe betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh.

Det nye tunet (bnr. 1) frå 1950-åra sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Ottoson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe.Les mer...