Lokalhistoriske årbøker

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. mar. 2020 kl. 15:58 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Årboka til Forr Historielag i 2007 - den 5. i rekken
Foto: Forr Historielag

Lokalhistoriske årbøker. Denne sjangeren inkluderer både dei eigentlege årbøkene og andre lokalhistoriske publikasjonar som kjem ut med jamne mellomrom. Dei fleste blir utgjevne av lokale eller regionale historielag, somme av bygde- og regionsmuseum osv.

Talet på slike skrifter har auka kraftig i den seinare tid, og i dag kjem det årleg ut om lag 300 årbøker og andre lokalhistoriske periodika. Mykje av bakgrunnen for det er nok at det har vorte lettare og billegare å produsere og gje ut slike skrifter. Årbøker er veleigna for samarbeid i historielag og gjev synlege og publikumsretta resultat av aktiviteten der. Dei gjer det også mogleg å publisere verdifullt stoff, gjerne frå amatørhand, som elles ikkje ville ha funne rom i bygdebøker eller gjennom andre.

Du vil finne referanse til lokale årbøker i dei bibliografiske oversyna kommune for kommune.

Nasjonalbiblioteket har skanna eit stort antal lokalhistoriske årbøker, og gjort dei tilgjengelege i Nettbiblioteket. Nokre av dei er heilt opne, medan andre krev at ein er på Nasjonalbiblioteket eller ber om digitalt lån på eit folkebibliotek. Årbøkene er i Nettbiblioteket sortert som tidsskrift.