Lokalhistoriske årbøker

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne sjangeren inkluderer både dei eigentlege årbøkene og andre lokalhistoriske publikasjonar som kjem ut med jamne mellomrom. Dei fleste blir utgjevne av lokale eller regionale historielag, somme av bygde- og regionsmuseum osv.

Talet på slike skrifter har auka kraftig i den seinare tid, og i dag kjem det årleg ut om lag 300 årbøker o.a. lokalhistoriske periodika. Mykje av bakgrunnen for det er nok at det har vorte lettare og billegare å produsere og gje ut slike skrifter. Årbøker er veleigna for samarbeid i historielag og gjev synlege og publikumsretta resultat av aktiviteten der. Dei gjer det også mogleg å publisere verdifullt stoff, gjerne frå amatørhand, som elles ikkje ville ha funne rom i bygdebøker eller gjennom andre.

Sjå elles NLI sitt oversyn over årbøker på internett. Gode råd for årbokutgjevarar finst i Handbok i historielagsarbeid på nettstaden til Landslaget for lokalhistorie.