Lom og Skjåk realskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. des. 2011 kl. 07:24 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} '''Lom og Skjåk realskule''' var i verksemd frå 1935 til 1968. Skulen vart starta på privat basis (Skjåk private millomskule), men vart seinare kommunal, i ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Lom og Skjåk realskule var i verksemd frå 1935 til 1968. Skulen vart starta på privat basis (Skjåk private millomskule), men vart seinare kommunal, i samarbeid mellom dei to kommunane som skulen fekk namn etter. Den tredje Ottadals-kommunen, Vågå, har også delvis vore med i samarbeidet. Dei fyrste fem åra hadde skulen tilhald i Marlo skulehus i Skjåk, frå 1940 på Loar skule i Lom. Siste kullet på Lom og Skjåk realskule vart uteksaminert i 1968, etter at både Lom og Skjåk hadde innført niårig ungdomsskule frå hausten 1966. (Vågå hadde ungdomsskule på forsøksbasis alt frå 1960.)


Namnet

Skulen vart grunnlagt som Skjåk private millomskule hausten 1935, og skifta etter kort tid namn til Lom og Skjåk private mellomskule.

Også som privatskule vart «millomskulen» innretta etter Lov om høiere almenskoler av 1935. I følgje denne lova omfatta den høgare ålmennskulen to skuleslag: realskule og gymnas. Iallfall frå hausten 1939, same året som lova for alvor vart sett i verk, er skulen i Skjåk omtala i avisene nettopp som realskule. «Millomskule» i namnet var ein leivning etter den gamle skuleordninga (middelskole).

Det er uvisst når Lom og Skjåk realskule vart det offisielle namnet, truleg var det under eller snart etter krigen. Skulen er oppført i statskalenderen frå 1950. Der har han det fyrste året namnet «Lom og Sjåk [sic!] skole». Frå og med 1951 til og med 1965 er innførsla «Lom og Skjåk kommunale høgre allmenskole», men dette er truleg berre styresmaktenes måte å plassere skulen på i systemet, ikkje nødvendigvis skulens eige offisielle namn. Frå og med 1966 står det også i statskalenderen Lom og Skjåk realskule.


Skulens plass i utdanningssystemet

Lom og Skjåk realskule var frå starten av eit toårig tilbod som bygde på sjuårig folkeskule og eitt års framhaldsskule. Lenge var det også opptaksprøver for å kome inn. Frå andre halvparten av 1950-åra (1956?) vart tilbodet utvida med eit tredje år, men mange gjekk da framleis over på fireårig gymnas etter to år på realskulen. På den tida byrja dei fleste elevane på realskulen direkte etter endt folkeskule (utan framhaldsskule).

Eksamen frå realskulen kvalifiserte til opptak i gymnaset. For somme vart realskulen springbrett til handelsskule eller anna fagutdanning. Atter andre tok realskulen som si avsluttande utdanning, særleg etter at den vart treårig. Realskulen gav utvida kunnskapar i allmennfaga, inklusive tysk og engelsk, og dertil slikt som bokføring og husstell med rekneskapslære tredje året. Ein stod dermed betre kvalifisert for stillingar i funksjonærsjiktet i offentleg og privat sektor.

Skulen fekk ikkje eksamensrett før i 1950. Til da gjekk elevane opp som privatistar ved Hamar katedralskole. Fram til 1940 reiste elevane til Hamar for å ta eksamen, frå da av (krigsvåren 1940) kom sensorane oppover.


Privatskulen i Skjåk

Oppstarten

Det er ikkje heilt på det reine kven som tok initiativet til tiltaket. Blant dei mest sentrale pådrivarane var iallfall lærar Kristian Gerhard Wågen og heradskasserar løytnant Bjarne Marstein. Marstein står som underskrivar under ein søknad om støtte frå kommunen i oktober 1935. Wågen, som hadde byrja som lærar i Skjåk i 1919, hadde hausten 1934 vendt attende til bygda etter fleire år utanbygds og i Amerika. Det blir fortalt at framståande folk i bygda – Ola Aanstad og Per Stensgård blir nemnde - hadde teke intiativ til å få Wågen til Skjåk att, nettopp med det føremålet å styrke skuletilbodet der. Wågen skal i følgje same kjelde ha gått gjennom siste års eksamensresultat frå folkeskulane i Lom og Skjåk og personleg oppmoda dei flinkaste til å søkje om opptak på den nye skulen.[1].


Skulepengar og offentlege tilskot

Frå starten sytte Skjåk kommune for gratis rom i Marlo skulehus, inklusive ljos, brensel og reinhald. Kommunen støtta også på andre måtar opp om tiltaket. Alt frå fyrste året løyvde kommumestyret midlar til to friplassar for «eigelaus gåverik ungdom», ein for Nordberg og ein for hovudsoknet. I søknaden om dette til heradsstyret blir det opplyst at ein friplass ville koste om lag kr. 200. Ved oppstarten det andre året gav lærarane ved skulen ein friplass i tillegg til dei to kommunale.[2]

Elevane elles betalte skulepengar, i følgje ei minneoppteikning kr. 25,- i månaden i byrjinga.[3] På eit tidspunkt under krigen, da skulen var flytta til Lom, vart kommunane samde om at elevar frå Skjåk skulle betale 15 kroner månaden i skulepengar og 20 kroner i månaden for skulebussen, medan lomselevane skulle betale same samla sum på kroner 35, men da med heile summen som skulepengar.[4]

Ordninga med skulepengar heldt fram også etter at realskulen vart kommunal, og heilt til skulen vart avløyst av den obligatoriske niårige ungdomsskulen. Ein elev frå det siste kullet meiner å hugse at skulepengane på det tidspunktet var kr. 200 årleg.[5]

Det er ikkje på det reine kor vidt skulen heilt frå fyrst av mottok tilskot frå det offentlege til lærarlønningar, men det må i alle høve kome til nokså snart. Skulepengane aleine må ha vore i knappaste laget til føremålet.


Skuleråd, styrar og lærarar ved «millomskulen»

Det var oppretta eit råd for skulen, som bestod av Bjarne Marstein, sokneprest Nils Andberg, lærar Thorstein Eggum, lærar Olav Austin og K. Grimstad (Lom). Eggum og Austin var oppnemnde av Skjåk kommune, dei andre var foreldrevalde. Frå fyrst av var Marstein formann, sidan var det Andberg.[6]

Styrar var frå byrjinga av cand. theol. Johannes Rudsar frå Lom. Han heldt fram til og med skuleåret 1938-1939. Frå da av vart Alfred Gjengedal frå Hyen i Nordfjord tilsett, også han med teologisk embetseksamen. Gjengedal heldt fram som styrar også etter at skulen vart omgjort til offentleg realskule, og var det så lenge skulen var i verksemd.

Frå byrjinga av hadde skulestyrar Rudsar sjølv undervisning i norsk, engelsk og historie. Frå 1936 vart cand.theol. Hans Kvåle tilsett som andrelærar. Han underviste i tysk og matematikk. Dei andre var tilsette på timebasis og som hjelpelærarar, ingen av dei med embetseksamen: Folkeskulelærar Kristian Gerhard Wågen (matematikk og geografi), småbrukslærar Torstein Treholt (naturfag), biletkunstnar Borghild Brenna (teikning), byggmeister Amund I. Odden (sløyd) og løytnant Bjarne Marstein (gymnastikk). Seinare er i tillegg følgjande nemnde som lærarar ved skulen: stud. philol. Alvhild Lund (matematikk og tysk), Lars Ekre (historie, tysk og norsk), kontrollassistent Knut Dagestad (naturfag), Trygve Fitje og Gudrun Ødegaard (handarbeid).


Dei fyrste kulla

Av det fyrste kullet var det i følgje avisene ni elevar som tok avsluttande eksamen sommaren 1937.[7] Det var Olav Blikken, John Moen, Tordis Semmingsen, Gerd Wågen og Gudrun Åndheim frå Skjåk, Olav Haugen, Beate Juland, Olav Munngjel og Odd G. Sulheim frå Lom. Kullet var i følgje avisreportasjen det beste som tok eksamen på Hamar det året.

13 elevar hadde gjennomført fyrste året, altså dei som utgjorde skulens andre kull. Det tredje kullet tok til hausten 1938 med 14 elevar.[8])


Krigsvåren

I mai 1940 rekvirerte tyskarane Marlo skulehus. Realskulen fekk da provisoriske lokale i Gjeilo skulehus. Berre sju elevar skal ha fullført eksamen det året (skulens fjerde kull), alle frå Skjåk. Dei hadde skriftleg eksamen i bedehuset i Skjåk, og munnleg i kommunehuset i Marlo.


Realskulen i Lom

Referansar

  1. Teigum, A. 2006
  2. Laagen 8.9.1936
  3. Teigum, A. 2006.
  4. Teigum, A. 2006.
  5. Laingen, Rolv B. munnleg opplysning 3.6.2011.
  6. Gudbrd. 15.10.1935, 26.10.1935, 31.10.1935
  7. Laagen 22.6.1937 og 3.7.1937
  8. Laagen 9.9.1938

Kjelder og litteratur