Lom prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lom prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Gudbrandsdalen. Det går attende til mellomalderen, og på 1600-talet veit vi at det var fire sokn der: Lom hovudsokn (òg kalla Mo sokn) og dei tre annekssokna Garmo, Sjåk og Hove. Då svara det altså til Lom kommune og Skjåk kommune i dag.

I 1863 vart Skjåk sokn, med unntak av eitt gardsbruk og ei seter, utskilt som Skjåk prestegjeld. Dermed fekk Lom prestegjeld same grenser som dagens Lom kommune.

Ved nedlegginga av prestegjelda i 2000-års var det tre sokn: Lom, Garmo og Bøverdalen. Det var då ein del av Nord-Gudbrandsdal prosti i Hamar bispedøme.

Litteratur og kjelder