Louise Davidsen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 17: Linje 17:
Ved kommunevalet i 1901 vart Louise Davidsen innvald på «Moderatkonservativ valgliste». Frøken [[Ellen Schiøtz]], postopnerske, stod på same lista og vart suppleant (vara) til heradsstyret. Gardbrukar frøken [[Agnes Lie]] vart innvald på Venstres liste.

Louise Davidsen sat mellom anna eit par periodar i fattigstyret. I ei jubileumsomtale til 85-årsdagen i 1939 fekk ho denne karakteristikken: «I alle sine gjøremål har fru Davidsen alltid vist en sjelden dyktighet og en usedvanlig energy og arbeidsomhet. Og fremdeles følger hun, tross sin høie alder, våkent med i alt.»
Louise Davidsen sat mellom anna eit par periodar i fattigstyret. I ei jubileumsomtale til 85-årsdagen i Aftenposten i 1939 fekk ho denne karakteristikken: «I alle sine gjøremål har fru Davidsen alltid vist en sjelden dyktighet og en usedvanlig energy og arbeidsomhet. Og fremdeles følger hun, tross sin høie alder, våkent med i alt.»

== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
Linje 26: Linje 26:
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036388002642 Folketeljinga 1910 Louise Davidsen Opsal]
*[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036388002642 Folketeljinga 1910 Louise Davidsen Opsal]
* Kirkeby, Birger: ''Eidsvoll bygds historie'', bd. II, 2. del. Gardene på vestsida av Vorma. Eidsvoll bygdebokkomite. Oslo 1959. Side 330 og 372.
* Kirkeby, Birger: ''Eidsvoll bygds historie'', bd. II, 2. del. Gardene på vestsida av Vorma. Eidsvoll bygdebokkomite. Oslo 1959. Side 330 og 372.
* Omtale til Lovise Davidsen på 85-årsdagen, november 1939. Frå Nasjonalbibliotekets klippsamling, men uklårt kva avis akkurat det klippet er henta frå.
* "Dagens navn": Omtale til Lovise Davidsen på 85-årsdagen, Aftenposten 15. november 1939. Frå Nasjonalbibliotekets klippsamling.

{{De 100 første kvinner i kommunestyrene}}
{{De 100 første kvinner i kommunestyrene}}

Sideversjonen fra 13. des. 2012 kl. 07:40

Anne Louise Davidsen (fødd i Eidsvoll 15. november 1854, død same stad 1940) var landhandlar, gardbrukar og lokalpolitikar. Ho var saman med Agnes Lie fyrste kvinne i heradsstyret i Eidsvoll, innvald i 1901, same året som kvinner oppnådde innskrenka røysterett ved kommuneval. (Namnet blir også skrive «Lovise».)

Familiebakgrunn

Louise Davidsen var fødd og oppvaksen på Øvre Hammerstad, som dotter av gardbrukarparet Ole Olsen og Berte Olava Paulsdotter. I folketeljinga 1865 er «Anne Lovise» nest yngst av fire sysken.

Louise gifta seg med enkjemannen Kristian Davidsen Dokken (1855-1925). Dei fekk to born saman, Berta (fødd 1892) og Olava (fødd 1897).

I folketeljinga 1900 bur tilsynelatande ektefellene på kvar sin stad. Louise er registrert på Vesterheimen (gnr. 50.21) saman med borna Berta og Olava. Mannen Kristian er registrert som gardbrukar på Oppsal (gnr. 164.1 Sø-Oppsal) saman med sine tre born, der eldste jenta Marie er oppført som husbestyrerinne.

I den neste folketeljinga (1910) bur familien samla på Oppsal, men tre av borna, som var i vaksen alder, er venteleg flytta heimefrå. Ektemannen har her namnet Laurits Davidsen. Truleg er dette ei feilinnførsel i folketeljinga. I bygdeboka for Eidsvoll er berre Kristian og ingen Laurits Davidsen nemnd på garden. Garden blir i folketeljinga nemnd som «stor gaard».

Yrkesliv

Louise Davidsen dreiv Dokken landhandleri som ho hadde overteke etter far sin. «Lovise Hammerstad» er i matrikkelen 1904 registrert som eigar av gnr. 49.12 Dokken øvre og 50.21 Vesterheimen, som i folketeljinga er rekna som ein samla eigedom under namnet Vesterheimen. I teljinga 1910 er Louise med omsyn til yrkesgjerning berre registrert som ansvarleg for husstellet på Sø-Oppsal.

Samfunnsinnsats

Ved kommunevalet i 1901 vart Louise Davidsen innvald på «Moderatkonservativ valgliste». Frøken Ellen Schiøtz, postopnerske, stod på same lista og vart suppleant (vara) til heradsstyret. Gardbrukar frøken Agnes Lie vart innvald på Venstres liste.

Louise Davidsen sat mellom anna eit par periodar i fattigstyret. I ei jubileumsomtale til 85-årsdagen i Aftenposten i 1939 fekk ho denne karakteristikken: «I alle sine gjøremål har fru Davidsen alltid vist en sjelden dyktighet og en usedvanlig energy og arbeidsomhet. Og fremdeles følger hun, tross sin høie alder, våkent med i alt.»

Kjelder og litteratur

Logo De 100 første.jpg Louise Davidsen er del av prosjektet De 100 første kvinner i kommunestyrene som er kommet i stand i forbindelse med Stemmerettsjubileet 1913-2013. Artiklene i denne serien er tilgjengelig i denne oversikten.