Loyal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Modell av galeasen "Loyal", bygd av Martin Kathenes. Modellen er i dag i bruk som kyrkjeskip i Tysnes kyrkje. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)

Loyal er ein galeas som vart bygd i 1877 av båtbyggjaren Knut Johannessen Nes i Rosendal i Hardanger. Knut Johannessen Nes gjekk gjerne under namnet Gjøa-Knuten, ettersom det var han som bygde den verdskjende skuta "Gjøa" som etter en tid i fisket ble kjøpt av Roald Amundsen og dermed gav hardangerjaktene ein status som eit fartøy av rang.

"Loyal" vart bygd som ei frakteskute, berekna på å segla på dei store hav. Kapasiteten var på inntil 900 tønner sild. Det var først og fremst med tanke på Nordlandsfarten og fiskehandel ved Island, samt den store eksportmarknaden, at skuta var konstruert. Galeasene var større og meir sjødyktige enn jaktene, og hadde også ein meir handterleg rigg, noko som gjorde seglasen sikrare. Eit poeng var det nok også at ein galeas innebar redusert mannskapshyre.

På det tidspunktet då Loyal vart bygd byrja det å gå mot slutten for norsk seglskipsfart. Stordomstida tok brått slutt kring 1880. Men "Loyal" viste seg å leva opp til namnet, ho segla lojalt vidare, år ut og år inn, i fraktefart, både på Island og med last til hamner i Østersjøen som Kønigsberg, Riga, St. Petersburg, Stockholm, Norrköping, Kalmar og Karlskrona, og til land som Tyskland, Danmark, Frankrike, England, Spania og Portugal - ja, ho runda til og med Kapp Horn med klippfisk til Chile. Det vert også fortald at ho skal ha frakta kopparet til Fridomsstatuen i New York.

Først i 1932 vart det installert motor i båten. Men like fullt bar skuta segl til langt inn i 1950-åra.

I 1928 vart "Loyal" kjøpt av Martin Kathenes frå Tysnes, saman med tre kompanjongar, av ein annan tysnesing. Martin Kathenes laga ein modell av skuta, som er Tysnes kyrkje sitt kyrkjeskip.

På 1970-talet vart "Loyal" kjøpt av ein privatperson, John Hausberg frå Sotra, som saman med sonenAudun Hausberg brukte over 20 år på å restaurera «Loyal», som vart re-sjøsett i juni 1997. I dag er «Loyal» teke i bruk som turist- og opplevingsbåt med base i Bergen og Forlandsvåg på Sotra. «Loyal» har ein eigen venneforening, "Loyale Venner", med ca 500 medlemmer.

Kjelder

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes gards- og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes sogelag, 1989.
  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1975.
  • Norsk skipsfartshistorisk selskap
  • Loyal si heimeside http://www.loyal.no/
  • Nettressurs: Artikkel i Båtmagasinet 1/1997