Ludvig Munthe (1657–1708)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 13:54 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Ludvig Munthe (fødd 1657 i Luster, død 9. juni 1708 i Vik i Sogn og Fjordane) var son av Birgitte Munthe og futen Christopher Morgenstierne. Han vart immatrikulert ved Universitetet i København 24. juli 1676 og vart 17. juni 1680 personleg kapellan i Vik, sokneprest same stad frå 1702.

Ludvig Munthe gifte seg fyrste gong i 1894 med Karen Leganger (1668-1702), dotter av Iver Leganger, prest i Vik. Etter at ho døydde, gifte han seg med Dorothea Blix (1671-1748).

Ludvig Munthe overtok mykje jordegods etter mora Birgitte Munthe. Det galdt mellom anna jordegodset i Jostedalen som mora hadde skaffa seg i 1681. Ludvig Munthe overtok dette før 1691. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Dei åtte borna til Ludvig, alle frå fyrste ekteskapet, var:

  • Birgitte Munthe (1686-1770), gift med Anders Daae, sokneprest i Vik etter Ludvig Munthe
  • Christopher Munthe (1688-1754), sokneprest i Hafslo
  • Anna Munthe (1690-1733), gift med kapellan i Vik Jens Garmann
  • Maren Christine Munthe (1692-1731), gift med sorenskrivarsonen Anders Heiberg
  • Karen Munthe (1695-1734), gift med offiseren Jens Schreuder
  • Iver Munthe (1698-1756), sokneprest i Volda
  • Barbara Margrethe Munthe (1700-1753), gift med offiseren Hans Peter Tønder
  • Helena Munthe (1702-1785), andre gong gift med offiseren Frederik Lorentz Moduit på Vangsnes i Vik

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 86-87. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 50-51.
  • Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 233. (Digital utgåve)