Ludvig Munthe (1717–1785)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 13:54 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Ludvig Munthe (fødd 16. desember 1717 i Hafslo, død 7. november 1785 i Sogndal) var son av sokneprest Christopher Munthe og Christine Ørbech. Han gifte seg fyrste gong i 1751 med Christine Kaas og andre gong 1762 med Sophie Heiberg.

Han tok teologisk embetseksamen 17. september 1746, men verka aldri som prest. Ludvig Munthe overtok delar av godset som var i Munthe-ætta og slo seg ned som proprietær på garden Årøy i Sogndal. Mellom anna overtok han ein tredel av jordegodset faren hadde ått i Jostedalen. Den eine av jostedalsgarden selde han unna i 1764 og dei seks andre i 1771 (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 21-22. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 237. (Digital utgåve)