Lulesamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Skjelterskjåg på den samiske husmannsplassen Kjelvik i Sørfold kommune.
Foto: Olve Utne

Lulesamar er fellesnamnet for dei samane som tradisjonelt held til i Lule lappmark i Sverige og i Nord-Salten i Nordland fylke. Det meir nøyaktige utbreiingsområdet i Nordland er frå Mistfjorden i Bodø kommune og Fauskeeidet i Fauske kommune og nordetter områda kring Folda og Tysfjorden. Overgangen til det markasamiske, som blir rekna til det nordsamiske området er flytande; likeleis overgangen mot det pitesamiske kring Saltfjorden. Opphavet til lulesamane i Nord-Salten inkluderer ei stor gruppe samar med tilknyting til Lule lappmark som flytta ned mot kysten da beitet svikta austom kjølen på 1700-talet. Det lulesamiske språket, som blir snakka av kring to tusen lulesamar, hører til den sentralsamiske dialektgruppa saman med nordsamisk og pitesamisk.

Galleri

Lenkjer