Lulesamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jul. 2009 kl. 10:26 av Olve Utne (samtale | bidrag) (+ litt i Arjeplog)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:11699cr lulesamisk salmebok.jpg
Lulesamisk salmebok.
Foto: Olve Utne

Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språkleg mellom nordsamisk i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særleg Sørfold, Hamarøy og Tysfjord kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlege Gällivare, Jokkmokk og delar av Arjeplog kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen.

Tospråkleg skilt ved lulesamisk barnehage i Tysfjord.
Foto: Olve Utne

Alfabet

Det moderne lulesamiske alfabetet er, med eldre former i parentes:

Aa Áá Bb Dd Ee Ff Gg Hh Ii Jj Kk Ll Mm Nn Ŋŋ (= Ńń, Ññ) Oo Pp Rr Ss Tt Uu Vv (= Ww) Ææ=Ää Åå

I tillegg kjem diftongane:

ie, oa, uo

Ein del konsonantlydar blir skrivne med to bokstavar:

dj, nj, sj, tj, ts

I tillegg blir desse bokstavane bruka i lånord:

Cc, Qq, Xx, Yy, Zz, Øø=Öö

Sjå også