Lundo på Myklestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Offersteinen i Lundo.
Foto: Knut Rage (2009)

Lundo høyrer til garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. På området er det registrert fleire gravrøyser, ei hustuft og ein stein som er tolka som ein offerstein. I tillegg vart det like etter krigen funne ein laus stein med ristingar, den såkalla runesteinen frå Myklestad.

Arkeologiske undersøkingar

Området på Myklestad, som Lundo er ein del av, vart undersøkt så tidleg som i 1888, der det vart gjort hellerfunn. Sjølve Lundo vart undersøkt på ny i 1949, like etter funnet av runesteinen, og meir grundig i 1988 - det var då ei større tuft som stod i sentrum for undersøkingane. Tufta ligg på flate Lundo, nord for ein berghammar nord for tunet på bruket og aust for kapellet ved Uggdal kyrkje, i den sørvestre kanten av flata der lendet skrår slakt ned mot nordvest, men går brattare ned mot dyrka mark i sørvest. Tufta måler ca. 18 x 5 m (nordvest-søraust) i ytre mål. Ho syner att som ei forsenking i terrenget med 80 cm høge vollar rundt som går i eitt med den kringliggjande bakken i sørvest og nordaust. Vollane er to meter breie i sør. Det er ikkje mogleg å påvisa nokon endevegg i søraust, men veggen kan ha vore inngraven i bakken. Tufta har truleg hatt opning mot nordvest. Omlag midt på langveggene kan ein kjenna stein under torva, og frå søre veggen går ei steinrekkje 1.2 m mot nordaust. Dette kan vera rester etter ein skiljevegg. I dag er tufta heilt overvaksen av gras, og det veks lauvtre på vollane.

Omlag 7 m aust for tufta er det ein knaus, og inntil den vestre kanten låg tidlegare ei gravrøys som no er bortkøyrd. Noko stein kan enno kjennast under grastorva, men det er vanskeleg å avgjera om dei skriv seg frå botnlaget i røysa. Kring 1 m nord for staden der gravrøysa låg er det ei 2 x 2 x 1.4 m stor jordfast blokk som er avflata på toppen. Blokka blir av folka på garden omtala som "alteret", og Lundo skal etter tradisjonen vera ein gammal offerstad.

Runesteinen frå Myklestad

Den såkalla runesteinen frå Lundo på Myklestad, Tysnes kommune. Steinen er ca 1.2 meter høg. Funne i eit steingjerde i nærleiken av Lundo 1949. Dei innrissa teikna er ikkje tyda, men ein tenkjer seg gjerne at det er fotsålane til grødegudinna Nerthus eller grødeguden Njord som er avbilda.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

I 1949 vart det gjort eit oppsiktsvekkjande funn i Lundo. I eit steingjerde i nærleiken av ei gravrøys vart det funne ein stein med runeteikn, eller rettare sagt såkalla gitterhelleristingar. Steinen har seinare gjerne gått under namnet "runesteinen frå Myklestad". På eine sida er det to ovale figurar. Dei minner om fotsolar, slik ein kan sjå dei på bergristingar elles. Det er godt mogleg at steinen kan ha hatt fleire teikn, ettersom den er avslegen - men det veit me ikkje. Det er også mogleg at den kan ha vore flytta frå den opphavlege staden sin. Ein student skal ha "friska opp" ristinga ved å hogga i steinen.

Steinen med gitterhelleristingar er det eine av to slike funn som er gjort i Tysnes kommune. Dei ovale figurane tolkar ein gjerne som "fotsolar" - gudinna sine fotefar. Er det gudinna Nerthus som har gått her? I røynda er det vel meir snakk om skålgroper av same slaget som finst på steinhella som kom for dagen i Ve i Tysnes, i 1926. I eit tun låg det ei dørhelle som har innhogge skålforma søkk i den øvste delen, i alt fem groper, og i midten ein oval figur - lik ein fotsole, nett som på Myklestad-steinen. Desse skålforma gropene har vore tydde som offerskåler. Her i landet finn me dei gjerne både på bergflater og på lause steinblokker. På Tysnes er det nærliggjande å tenkja på grødegudinna Nerthus eller grødeguden Njord.

Området som ein del av ein ferdslevegen

På dette oversiktskartet er det teikna opp ei mogleg ferdselsrute i den vestlege enden av Uggdalsdalen. (Illustrasjon: Svein Ove Agdestein)

Om gravrøysene, hellekista og tufta veit me lite. Men ser me området i eit større perspektiv kan me kanskje danna konturane av eit bilete: Staden må ha vore ein del av Ferdselsvegen i Uggdalsdalen. Lenger inne i dalen finst spor etter ein veg som kan vera ein av dei eldste kjende vegane i Hordaland. Vegen er fleire stader halvannan meter brei, steinsett og går over to vad. Me kan såleis tenkja oss at vegen er ein del av ein oldtidsveg mellom Onarheim og Uggdalseidet. På Årbakka på Onarheimsida finn me eit felt med bautasteiner og gravrøyser. I dag finst det få steinar att, det skal ha vore over tretti minnesmerke i alt. Kan det ha vore storfolk som vart gravlagde her, somme hauglagd og andre med steinringar og bautasteinar til ære? Ingen stader på Tysnes finst så mange minnesmerke frå same tidsrommet, dvs. eldre jarnalder, frå romartid og folkevandringstid. Tilbake i Uggdalsdalen er det funne hustufter, såleis frå folkevandringstida. Det har med andre ord vore gardsbruk, folk har budd her, dei har dyrka jorda og heldt fe. Stundom har det kome nokre over fjellet frå Onarheimsida, eller dei har sjølve gått dit i ymse ærend – ikkje berre i praktiske ærend, men også religiøse? Eller har folk kome over fjellet for å vitja Lundo? Rimeleg sikkert er det at sjoarvegen for denne eller desse gardane må ha gått over eller forbi Lundo, ned ved vatnet og vidare gjennom skogen på Myklestad til sjøen. Og det er slett ikkje urimeleg å tenkja seg at den faste vegen må ha gått framom offersteinen.

Tolking av stadnamna

Det gammalnorske ordet for Myklestad er Miklastofa, som gjerne var samlingsstader for religiøs kultus. Det finst knapt nokon stad i Uggdal-soknet - og på Tysnes, for den del - der det er gjort så rike funn som i dette området. Det kan vera interessant å sjå på namnet for garden To, som ligg tett attmed Myklestad og i eldre tid har vore ein del av det gamle Miklastofa. Johannes Heggland nemner at det vil vera naturleg å tolka namneforma som ei flate, ei hylle mellom to høgdedrag, og viser såleis til ei skriveform frå 1500-talet. Men namnet kan også ha eit anna opphav: om ein tolkar det som gno. två - å tvetta, vaska. Ein kan dermed tenkja seg at To-namnet opphavleg kjem frå vatnet, la oss seia at det kan ha bore namnet Tvettavatn.   Midt i dette området finn me Lundo - ei stor flate ovanom det gamle vatnet som ein gong i tida dekka ein god porsjon av det flate lendet ved det noverande rådhuset i Tysnes kommune. Det er ei relativt stor slette, avgrensa av knausar på begge sider. I Tysnes finn me eit liknande namn som er knytta til eit vatn som ein trur har vore åstad for religiøs kultus, Vevatn i bygda Lunde. Lund-namna viser ofte til heilage lunder.

Litteratur og kjelder

  • U. B. Årbok 1949.
  • Per Fett: Tysnes prestegjeld. Dokumentet er del av serien Førhistoriske minne i Sunnhordland - (bind-/heftenr. 8). Bergen Museum, 1954.
  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog. Utg. Tysnes Sogelag, 1964.
  • Svein Ove Agdestein, UiB: Munnlege opplysningar.
  • Brev frå Sverre Sunde (finnar) til Bergen Museum, 8/9 1949.
  • Brev frå Johs. Dahl (lokalhistorikar) til konservator Per Fett, 15/12 1953.


 


Koordinater: 60.01019° N 5.49578° Ø