Lydia Olsrud

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 22. feb. 2019 kl. 11:21 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Vaksenliv og virke)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lydiabrygga.
Foto: Zahl

Lydia Olsrud (gift Lydia Olsrud Norland) (fødd 11. desember 1884, daud 18. mai 1983) var forretningskvinne i Mosjøen frå 1927 og til omkring 1980, og gjennom det meste av tida var ho kioskeigar.

Familie

Lydia Olsrud vart fødd og vaks opp på garden Olsrud i Grane. Foreldra var Kristine Lovise Jonsdotter (f. 1850) og Svein Erik Davidsson (1840–1920), ein svensk skreddar som var kommen til distriktet grunna sølvgruvedrifta i Svenningdalen. Det har vore sagt at ho vart fødd utanfor ekteskap, men det er ikkje rett. Forelda var gifte ved folketeljinga 1875, og alle borna vi kjenner er ført i kyrkjeboka som ektefødte, inkludert Lydia og tvillingbroren Ingvald Karlén Davidsen.

Gjennom faren var ho halvsyster til forfattaren Andreas Haukland.

I 1930 vart ho gift med stavangermannen Harald Norland. Han døydde om vinteren 1945.

Vaksenliv og virke

Som nykonfirmert 15-åring fekk ho teneste hos sokneprest Ole Tobias Olsen i Hattfjelldal, og sidan flytta ho nedover til Mosjøen og fekk arbeid i forretning. I 1907 var ho med på å stifte Øvre Vefsn Ungdomslag, og ei tid var ho kasserar i laget.

I 1927 opna ho eiga forretning, og i same året kjøpte ho eigne lokale der ho selde tobakk, frukt, grønsaker og sjokolade. Somme år etter Andre verdskrigen vart lokala rivne, men då hadde ho alt kjøpt ein kiosk i Strandgata, som fram til han brann i 1976 var kjend som Lydiakiosken.

Lydiabrygga, som vart eit førebilete for restaureringsarbeidet i Sjøgata, var det lenge Lydia Olsrud som åtte.

I vår tid har næringsdrivande i Vefsn halde Lydia fram som eit førebilete for både kvinner og menn. Lydiadagen har vorte markert i Vefsn fleire gonger på 2000-talet.

Litteratur og kilder

Utgåande lenker