Lydia Olsrud

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. aug. 2011 kl. 12:48 av Marthe Glad (samtale | bidrag) (satt inn lenker til bildesider, - montro hvem man kan spørre etter brukstillatelse)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lydiabrygga.

Lydia Olsrud (òg Lydia Olsrud Norland) (fødd 11. desember 1884, daud 18. mai 1983) var forretningskvinne i Mosjøen frå 1927 til omkring 1980, det meste av tida som kioskeigar.

Lydia Olsrud vart fødd utanfor ekteskap og vaks opp på garden Olsrud i Grane kommune. Foreldra var Kristine Lovise Jensdotter og Svein Erik Davidsson, ein svensk skreddar som var kommen til distriktet grunna sølvgruvedrifta i Svenningdalen. Gjennom faren var ho halvsyster til forfattaren Andreas Haukland.

Som nykonfirmert 15-åring fekk ho teneste hos sokneprest Ole Tobias Olsen i Hattfjelldal, og sidan flytta ho til Mosjøen og fekk butikkarbeid. I 1907 var ho med på å stifte Øvre Vefsn Ungdomslag, og ei tid var ho kasserar i laget. I 1927 starta ho eiga forretning, og i 1927 kjøpte ho eigne lokale der ho selde tobakk, frukt, grønsaker og sjokolade. Somme år etter Andre verdskrigen vart lokala rivne, men då hadde ho alt kjøpt kiosken som fram til han brann i 1976, var kjend som Lydiakiosken.

I 1930 vart ho gift med stavangermannen Harald Norland. Han døydde om vinteren 1945.

Lydiabrygga, som vart eit førebilete for restaureringsarbeidet i Sjøgata, var det lenge Lydia Olsrud som åtte.

I vår tid har næringsdrivande i Vefsn halde Lydia fram som eit førebilete for både kvinner og menn.[trenger fotnote]

Litteratur og kjelder

Bakgrunnsstoff


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Lydia Olsrud» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.