Lye (Bykle gnr 2/220)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Lye
Utskilt: 1971
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 220
Type: Bustadseigedom

Lye er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Tomta ligg i bytet mellom Hovdeplassen og Der sø, på høgre sida av vegen når ein køyrer vestetter mot Breive. Ho vart utskild frå Hovdeplassen i 1971, for Ola Breivegen og kona Margit, fødd Kvaslerud, som på denne tid hadde Der sø som tenestebustad, avdi han var hovuddamvaktar for brukseigarforeninga. I 1974/75 sette dei seg opp ein ny heim her for å ha til pensjonistbustad, og då sonen Olav overtok som forpaktar på Der sø i 1976, flutte dei hit. Me har plassert hovudomtalen av dei i bolken om Der sø.

Dottera Gunn Marit, som budde ilag med foreldra, overtok huset då Margit døydde i 2003.

Gunn Marit Breivegen, f 1956, ug

Gunn Marit har vore kokke på hotell og anlegg, og m.a. vore ein periode i Longyearbyen, men seinare har ho utdanna seg til lærar og gått over i det yrket.


0941 Bykle komm.png Lye (Bykle gnr 2/220) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Plassen • Neste bolk: Bekkemo