Lyftingmovigga - Søre Vigga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
miniatyr
Foto: Kvee og husa i Nedre Lyftingmosetre (feil filnamn). (Arnfinn Kjelland).

Lyftingmovigga eller Søre Vigga ligg på sørsida av dalen omtrent rett sør for Lyftingmo i Lesja. Setervegen går opp rett bortafor Lyftingmo. Det vart bygd traktorveg i 1950-åra.

Det er fire setrar her i dag. Når vi kjem opp setervegen, kjem vi fyrst til setra til Øvre Lyftingmo ovafor vegen. Vidare kjem vi til setra til Prestrudi, på nedsida, og synst ligg setrane til Nedre og Midti Lyftingmo (nedst).

Setrane er ikkje av dei eldste i Lesja. I 1668 hadde ikkje nokon av gardane her seter. Vi trur dei bygde her ein gong på 1700-talet. I 1800 hadde dei tre Lyftingmogardane i alle fall setrar her.

Kvea til Midti Lyftingmosetre. Foto: Arnfinn Kjelland (2021)

Når Prestrudi bygde seter, er uvisst. I seterlistene frå 1931 er ikkje denne setra nemnt. Da står berre dei 3 Lyftingmosetrane. Men i 1921 forklara Hans S. Avdem, 62 år, til Høgfjellskommisjonen at det var fire setrar her. Vi trur altså Prestrudisetre er eldre enn frå 1921, kanskje frå sist på 1800-talet.

Buskapen skulle lokkast to dagar nord og attover, tre dagar sørover og to dagar attover. Om hausten lokka dei meir nedover.

Litteratur

Koordinater: 62.09245° N 8.74208° Ø