Lårdal Smørlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2019 kl. 12:53 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lårdal Smørlag blei stifta i Lårdal i Tokke kommune truleg ei gong i 1930-åra. Dette var på same tid som ei rekke andre smørlag såg dagens ljos i Vest-Telemark. Dei små og til dels avsidesliggjande gardsbruka gjorde gardssmørleveranse til den naturlege leveringsforma av smør, til fordel for å sende produksjonen langt avgarde til næraste meiere.

Det er ikkje så mykje ein veit om smørlaget i Lårdal, men Knut H. Haatveit som budde på Mæland i Øvre Lårdal var formann kring 1955.[1] Lårdal Smørlaget vart nedlagt i 1960.[2]

Arkiv

Delar av arkivet etter Lårdal Smørlag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Referansar

  1. Norske gardsbruk, 1955, s. 1028.
  2. Samuelsen, 1994, s. 69.

Kjelder

  • Norske gardsbruk : Telemark fylke. 2, Oslo : Forlaget norske gardsbruk, 1955. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Samuelsen, Finn, Mjølk og organisasjon i sør : en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark, Kristiansand : Meieriet sør, 1994. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Oppføring på arkivportalen.